Hopp til innhold

Carlsen med oppsiktsvekkjande intervju: – Ein kommentar som er ganske forferdeleg

Magnus Carlsen har aldri vunne verdscupen i sjakk. Etter at han nesten rauk ut torsdag, kalla han klassisk sjakk «stressande og kjedeleg».

Magnus Carlsen

OVERRASKA: Magnus Carlsen slo til med eit par overraskande sitat torsdag.

Foto: Carina Johansen / NTB

– For å vere ærleg: Å gå vidare i verdscupen er éin ting. Men ærleg talt så har eg nesten heilt frå første dag lurt på kva eg gjer her, seier Carlsen i eit intervju med Det internasjonale sjakkforbundet (Fide), og følgjer opp:

– Kvifor bruker eg all denne tida på å spele klassisk sjakk, som eg synest er stressande og kjedeleg?

Nordmannen har vunne det meste som kan vinnast i sjakkverda, men verdscupen i sjakk har han aldri vunne. På fire tidlegare deltakingar er to tredjeplassar hans beste resultat i turneringa.

Verdscupen blir spelt som ein rein utslagsturnering, der spelarane speler to parti mot kvarandre i klassisk sjakk. Eit eventuelt omspel held så fram med hurtig- og eventuelt lynsjakk.

I årets turnering, som starta i Baku 30. juli, har Carlsen slått ut Levan Pantsulaia og landsmannen Aryan Tari på veg til fjerde runde. Der tapte han den første av to parti mot tyske Vincent Keymer onsdag.

Carlsen måtte dermed vinne partiet torsdag for å sikre eit omspel, noko han til slutt klarte. Men utan å imponere stort. I intervjuet med Fide beskriv han sjølv korleis han trudde det heile var over etter å ha eit dårleg bondetrekk.

– Då tenkte eg: «Det var den verdscupen». Så då gjekk eg på toalettet. Meir i vantru enn noko anna, seier han.

Redninga til Carlsen var at Keymer hamna i tidstrøbbel. Etter eit par feil frå tyskaren, vann Carlsen partiet. Dermed skal dei to møtast til eit omspel fredag for ein plass i femte runde (åttedelsfinale).

– Ville ikkje vore skrive av ein PR-rådgivar

NRKs sjakkekspert Atle Grønn humrar nærast når han snakkar om Carlsens intervju.

– Han er alltid upolert og ærleg, men han kjem jo med ein kommentar som for sjakken og for arrangøren er ganske forferdeleg å få, seier Grønn.

Grønn meiner Carlsen i alle år nytta sin posisjon som verdseinar og sjakkstjerne til å promotere sjakken, men seier kommentaren torsdag er noko som «sjokkerer oss alle noko».

– Ein kan seie at det er ein viss underhaldningsverdi i slike utsegn som han kjem med, men eg må innrømme at det var litt drygt å høyre det frå den fremste sjakkspelaren i verda, seier Grønn.

Norges Sjakkforbunds kongress, Atle Grønn

SJAKKEKSPERT: Atle Grønn.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sjakkeksperten meiner Carlsen har rett i at klassisk sjakk kan vere kjedeleg, men:

– Han er litt slurvete når han kallar det kjedeleg. Det har ikkje vore kjedeleg her i partia hans. Den setninga der trur eg ikkje ville vore skrive av ein PR-rådgivar, seier Grønn.

Grønn peikar vidare på at «kjedeleg» også kan spele på dei dårlege resultata til nordmannen i Norway Chess i sommar.

Der vann han ikkje eit einaste av dei ni partia som vart spelte i klassisk sjakk (åtte gonger remis og eitt tap).

Les også Ekspert reagerer på «Carlsen-brev» til Ukraina: – Jeg gadd ikke å lese brevet

Norway Chess

– Ikkje ein god sinnstillstand

For Carlsen vart nesten-exiten ei påminning om at han tidlegare har slite i verdscupen.

– Det er ikkje ein god sinnstilstand. Du må først og fremst prøve å gjere det bra. Men det var tankane mine i går (onsdag), at viss eg ryk ut i morgon (torsdag), så vil det vere ei ny audmjuking i verdscupen, seier Carlsen.

– Eg veit at eg vil gløyme det om nokre dagar, men det er ikkje heilt ideelt. No har eg fått mitt første skremmeskot og det blir eit omspel i morgon (fredag) som sikkert vil bli utfordrande. Men eg er framleis med, noko eg er glad for, seier han.

Omspelet mot Keymer starta 13.00 fredag og enda i remis. Dermed måtte dei ut i eit nytt omspel. Der tok vann Carlsen og tok seg med det vidare i turneringa.

Finalen i turneringa blir spelt 22. og 23. august, med eit eventuelt omspel 24. august.

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Forlenger med storklubben – får superlønn

    Travis Kelce tar to nye år hos Superbowl-mester Kansas City Chiefs. Den amerikanske NFL-stjernen, som også er kjent som Taylor Swifts kjæreste, har signert en avtale som gir ham hele 34,3 millioner dollar, eller 378 millioner kroner etter dagens kurs. Det opplyser NFL selv på sine nettsider, ifølge danske Ritzau.

    Kelce, som er tight end, har spilt 11 sesonger i NFL. Avtalen gjør han til en av de best betalte spillerne i denne posisjonen.

    Travis Kelce
    Foto: PATRICK T. FALLON / AFP
  • Superstjerne mistet sønnen – delte hjerteskjærende innlegg

    Kameruneren Francis Ngannou har vært en stor stjerne innenfor kampsporten i lang tid. Nå mottar Ngannou støtte fra en hel idrettsverden etter at det ble kjent at han har mistet sin 18 måneder gamle sønn.

    – Jeg ropte navnet hans igjen og igjen, men han responderte ikke, skriver han i et innlegg på X.

    – Hvordan håndterer man en slik ting? Hvordan kan du leve med det? Vær så snill å hjelp meg om du har noen ideer – for jeg vet virkelig ikke hva jeg skal gjøre og hvordan jeg skal håndtere dette, fortsetter han.

    Det er foreløpig ikke kjent hva som er årsaken til sønnens bortgang.

    Ngannou er tidligere UFC-mester i tungvektsklassen. Han byttet senere til boksing. Nylig møtte han Anthony Joshua i ringen.

    Francis Ngannou
    Foto: DANIEL LEAL / AFP
  • Lillebergs Tampa Bay tapte stort – ute av NHL-sluttspillet

    Emil Martinsen Lilleberg og Tampa Bay Lightning tapte mandag 1-6 mot Florida Panthers i årets NHL-sluttspill. Dermed er NHL-sesongen over for Lilleberg.

    Florida Panthers ledet 3-1 i kamper i årets NHL-sluttspill, hvor det spilles best av sju. Dermed var det «vinn eller forsvinn» for Emil Lilleberg og hans Tampa Bay i nattens kamp i Florida.

    Det endte med «forsvinn». Dermed var det Florida Panthers tok seg videre til andre runde av NHL-sluttspillet.

    Emil Lilleberg fikk 18 minutter og 7 sekunder på isen.

    (NTB)

    Lightning Panthers Hockey
    Foto: Wilfredo Lee / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal