Tre gonger i andre omgang ropa Brasil på straffespark. Alle tre gongane var det usemje mellom ekspertane. Men dommaren vinka krava vekk kvar gong.
NRKs ekspertar Carl-Erik Torp og Lise Klaveness var også samde om at Brasil blei snytt for straffespark.
Elles var meiningane delte.
Her vil Neymar ha straffe:
Og her:
– Fy flate for ein kamp
Kvartfinalen blei ein kamp der det skjedde noko heile tida.
– Fy flate for ein fotballkamp dette har vore, ropte NRKs Egil Olsen ut då fløyta gjekk.
Det var først og fremst Romelu Lukaku som stod bak Belgias to mål før pause.
– Lukaku har vore den store spelaren for meg denne omgangen, sa NRK-kommentator Carl-Erik Torp i pausen.
– For meg er det Eden Hazard som er banas beste, sa Egil Olsen. – Eg visste han er god, men eg har aldri sett han så god.
Men Brasils stjerne Neymar fekk ikkje mykje til. Han blei svært effektivt og godt passa på av Thomas Meunier, klubbkamerat i Paris Saint-Germain.
Brasil har framleis problem med Europa
Brasil har alltid problem mot europeiske nasjonar i VM. Det blei endå verre i kveld.
Belgia scora på sin første sjanse, og det var ikkje eingong ein belgisk spelar som gjorde det. Nacer Chadli la corneren, den landa på skuldra til Fernandinho og spratt i mål.
Dette var det 11. sjølvmålet i årets VM. Det nærmar seg dobling av den gamle rekorden på 6 frå 1998.
Då hadde Brasil allereie avslørt store feil i Belgias forsvar, og Thiago Silva hadde ein ball i stolpen.
Men Belgias andre var verken flaks eller uhell. Brasil hadde corner, og Belgia kontra. Romelu Lukaku gjorde grovarbeidet, la ut til Kevin De Bruyne som tok ballen med seg eit par steg og sende ein rakett i motsett hjørne. Då blei han målscorar nummer 100 i årets VM.
– Flatterande
– Det er flatterande. Brasil har hatt mange sjansar, og dei må slutte å gi vekk kontringar, sa NRKs Egil Olsen i pausen.
– Dette blir ei mental øving for Brasil, sa Lise Klaveness i NRKs studio før andre omgang. For laget har sleppt inn mål berre i seks av 25 kampar under trenar Tite.
Brasil gjekk ut i hundre etter pause, skapte mange sjansar og var på kanten til å få straffe to gonger. Den siste brukte dommaren nesten eit minutt på å studere før han bestemte seg for at det ikkje var straffe.
Kvarteret før slutt: Brasils press gav resultat. Philippe Coutinho la inn, og Renato Agustos heading sat heilt inne ved stolpen. Kampen levde i beste velgåande allereie, no blei han elektrisk.
– Eg trur aldri at Brasil har skapt så mange sjansar i ein kamp, sa Drillo.
Det blei fleire. Fire minutt på overtid fyrte Neymar mot krysset, og berre ei av VMs finaste redningar av Thibaut Cortouis hindra utlikning og ekstraomgangar. Courtois hadde 10 redningar i kampen, ei meir enn i dei fire første kampane til saman.
Brasil hadde 26 angrep i kampen, Belgia berre 8. Likevel er det Belgia som er i semifinalen – sin andre i VM, 32 år etter den første.
– Eg kunne ikkje bli meir stolt. Gutane mine gjorde alt til perfeksjon, sa ein Belgias trenar Roberto Martinez. Han fekk nesten ikkje fram ord etter sigeren og semifinaleplassen.
Sjanse til Brasil
Sjanse til Brasil
0:15Selvmål sender Belgia i ledelsen
0:18Belgia dobler ledelsen
0:14Neymar faller - vinker spillet videre
0:22Brasil reduserer
0:28Neymar vil ha straffe
0:27Sjekk den redningen - Courtois redder skudd fra Neymar
0:23