Hopp til innhold

Landslagsspelaren avslører mentale problem – var redd for lagvenninne

Brann- og landslagsspelar Lisa Naalsund (27) opnar opp om mentale problem. No vil ho hjelpe andre spelarar som er ferske på laget.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Armenia - Norway

OPNAR OPP: Lisa Naalsund fortel om ein tøff periode i starten av landslagskarrieren sin.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Brann-spelaren hadde ein tøff periode då ho først vart teken ut på landslaget i 2017, der ho sleit med dårleg sjølvkjensle som ung og fersk landslagsspelar.

– Då eg vart teken ut på første samling var eg utrygg på meg sjølv og eg klarte ikkje å prestere, for eg klarte ikkje vere meg sjølv utanfor bana, forklarer Naalsund overfor NRK.

Historia fortalde ho først i hjå Bergens Tidende sin serie kalla «Vi e Brann».

Naalsund vart først teken ut på landslaget tilbake i 2017, sjølv om debuten med flagget på brystet ikkje kom før i juni 2021 mot Sverige.

Ho fortel at den første samlinga for fem år sidan var ei svært tøff oppleving.

– Det var mange profilerte spelarar der som eg hadde stor respekt for. Eg var det som folk kallar sjenert, og slike ting. Eg var inneslutta og klarte ikkje å vere meg sjølv. Det påverka meg veldig, fortel bergensaren.

Det var faktisk så ille at ho ikkje ville ha ballen.

– Det handlar litt om frykta for å gjere feil. Eg ville ikkje ha ballen. Eg måtte vise meg, men kvar gong eg måtte gjere det vart kroppen veldig anstrengd, for eg stressa for mykje.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway - Kosovo

TEKE UT: Lisa Naalsund er inne i landslagsvarmen, og kjenner seg mykje tryggare no samanlikna med tidlegare.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Går an å få hjelp

Ho trur det er fleire som kjenner eller kjem til å kjenne på det same i framtida, og det er derfor ho står fram med historia si.

– Det er fint at ikkje alle trur at ein kan berre komme på samling og seie «eg klarer dette». Dei som er usikre må vite at det går an å få hjelp òg. Det går an å bli betre, og at det ikkje må vere slik resten av livet eller karrieren, seier Naalsund.

Football, Toppserien, Brann - Vålerenga

SERIEMEISTER: Naalsund og Brann tok både seriegull og cupgull i 2022.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Som 22-åring var ho i 2017 ein del av eit landslag som hadde store profilar på laget. Ingrid Hjelmseth, Ingrid Moe Wold, Elise Thorsnes, Caroline Graham Hansen og Emilie Haavi – for å nemne nokon.

Dei to siste har vore på landslaget også i 2022.

– Haavi var der, og ho var eg livredd for. Men ho er veldig hyggeleg, det var berre eg som sleit litt, seier ho.

Haavi: – Ikkje første gong eg høyrer det

Haavi fortel at ho ikkje visste at Naalsund var redd for ho på første samling. Samtidig kjem kanskje ikkje frykta heilt ut av det blå.

– Det er ikkje første gong eg høyrer det. Eg trur dei fleste som blir kjende med meg skjønar at eg ikkje er så skummel, men eg kan sikkert verke litt streng i starten. Eg er ikkje det altså, seier Haavi med eit smil.

– Vi får ta ein prat seinare, seier ho.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Albania - Norway

SKUMMEL? Emilie Haavi var blant spelarane Naalsund var redd for på si første landslagssamling.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Roma-spelaren rosar lagvenninna si, som ho har stor tru på framover.

– Lisa er ein veldig god spelar som eg har venta på at skulle blomstre på landslaget. Ho har levert i Toppserien i mange år. Ho har eit utruleg bra driv med ball og er sterk. Så eg tippar vi kjem til å sjå meir av ho her òg, seier Haavi.

Men Naalsund fann ut etter kvart som ho vart eldre at ho ikkje kunne ha det slik lenger. Derfor oppsøkte ho hjelp.

– Eg drog til ein coach som eg har trena med før. Eg var heldig som kunne bli eleven hennar. Vi fann tonen ganske kjapt og det fungerte veldig fort. Etter berre eitt år kjende eg meg nesten som ein annan person, seier midtbanespelaren.

Vil hjelpe dei nye

Sidan den gong har fleire spelarar anten gitt seg eller er ikkje ein del av landslaget lenger. Landslagssjef Hege Riise har teke inn fleire nye fjes sidan ho tok over i august.

Naalsund håpar å kunne hjelpe dei nye litt ekstra for at dei ikkje skal få ei liknande oppleving.

– Ja, ein har jo lyst å vere grei mot alle slik at dei tør å vere seg sjølv og ikkje er redd for å gjere feil. Det er eigentleg berre å vere hyggjeleg og hjelpe dei, seier Brann-spelaren.

Les også Supporterrop under nasjonalsangen refses: – Litt respektløst

Brann

Naalsund har vore uheldig i 2022 òg. Ho skadde seg i generalprøva til fotball-EM mot New Zealand, og fekk ikkje vere med i meisterskapen i England i sommar.

No står ho registrert med sju landskampar for A-landslaget. Noreg spelar tysdag mot regjerande europameister England.

Den blir viste på NRKs kanalar.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Atlético Madrid fikk opphevet rasismestraff

    Den spanske fotballklubben Atletico Madrid slipper å delvis stenge egen arena samt betale en bot for rasistisk oppførsel av egne supportere.

    Torsdag valgte Det spanske fotballforbundet å godta anken Atletico hadde inngitt mot straffen klubben ble ilagt for en tid tilbake. Til grunn for sanksjonene lå rasisme rettet mot Athletic Bilbao-vingen Nico Williams.

    Atletico ble opprinnelig beordret til å delvis stenge egen hjemmearena i to La Liga-kamper, samt betale en større bot, for Williams-episodene. Vingen skal ha blitt møtt med apelyder under en kamp i forrige måned.

    Forbundet peker på Atleticos «aktive samarbeid» som grunn til at straffen nå legges bort. (NTB)

    84_5MnFD41w
    Foto: Reuters
  • Lahti får «låne» den klassiske Kollen-femmila – første gang på 40 år

    Det blir ingen prestisjefylt Kollen-femmil for langrennsstjernene i 2025. I stedet får Lahti arrangere en 50 kilometer i verdenscupen to uker etter VM i Granåsen.

    Det ble endelig vedtatt på denne ukens møte i langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) i slovenske Portoroz.

    Verdenscuprennene i langrenn i Holmenkollen neste sesong legges til 15. og 16. mars. Det er helgen etter at VM i Trondheim er avsluttet. I stedet for femmil blir det distanserenn over 10 og 20 kilometer.

    Årsaken er at mesterskapet i Granåsen avsluttes med femmil for begge kjønn. Med det som bakteppe har langrennstoppene i FIS besluttet at det ikke vil være fornuftig med en ny femmil kun én uke etter i Holmenkollen.

    I stedet er det funnet plass til distansen når sirkuset forflytter seg videre til Lahti to uker etter VM. Femmila i Lahti går dermed søndag 23. mars.

    (NTB)

    jm3C-4cNNLY
    Foto: NTB
  • VIF-talent (19) må trolig legge opp

    En alvorlig kneskade tvinger trolig Vålerenga-spiller Jacob Dicko Eng (19) til å avslutte fotbalkarrieren langt tidligere enn han hadde tenkt.

    Oslo-klubben opplyser om den kjedelige situasjonen i sine kanaler torsdag.

    I oktober i fjor pådro Eng seg en alvorlig kneskade mot Fram Larvik i 2. divisjon. Legene ga beskjed om at det var 50 prosent sjanse for at han ville komme tilbake som fotballspiller.

    Til tross for operasjon og iherdig opptrening ble det etter undersøkelser denne uka klart at Jacob fortsatt har en veldig lang vei å gå. Sjansene for comeback er små, melder Vålerenga.

    (NTB)

    Jacob Dicko Eng
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal