Hopp til innhold

Løpet er så brutalt at alle gav seg før dei hadde komme halvvegs

400 kilometer lange «Gaea Norvegica Trail» vart for tøft for alle deltakarar. – Eg klarar ikkje å påføre meg sjølv meir smerte, sa Jørgen Grøndal då han gav seg etter 170 kilometer.

Yngve Øyeflaten

FERDIG: Yngve Øyeflaten sa stopp etter 100 av 400 kilometer. Då sa ankelen stopp.

Foto: Bèrghem Ultrarunners Club

Løpet starta måndag, og går over 400 kilometer frå Hamar til Oslo. Det er Noregs lengste ultraløp, og det er så tøft at berre fire løparar stilte til start.

– Det er heilt vanvettig ekstremt med utruleg fin natur. Det er ei stor utfordring fysisk og mentalt, og det handlar om å halde det gåande og heile tida motivere seg for å halde fram. Det er skikkeleg smerte i kvart skritt, fortel Yngve Øyeflaten.

Han gav seg etter 100 kilometer. Då hadde førstemann allereie hoppa av. Jørgen Grøndal heldt ut lengst. Han kom seg til det andre av tre sjekkpunkt undervegs, men då gjekk det på helsa laus.

– Eg har aldri hatt det så vondt før. Dette er slutten for meg, eg har ikkje sjans. Det er så vondt. Eg klarer ikkje å påføre meg sjølv meir smerte, sa han då han kom til sjekkpunktet.

Jørgen Grøndal gaea norvegica trail

FERDIG: Jørgen Grøndal sit i ein stol etter 170 km i løypa. Det var nok.

Foto: Bèrghem Ultrarunners Club

– Føtene blir øydelagde

Han leia løpet med god margin, men hadde over 200 kilometer igjen.

– Eg held på å bli galen i hovudet. Eg har prata så mykje med meg sjølv. Det var for vondt, og eg trur eg har funne grensa mi for kor lenge eg kan påføre meg sjølv smerte.

Dette er første gong løpet arrangerast sidan 2017. Då klarte to løparar å slite seg 400 kilometer frå Oslo til Hamar. I år gav siste løpar seg på 170 kilometer.

Øyunn Bygstad

MØRE FØTER: Slik så Øyunn Bygstads fot ut etter 400 kilometer i 2017-utgåva av løpet.

Foto: Fulvio Øksendal

– Å fullføre på første forsøk er heilt vanvettig, eg klarer ikkje å fatte det. Eg trur ikkje eg har forståing for kor mykje smerte som venta meg, seier Grøndal.

– Sånt skjer. Det handlar mykje meir om viljestyrke, seier Fulvio Øksendal, som arrangerer løpet gjennom klubben Bèrghem Ultrarunners Club.

Han fortel at dei undersøkjer løparane ved kvart sjekkpunkt for å sjå om dei er i stand til å springe vidare, både fysisk og psykisk.

– Føtene blir øydelagde uansett. Du kan ikkje stoppe vassblemmene, seier Øksendal.

– Eg har sikkert gått 30–35 timar i vatn. Det er veldig mykje blemmer, og eg prøvde å fikse det undervegs med å skjere i dei. Føtene er ganske stygge no, men dei har sett verre ut. Det var 220 kilometer igjen då eg gav meg kor sikkert 180 kilometer er i myr. Føtene hadde nok ikkje vorte betre, seier Jørgen Grøndal og ler.

Benny Keuppens og Yngve Øyeflaten

GAV SEG TIDLEG: Benny Keuppens (til venstre) gav seg etter 60 kilometer. Yngve Øyeflaten pådrog seg ein skade og avbraut etter 100 kilometer.

Foto: Bèrghem Ultrarunners Club

Leiteaksjon

Det kunne likevel vorte meir dramatisk i 2020-utgåva av Gaea Norvegica Trail; klokka 20 onsdag kveld starta ein leiteaksjon etter siste utøvar. Øksendal fekk ikkje kontakt med finske Karim Lahmini, og GPS-sporinga viste at han hadde stått stille i fleire timar.

Det var mørkt, og han var i eit område utan mobildekning.

– Eg var ordentleg bekymra, seier Øksendal.

Lahmini hadde gått tom for straum på telefonen, hadde funne seg ei hytte langs løypa der han laga seg mat. Han var i god form då dei fann han rundt midnatt, men sleit med ein del vassblemmer.

Øksendal fortel at sikkerheit er innmari viktig for løpet. Alle påmelde må ha gjennomført eit 160-kilometers løp tidlegare, og er utstyrt med GPS-sporing og nødknapp.

– Dei kan trykkje på ho viss dei får ein alvorleg skade. Vi rykkjer fram til dei fleste stadene uansett. Vi stoppar løparane viss dei er ute av stand, og kvar etappe sjekkar vi om dei er friske nok til å fullføre, seier Øksendal.

Men i år kom ingen av løparane halvvegs i det ekstreme løpet.

Karim gaea norvegica trail

FORSVANN: Karim Lahmini vart funnen i ei hytte i nærleiken av løypa etter ein leiteaksjon natt til torsdag.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal