Hopp til innhold

EM-vinnaren er flyktning: Får ikkje delta i OL for sin nye nasjon

Dominic Lokinyomo Lobalu sprang inn til EM-gull på 10.000 meter for Sveits onsdag kveld. Men skal han delta i OL, må han gjere det for flyktninglaget.

2024 European Athletics Championships, day 6

SIGERSGLIS: Dominic Lobalu hadde den største kvelden til nå i karrieren da han tok EM-gull onsdag.

Foto: BILDBYRÅN

– Da krigen starta, mista vi alt. Vi mista foreldra våre. Som niåring var eg tvinga til å flykte frå landet mitt, til Kenya, for å prøve å få eit betre liv, fordi eg var den einaste guten i familien min.

Det sa Lobalu i dokumentaren «The Right to Race», som blei gitt ut i fjor haust.

Lobalu er fødd i det som i dag er Sør-Sudan, som i fleire tiår har vore prega av borgarkrig.

Etter at han kom til Kenya, starta Lobalu å springe. Han blei etter kvart ein del av flyktninglaget til Det internasjonale friidrettsforbundet (World Athletics) og fekk delta på 1500 meter i VM i 2017, 18 år gammal.

Sjansane til å konkurrere var sjeldne for Lobalu, men ein ny sjanse kom i mai 2019. Lobalu fekk høve til å dra til Genève i Sveits, der han sprang ein 10 kilometer. Han sprang inn til siger, men returnerte ikkje til hotellet i etterkant.

– Søstrene mine kunne ikkje gå på skolen. Alle såg til meg. Håpet deira var meg. Dei tenkte at eg var den einaste som kunne endre liva deira, sa Lobalu, som jamleg sender pengar til søstrene, i dokumentaren.

Lobalu valde å rømme bort frå flyktninglaget. I staden søkte han asyl i Sveits, der han nå har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag.

I 2022 fekk han òg så smått lov til å forlate landet for å konkurrere, før World Athletics 10. mai i år tillét at han kunne representere Sveits.

Lobalu Ingebrigtsen

TETT PÅ INGEBRIGTSEN: Lobalu (høgre) tok bronse på 5000 meter, bak Jakob Ingebrigtsen (midten) og George Mills (venstre).

Foto: Lise Aaserud / NTB

Invitert til flyktninglag

På første moglegheit, i EM i Roma, blei det ein stor suksess. Lobalu sprang inn til bronse på 5000 meter i starten av meisterskapen, bak Jakob Ingebrigtsen og George Mills, før han vann 10.000 meter på onsdag etter ein intens sluttspurt.

Da han kom i mål var han rask med å dra handa over brystet for å markere kjærleiken for Sveits.

– Takk til Sveits for at dei gav meg ein sjanse, sa Lobalu til NRK etter gullet onsdag.

LObalu Sveits

NYTT HEIMLAND: Sveits har blitt Lobalus heimland dei siste åra.

Foto: Manon Cruz / Reuters

Den store draumen hans er å delta i OL.

– Eg voks opp i ein flyktningleir, så eg fekk aldri ein nasjonalitet. Derfor kunne eg ikkje kjenne ein tilhøyrsel til eit land. Flyktningleiren blei som ein heim for meg. I dag har eg fått eit nytt land i Sveits og dei har gitt meg alle moglegheiter, sa Lobalu til NRK.

– Uforståeleg

Men i OL-samanheng hjelper ikkje det. Torsdag bekrefta Den internasjonale olympiske komiteen, IOC, at Lobalu ikkje får springe for Sveits i sommar-OL.

I staden har IOC-styret nå invitert Lobalu til å representere deira eige flyktninglag i OL. I utgangspunktet blei troppen til flyktninglaget tatt ut i mai, men dei har nå funne ein plass til Lobalu.

– Sjølv om han nyleg fekk godkjenning frå World Athletics til å representere Sveits i World Athletics-konkurransar, sjølv om han ikkje er sveitsisk, så har IOC-styret bekrefta at han ikkje kan representere Sveits i OL. Han har ikkje sveitsisk statsborgarskap, som det olympiske charteret krev, sa IOCs talsmann, Mark Adams.

pTDkeUEvgIY

IOC-TALSMANN: Mark Adams under ein IOC-pressekonferanse i 2018.

Foto: AFP

Denne avgjerda er ikkje det sveitsiske friidrettsforbundet fornøgde med.

– Swiss Athletics noterer seg denne avgjerda med både overrasking samtidig som det er uforståeleg, skriv forbundet i ei pressemelding etter avgjerda.

Dei meiner at IOC-reglane kunne opna for at Lobalu kunne konkurrert for Sveits. Forbundet ventar nå på ytterlegare informasjon frå IOC og dei drøymer framleis om å sjå Lobalu i sveitsisk tøy under OL.

Saman Soltani er blant dei 36 utøvarane som blei tatt ut til IOCs flyktninglag tidlegare i år:

Saman Soltani

OL-håpet viste seg i bikini – risikerer fengsel i hjemlandet

IOC: – Det er opp til han

Det olympiske charteret er sjølve grunnboka for dei olympiske leikane, der regelen seier at ein utøvar i OL må vere av same nasjonalitet som landet han representer.

