Hopp til innhold

Carlsen meiner han ikkje er den beste i historia – ekspert peikar på mogleg «mangel»

Magnus Carlsen tok torsdag sitt 16. VM-gull i karrieren. Men han held på Garri Kasparov som den største i sjakkhistoria.

Magnus Carlsen Samarkand

GULLGROSSIST: Jakta på VM-gull nummer 17 startar fredag for Magnus Carlsen. 

Foto: Lennart Ootes / Fide

Det var i eit intervju med YouTube-profilen GothamChess førre veke at Carlsen vart spurd kven han meinte var «GOAT» – den største gjennom alle tider - i sjakken.

Svaret kom raskt.

– Eg synest Kasparov er den beste gjennom alle tider, sa Carlsen, som frå 2009 til 2010 hadde Kasparov som trenar.

Carlsen Kasparov

AVSLUTNINGA: Kasparov og Carlsen skilde lag i 2010. 

Foto: Heiko Junge / NTB

På pressekonferansen etter VM-gullet i hurtigsjakk torsdag, spurde NRK kva som skal til for at han sjølv skal sjå på seg sjølv som den største sjakkspelaren i historia – og om det er eit mål for han å bli det.

– Det er vanskeleg å tenkja for mykje på det medan du framleis er aktiv. Eg har alltid sagt at eg synest Garri er den største spelaren som nokosinne har levd, og for min eigen del ... La meg halda fram med å spela spelet eg elskar i nokre år til, og så får me sjå, seier han med eit smil.

Slik såg det ut då Carlsen og Kasparov møttest for første gong i 2004:

Magnus Carlsen og Gary Kasparov

Avslører ukjende detaljar bak viralt klipp: – Eg vart litt redd

Verdseinar i tolv år på rad

Ein som ikkje er i tvil kven han synest er den største sjakkspelaren i historia er Johan-Sebastian Christiansen. 25-åringen held ein knapp på den åtte år eldre landsmannen frå Lommedalen.

– Kasparov herja over ein lang periode og vann alt knusande utan nokon motstand. Men det er poenget. Motstanden i dag er på eit ekstremt mykje høgare nivå enn det var før i tida, meiner Christiansen.

– I dag er det så vanvitig nivå. Ikkje berre blant toppeliten, men Magnus ville hatt det tungt mot folk på nivået mitt også i eit langsjakkparti. Slik var det ikkje før. Då var Kasparov knusande og i dag er det knallhardt å vera nummer éi over så lang tid, seier han vidare.

Carlsen toppa verdsrankinga i klassisk sjakk for første gong i januar 2010 og har vore nummer éin på rankinga samanhengande sidan juli 2011.

Da flagget skulle heises til topps i Usbekistan for å hedre verdensmester i sjakk, Magnus Carlsen, gikk det galt.

Då flagget skulle heisast til topps i Usbekistan for å heidra verdsmeister i sjakk, Magnus Carlsen, gjekk det gale.

Meir fokus på «kosesjakk»

Carlsen sa i fjor sommar nei til ein ny VM-kamp i klassisk sjakk, etter at han først tok tittelen i 2013 og så forsvarte han fire gonger.

På pressekonferansen i forkant av VM i hurtig- og lynsjakk var Carlsen klar på at det truleg må ei endring av formatet til for at han skal prøva seg på VM-tittelen i klassisk sjakk igjen.

Christiansen omtaler det som at Carlsen no speler meir «kosesjakk», med fokus på spel med kortare tenkjetid som hurtig- og lynsjakk.

Sidan Carlsen sa frå seg sjansen til ein ny VM-kamp i klassisk sjakk, har han no teke to VM-gull i hurtigsjakk og eitt VM-gull i lynsjakk. Fredag og laurdag ventar ein ny VM-sjanse i lynsjakk for Carlsen.

– Han er alltid i toppen. Han vil alltid vera favoritt i alle meisterskapar han stiller i, og gong på gong så vinn han. Eg meiner det er meir imponerande enn det Kasparov har gjort, seier Christiansen.

Magnus Carlsen Samarkand

GODT GREP PÅ MOTSTANDARANE: Carlsen var ikkje i trøbbel i nokon av hurtigsjakkpartia i VM. 

Foto: Lennart Ootes / Fide

Trur ingen vil vera på same nivå på ti år

Nordmannen trur Carlsen kan halda nivået i lang tid framover, så framt han ikkje tek større pausar frå sjakken.

– Så lenge han speler i ny og ne, så ser eg ingen dei neste ti åra som kan bli betre enn han eller komma på same nivået som han.

– Ti år? Det er mange gode og yngre spelarar no?

– Det er mange gode, men dei klarer ikkje å få den siste delen. Dei kan bli topp fem, men ingen klarer å bli slik som Magnus, meiner Christiansen.

Samarkand-dag1

IMPONERT: Johan-Sebastian Christiansen trur det tek lang tid før nokon kan utfordra Carlsen. 

Foto: Helge Tvedten / NRK

Meiner begge har revolusjonert sjakken

NRKs sjakkekspert Atle Grønn sa i eit intervju med NRK i forkant av meisterskapane at han meinte ein kan argumentera for Carlsen som den største.

– Viss ein berre ser på klassisk langsjakk, så er eg samd i at Kasparov er den største. Det trur eg ikkje Carlsen klarer gjera så mykje med. Kanskje viss han gjer comeback og tek ein VM-tittel til, sa han, og heldt fram:

– Eg synest hovudforskjellen er at han har teke hurtig- og lynsjakk på eit heilt anna nivå enn Kasparov.

Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) arrangerte eit VM i hurtigsjakk – eller «aktiv sjakk» som det vart kalla den gongen – for første gong i 1988. Den gong sa Kasparov nei til å delta.

Han var med i neste VM-utgåve anerkjend av Fide i 2001, der han tok karrierens einaste VM-gull i hurtig- og lynsjakk.

Kazarian

Full krangel om luksussko – dommarane sjekka Wikipedia

I klassisk sjakk står Kasparov med seks VM-gull, mot Carlsens fem. Rett nok kom to av dei seks i ein periode der Kasparov hadde splitta med Fide og derfor arrangerte eigne VM-kampar.

Carlsen har også den høgaste offisielle ratingen i klassisk sjakk i historia, med 2882 poeng, mot Kasparovs 2851 poeng.

– Carlsen revolusjonerte sjakken gjennom å fokusera på lyn- og hurtigsjakk og på internett. Kasparov revolusjonerte sjakken gjennom opningsteori. Der vil Carlsen aldri kunna ta igjen Kasparov, sa Grønn.

Kva står att?

Sjakkeksperten peika samtidig på eit anna område der Carlsen kan styrkja aksjane sine med tanke på å bli rekna som den største sjakkspelaren i historia.

– Det som står att for han er at han dominerer i fischersjakk og eit eventuelt comeback i langsjakk, sa Grønn.

Førebels står Carlsen med ein andreplass og ein tredjeplass i VM i fischersjakk. Ein ny sjanse ventar etter planen i 2024.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal