Hopp til innhold

Carlsen med «frekk» melding: – Så nær å runde spelet som mogleg

Merittlista til Magnus Carlsen vart nærast komplett då han nyleg vann verdscupen i sjakk. No forklarer han meldinga som gjekk viralt etter sigeren.

Norway Chess

VINNAR AV VERDSCUPEN: Denne veka vann Magnus Carlsen verdscupen i sjakk, det siste trofeet som mangla i premieskapet.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Det kjennest veldig, veldig godt, seier Magnus Carlsen.

Det har no gått vel ei veke sidan den norske verdsstjerna utklassa Rameshbabu Praggnanandhaa i to omspelsparti i verdscup-finalen.

I dette NRK-intervjuet fortel Carlsen at akkurat denne sigeren smakte spesielt godt.

– Det er få ting eg har hatt meir lyst til å vinne enn det her dei siste par åra. Så det er ei kjempegod kjensle, seier nordmannen.

– Samlinga komplett

Etter at sigeren var eit faktum, publiserte han følgjande «frekke» melding på X/Twitter:

Magnus Carlsens melding på X/Twitter etter at han vant verdenscupen i sjakk.
Faksimile: Skjermdump X/Twitter

I meldinga skriv Carlsen: «Sjakk?», etterfølgd av ein GIF med teksten «fullført det». Meldinga har fått fleire enn 43.000 likes og har i skrivande stund vorte sett av 1,7 millionar brukarar.

– Kva meinte du med den meldinga?

– Berre at dette på ein måte var det einaste store i klassisk sjakk som eg ikkje har vunne. No er den samlinga komplett, det er eg veldig fornøgd med, fortel Carlsen.

– Har du rett og slett runda sjakken?

– Ja. Klassisk sjakk i alle fall. Det er klart det er alltid ting ein kan oppnå, men eg har komme så nær å runde spelet som det er mogleg, kjenner eg, fortel Carlsen med eit breitt smil.

– Største sjakkspelaren i verda gjennom tidene

I lista over Carlsens merittar finn ein mellom anna fem VM-gull i klassisk sjakk, fire VM-gull i hurtigsjakk og seks VM-gull lynsjakk.

Sjakkekspert Torstein Bae beskriv sigeren for «ein fantastisk prestasjon».

– Når ein ser på alle triumfane hans, verdscupen, verdsmeisterskap, langsjakk, hurtigsjakk, lynsjakk og så vidare. Det er ikkje lengre nokon annan måte å sjå det på enn at Magnus Carlsen er den største sjakkspelaren i verda gjennom tidene, konkluderer Bae overfor NRK.

Konfrontert med sjakkstjernas utspel om at han har runda den klassiske delen av sjakken, svarar Bae følgjande:

NRKs sjakkekspert Torstein Bae avbildet i sjakkstudio på Marienlyst

KLAR TALE: Sjakkekspert Torstein Bae er krystallklar på at Magnus Carlsen er den største sjakkspelaren gjennom tidene.

Foto: Lars Bryne / NRK

– Det er klart han har runda sjakken på ein måte, han har vunne absolutt alt. Det kunne ein kanskje sagt før dette òg, at han kunne med godt samvit trekkje seg tilbake. Samtidig trur eg han er sugen på å vinne endå meir.

Men kva står att eigentleg å vinne for Lommedalens sjakkess?

– Det eine som han ikkje har vunne er VM i Fischersjakk. Så det er kanskje einaste vi framleis kan seie at står att. Vi håpar det skal bli eit nytt VM til våren. Elles så er det store for Magnus VM i hurtigsjakk og lynsjakk, som har kolossal prestisje, fortel Bae.

Samtidig trur sjakkeksperten at det berre er eit tidsspørsmål før Carlsen, som allereie har sagt at han ikkje vil spele VM i langsjakk, trekkjer seg heilt ut av turneringsformatet.

Overfor NRK stadfestar Carlsen at motivasjonen for langsjakk er liten, men at han ikkje er heilt ferdig med det, heilt endå.

– Eg vil nok først og fremst spele når eg kjenner det er litt spesielle høve. Gjerne om det er sosiale grunnar, litt meir for moro skuld, fortel Carlsen.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Bunnsolide Arsenal tok tilbake tabelltoppen – slo byrival uten Ødegaard

    Lørdag kveld fikk Fulham besøk av serieleder og byrival Arsenal.

    I London-derbyet var det Arsenal som var sterkest. Leandro Trossard sørget for kampens eneste mål etter timen spilt.

    Belgierens avgjørende scoring kom etter et hjørnespark.

    Arsenal fortsetter å være bunnsolide defensivt. Så langt i Premier League-sesongen har de kun sluppet inn tre mål på åtte kamper.

    Seieren sendte London-klubben tilbake på toppen av tabellen i den engelske toppdivisjonen.

    De ligger tre poeng foran Manchester City, som gikk forbi Arsenal etter 2-0-seieren over Everton tidligere lørdag.

    Martin Ødegaard var ikke med for serielederne. Han er ute i en god stund fremover grunnet en leddbåndsskade han pådro seg mot West Ham.

    Arsenal-trener Mikel Arteta har tidligere uttalt at Ødegaard kan være uaktuell til etter den kommende landslagspausen i november.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Andrew Boyers / Reuters / NTB
  • Skadesmell for Brann da de knuste Haugesund

    Etter 24 minutters spill mellom Brann og Haugesund ble Brann-spiller Niklas Castro (29) liggende mens han holdt seg til baksiden av låret.

    Etter litt behandling måtte kantspilleren byttes ut.

    – Det er blytungt for Brann, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen, som kommenterte kampen.

    Til tross for skaden på en viktig spiller fikk ikke Brann det særlig tøft mot Haugesund.

    To mål fra Bård Finne og to fra Eggert Aron Gudmundsson sørget for 4–0-ledelse til hjemmelaget.

    Fem minutter før full tid fikk Haugesund et trøstemål signert Sory Diarra.

    Brann vant 4–1 og er fortsatt med i gullkampen i Eliteserien.

    Det er i hvert fall gode muligheter for det, skal vi tro Branns egne hjemmesupportere, som sang «Gullet skal hem» i andre omgang.

  • Verstappen vant sprintløpet i Austin – tok innpå i VM-racet etter McLaren-krasj

    Max Verstappen vant sprintløpet i USAs Grand Prix i Austin og tok innpå McLaren-duoen som fører an i kampen om VM-tittelen.

    Lagkameratene Lando Norris og VM-leder Oscar Piastri kolliderte i starten og røk ut av løpet. Dermed tok Red Bull-fører Verstappen inn åtte poeng på begge to.

    George Russell i Mercedes ble nummer to, Carlos Sainz i Williams nummer tre og Lewis Hamilton i Ferrari nummer fire.

    Verstappen var ganske nylig håpløst distansert i VM-kampen, men han har tatt kraftig innpå og er nå bare 55 poeng bak ledende Piastri. Det gjenstår seks VM-runder, og spenningen lever for fullt.

    Verstappen har vunnet VM sammenlagt de fire siste årene.

    Lørdag kveld er det kvalifisering til hovedløpet i Austin, der det er 25 poeng til vinneren. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal