Hopp til innhold

Var «aleine» i Sør-Afrika i fem månader – så gjekk EM-draumen i oppfylling

Line Kloster (34) har drøymt om å kvalifisere seg til ein meisterskapsfinale i nærare ti år. Men på grunn av ekstrem pollenallergi har oppladinga til EM vore einsam.

Line Kloster

LANG VEG TIL FINALEN: Line Kloster, her frå nederlaget i VM-semifinalen i fjor.

Foto: BILDBYRÅN

– Dette var ein heilt annan klasse enn det Kloster har levert til nå.

Det sa Jann Post i kommentatorboksen etter at Line Kloster sprang seg vidare til ein EM-finale på 400 meter hekk.

Det for første gong i karrieren.

Med tida 54,55 kvalifiserte ho seg ikkje berre til ein EM-finale, ho knuste også eigen årsbeste med nesten to sekund. Før løpet var 56,20 Klosters bestenotering for sesongen.

– Eg klagar ikkje på det, seier ho til NRK etter semifinalen.

– Kor lenge har du venta på den dagen her?

– I alle fall ti år, seier Kloster vidare.

For vegen til ein EM-finale har også vore prega av motgang. I dei verste periodane har ho først og fremst vore sin eigen verste fiende, fortel ho.

WTox6exk7ZQ

ÅRSBESTE: Line Kloster tok seg vidare til EM-finale med tida 54.55.

Foto: NTB

– Det er utruleg tøft

– Kor kjipe er dei mest kjipe dagane?

– Det trur eg er vanskeleg å skildre. Men det bringar jo opp ting frå tidlegare. Ting du seier til deg sjølv som ikkje stemmer, ting andre seier, seier ho til NRK.

– Synest du folk har vore strenge mot deg?

– Det er forskjell på streng og ... Det er litt kva folk sleng ut utan å tenke på det. Folk kjem tilbake til enkeltpersonar, seier Kloster og held fram:

– Det er berre ei synd, når dei i staden kan bygge deg opp.

Les også Sjokk-exit for Nordås: – Helt tungt, helt sjanseløst

EM friidrett 2024 i Roma

Men ein av dei største utfordringane for 35-åringen har vore å takle meisterskap, der ho blant anna har måtte forhalde seg til langt fleire menneske enn det ho er vane med.

Så må eg greie eit meisterskap under andre føresetnader enn at det er heilt roleg. Det har tatt ei stund å få det til, seier Kloster.

For i forkant av europameisterskapen i Roma har ho vore aleine i Sør-Afrika i fem månader.

Det er utruleg tøft å halde på så mykje aleine, påpeikar ho.

Med unntak av trenaren Petar Vukicevic som også har vore til stades, forklarar ho.

Me har vore i USA ei god stund med ei større gruppe der òg. Og litt i Spania etter at me kom heim frå USA. Det hjelper utruleg mykje. Sjølvsagt, optimalt sett, så ville det vore fleire som var med meg og reiste. Men det er ikkje akkurat mogleg for dei fleste, utdjupar ho.

Ekstrem pollenallergi

Med den sterke pollenallergien sin, har likevel ikkje Kloster i all hovudsak hatt noko val. Ho har måtta reise utanlands for å kunne optimalisere treninga, påpeikar trenaren ovanfor NRK.

IC5ZHJlbJjQ

MÅTTE REISE UTANLANDS: Line Kloster har ekstrem pollenallergi og måtte dra frå Noreg for å ikkje bli påverka.

Foto: NTB

Ho har ein eksepsjonelt sterk pollenallergi. Og det har alltid øydelagd sesongen hennar i mai-juni månad. I år har me tenkt å forandre på dette, og det verkar som me har lykkast med det, seier Petar Vukicevic til NRK.

Det å halde seg unna pollen har vore ein nøkkelfaktor?

Det er ein av dei faktorane, i alle fall ein av dei viktigaste me har måtte ta omsyn til. Og sjølvsagt er det å trene rett og gjere alt som er mogleg for å verte betre. Men pollen har i år vore eit av dei fokusa me har hatt, og me er klare til å vinne over pollen, seier han vidare.

Dermed har Kloster måtta trene, sove og ete aleine. Ho har også kjeda seg, men har løyst det med å verte kjent med lokale.

Du tvinger deg sjølv til å vere sosial, for elles vert du veldig aleine. Så eg som eigentleg ikkje er sånn kjempeekstrovert har måtte lære meg å verte det litt.

Har venta i ti år

Når ho då har klart å få bukt med einsemda og allergien vert gleda enda større når det endeleg klaffar. For Kloster har brukt nærare eitt tiår på å kvalifisere seg til ein meisterskapsfinale.

– Du seier du har venta ti år på denne dagen. Fortel korleis det er å jobbe for noko ein ikkje klarer å få til?

Line Kloster

LETTA: Line Kloster skal springe EM-finale tysdag kveld.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Nei, det er jo heile tida ei blanding av å vite kva du er god for. Og på ein måte ikkje får det til. Det er små ting som skal gå gale før det ikkje går. Og då får ein litt den kjensla: «Kor lenge skal ein gidde å halde på»?, seier Kloster vidare.

Og endeleg kan 34-åringen puste letta ut.

– Det er veldig lettande. Det er litt sånn når det går stong ut kvar gong du skal prestere, så byrjar ein å lure på kvifor ein gjer dette her.

Tysdag spring Kloster EM-finale på 400 meter hekk. Den vert sendt direkte på NRK1 og startar klokka 21.18.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal