Hopp til innhold

Frida Maanum (22) har imponert den svenske trenaren sin Jonas Eidevall i Arsenal etter overgangen i sommar. På kort tid har ho etablert seg i førsteellevaren i londonlaget.

Women's Super League - Arsenal v Everton

SUKSESS I ARSENAL: Landslagsspelar Frida Maanum har gjort det bra etter at ho kom til Arsenal.

Foto: Andrew Couldridge / Reuters

Frida Maanum forlét svenske Linköping til fordel for Arsenal.

Og den norske spelaren ser ut til å stortrivast i klubben.

– Det er noko heilt anna enn det er i Noreg og Sverige. Ein merkar kor mykje fotballen betyr her, seier ho om overgangen frå svensk og norsk fotball.

Førre søndag briljerte ho med ei skåring som fekk ekspertane til å leite fram superlativa i kampen mot Everton. Arsenal-legenda Ian Wright er ein av dei som har fått med seg skåringa.

– Du var heilt fantastisk i dag, har han kommentert på Maanums Instagram-konto.

– Reaksjonane har vore overveldande, seier ho om tilbakemeldingane etter den skåringa.

Maanum skåra òg Arsenals einaste mål i meisterliga-tapet for Barcelona (4-1).

– Det har vore ei fin tid. Eg har fått eit stort ansvar i laget som eg trivst godt med, fortel ho om tida i klubben så langt.

– Verkeleg imponert meg

Svenske Jonas Eidevall tok over Arsenals kvinnelag denne sesongen etter å ha trena Malmö-klubben FC Rosengård.

Eidevall fortel at han merka seg Maanums kvalitetar allereie då ho spelte i Linköping.

Ein av dei første tinga han gjorde som ny trenar var å hente Maanum til klubben. Deretter gjekk ho så å seie rett inn på førsteellevaren.

Han er derfor ikkje overraska over at Maanums skotfot kan levere slike drøymetreff.

– Nei, ikkje overraska i det heile. Eg hadde nesten forventa at det skulle komme ein slik fulltreffar litt tidlegare enn det gjorde. Ho har hatt fleire av dei på trening, seier han.

Han skryter av speleforståinga til 22-åringen og hennar speleintelligens.

– Ho er veldig, veldig dyktig til å sjå situasjonar på bana. Det har verkeleg imponert meg. Eg visste ho var bra, men ho var betre enn eg hadde forventa, innrømmer han.

Women's Super League - Arsenal v Chelsea

Jonas Eidevall tok over Arsenals kvinnelag denne sesongen.

Foto: Peter Cziborra / Reuters

– Positivt overraska

Så langt har Eidevall vore ein suksess i klubben.

Arsenal tronar øvst på tabellen etter fem kampar, med full pott. Laget er tre poeng føre Guro Reiten og Maren Mjeldes Chelsea.

Den ferske Arsenal-trenaren veit at det er nødvendig med slike resultat for at spelarar som Maanum blir verande i klubben. Før overgangen til Arsenal, gjekk mellom anna rykta om at Everton skulle ha sikra seg underskrifta til Maanum.

– Eg håpar at vi skal kunne behalde dei spelarane vi ønskjer å behalde. Men det krev at vi investerer og at vi er ein av toppklubbane i England og dessutan vise til gode resultat i meisterligaen. Eg trur at vi har potensial til å vere ein slik klubb. Får vi til det, trur eg at Frida blir verande, kommenterer han.

Og så langt har samarbeidet mellom Eidevall og Maanum gått svært bra.

– Han har teke meg veldig godt imot frå dag ein. Vi var begge nye på laget. Han er ein veldig fin person og ein god trenar, som også gir resultat, understrekar Maanum.

– Mange er positivt overraska over Frida. Det ein ofte høyrer når folk pratar om henne er kor moden ho er i spelet sitt, trass sin unge alder, seier trenaren om den norske spelaren sin.

VM-kvalifisering i fotball for damer: Norge - Armenia

Frida Maanum og Caroline Graham Hansen på landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Har vakse som speler

Noregs landslagssjef Martin Sjögren meiner Maanum har teke store steg som spelar etter at ho gjekk til Arsenal i sommar.

– Vi på landslaget merkar at ho har teke ytterlegare steg i utviklinga etter at ho kom til ein tøffare kvardag. Det har hatt ein positiv effekt på Frida, seier Sjögren.

– Frida har prestert veldig godt og ein ser at ho har vakse som spelar. Det er veldig positivt for oss på landslaget, også.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp beskriv Maanums overgang til Arsenal slik:

– Eit heilt fantastisk og eit riktig steg, seier han.

– Ho var moden for det. Eg synest ho har vore den beste spelaren på landslaget dei siste to–tre kampane.

Arsenals kvinnelag har vunne den engelske ligaen heile 15 gonger, seinast i 2019. Laget har òg ein meisterligatittel å vise til frå 2007.

– Det er ein veldig riktig stad å vere for henne no. Men ho kan ta endå eit steg vidare om ikkje såg altfor lenge, trur eg.

Noreg spelar VM-kvalifiseringskamp mot Polen torsdag kl. 19.15.

Siste nytt

  • Jubileumsfeiring for svensk ishockey-profil

    Victor Hedman spilte natt til tirsdag sin 1000. kamp i grunnspillet i NHL og sammen med lagkameratene i Tampa Bay Lightning kunne han feire for en 4-0-seier hjemme mot Dallas Stars.

    Hedman er den 17. svensken som når milepælen i verdens gjeveste ishockeyliga.

    Forsvarsspilleren har vært med på å vinne Stanley Cup (NHL-sluttspillet) to ganger med Tampa Bay Lightning, en klubb han først kom til i 2009.

    – Å få ha med hele familien ut på isen og høre alle hyllestene - jeg kan ikke helt tro at jeg får være med på dette. Det hadde jeg aldri trodd i mine yngre dager. Det føles nesten litt uvirkelig, sier Hedman til Aftonbladet.

    Mats Zuccarello er til sammenligning den nordmannen med flest kamper i NHL. Han står med 788 kamper i grunnspillet.

    Victor Hedman
    Foto: Chris O'Meara / AP
  • Strand Larsen reddet sårt tiltrengt Celta Vigo-poeng

    Celta Vigo har ikke vunnet en ligakamp på ti strake ligakamper siden 1. september. Mandag ble det 1-1 og ett poeng mot Cadiz takket være landslagsspiss Jørgen Strand Larsen.

    Celta Vigo er i akutt poengnød i spansk fotball. Åtte poeng på de første 14 kampene var fasiten foran mandagens hjemmekamp. Sist det så like mørkt ut på samme tidspunkt i sesongen var helt tilbake i 1943.

    Mandag havnet Strand Larsen og lagkameratene også bakpå da Christopher Ramos sendte gjestene Cadiz i ledelsen etter kun 16 minutters spill.

    Tolv minutter etter pause satt utligningen signert Strand Larsen. Et innlegg inn foran mål havnet hos nordmannen på bakerste stolpe, og østfoldingen skled ballen inn i nettet.

    Nordmannen ble byttet ut på overtid.

    Det ene poenget betyr at Celta Vigo fortsatt er under nedrykksstreken. Trøsten er at det skiller kun to poeng opp til Mallorca på trygg grunn.

    (©NTB)

    Jørgen Strand Larsen
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Fanny Jahre er død

    Konen til Espen «Shampo» Knutsen, Fanny Jahre, er død.

    Det kommer frem i en dødsannonse i Aftenposten. Hun døde uventet 28. november, 45 år gammel.

    «Et hjerte av godhet har sluttet å slå. Savnet og minnene vil for alltid bestå.», skriver familien.

    Paret giftet seg 30. desember i 2012 og flyttet tidligere i år til Sveits, hvor Jahre døde. Sammen har de barna Marius (11) og Mille (9).

    Knutsen er en av tidenes beste norske ishockeyspillerne og spilte nesten 200 NHL-kamper for Columbus Blue Jackets og Anaheim Mighty Ducks. Senere har han vært trener for Vålerenga Hockey i to perioder.

    Jahre er datter av skipsreder Jørgen Jahre jr. og Kari Anette Jacobsen og spilte tidligere håndball for Runar.

Sendeplan

Kl. Program Kanal