Adams viste vidare til at IOC nyleg fekk eit brev frå presidenten i det sveitsiske friidrettsforbundet og presidenten i den sveitsiske olympiske komiteen.

Lobalu EM

EM-GULL: Slik såg det ut da Lobalu spurta inn til gull på 10.000 meter.

Foto: BILDBYRÅN

– Dei skreiv i brevet at Lobalu enda ikkje er sveitsisk ifølge sveitsisk lov. Det er veldig vanskeleg å få sveitsisk statsborgarskap. Berre for å søke, må ein ha budd i Sveits i minst ti år, ein må vere integrert i det sveitsiske samfunnet og må kunne minst eitt av dei fire offisielle sveitsiske språka, sa Adams, og fortsette:

– Dei er veldig tydelege på at han foreløpig ikkje har statsborgarskap, og da kan han ikkje konkurrere i samsvar med reglane våre. Det eg vil understreke er at Lobalu kan konkurrere i Paris. Det er heilt opp til han.

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal meiner Lobalu er eit tilskot i langdistanseløpa og at deltakinga hans vil sørge for å heve breidda i toppen.

Samtidig har fleire kenyanske løparar bytt statsborgarskap av kommersielle grunnar. Denne innstramminga ønsker friidrettseksperten velkommen, men meiner òg at ein må ta omsyn til flyktningar som har rømt frå landet sitt.

– Ein må skilje på dei reine kommersielle endringane av statsborgarskap og flyktningar som er på flukt på grunn av trasige forhold frå der dei kjem frå, seier Rodal.

Vebjørn Rodal

NRKs FRIIDRETTSEKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

Sjokkerte i 2022: – Har aldri høyrt om han

Lobalu presenterte seg for friidrettsverda da han vann 3000-meteren i Diamond League-stemnet i Stockholm for to år sidan.

– Eg har aldri høyrt om han, sa Narve Gilje Nordås til NRK etter løpet i den svenske hovudstaden.

Og det var kanskje ikkje så rart. På det tidspunktet hadde Lobalu hatt ein lang og kronglete på veg mot verdstoppen.

Jann Post hadde aldri hørt om Dominic Lobalu

Ukjent vinnar gav NRK-kommentator hakeslepp: – Eg har ikkje høyrt om han

Det var eit reint slumpetreff at han skulle hamne i løpesko heller enn i fotballsko. For da fotball viste seg å vere for dyrt, bytte han til friidrett og starta å trene seriøst i ein alder av 15 år.

Karrieren fekk det foreløpige høgdepunktet sitt med EM-gullet onsdag kveld, ein sjanse han har venta på heilt sidan han starta å laupe.

Nå står det att å sjå om Lobalu blir å sjå i OL, da utan eit sveitsisk flagg på brystet.

Sportsnyheter

Jostein Gundersen ligger nede etter skade

Reagerer kraftig på manglande regelverk: – Sjokkerande

Eliteserielege blei tatt fullstendig på senga av Noregs Fotballforbund (NFF) sin konklusjon som blei publisert laurdag.

Amalie Iuel utfordret Henriette Jæger til duell.

Iuel utfordra Jæger til duell: – Å tape mot Amalie er noko av det verste

Henriette Jæger blir sur av å tape, sjølv mot Amalie Iuel på trening. Det utnyttar trenarmamma Unn Merete for alt det er verd.

RBK-LSK

Supportertalsmann om VAR-markeringer: – Overrasket hvis Eliteserien blir ferdigspilt i år

Mandag møtes lederne i landets supporterklubber for å diskutere neste steg i kampen mot videodømming.

Siste nytt

  • Tennisstjernen Andy Murray legger opp etter OL

    Den 37 år gamle briten bekrefter selv at OL i Paris blir karrierens siste tennisturnering.

    – Å konkurrere for Storbritannia har vært de klart mest minnerike ukene i min karriere, skriver Murray på X.

    – Jeg er ekstremt stolt over å kunne gjøre det én siste gang, fortsetter han.

    Murray er en av de mest suksessrike tennisspillerne de siste 15 årene. Skotten tok OL-gull i både 2012 og 2016, i tillegg til at han har vunnet Wimbledon to ganger og US Open én gang.

    Karrierens siste turnering for 37-åringen begynner med 1. runde i herrenes OL-konkurranse lørdag eller søndag. OL-finalen på Roland Garros-banen i Paris spilles søndag 4. august.

    Andy Murray på trening før OL i Paris
    Foto: Claudia Greco / Reuters
  • Snoop Dogg skal bære den olympiske ilden

    Den amerikanske rapperen Snoop Dogg er en av de utvalgte til å bære den olympiske ilden når den tar sine siste runder før Paris-lekenes åpningsseremoni.

    Han skal bære den gjennom gatene i Saint-Denis, den etnisk mangfoldige Paris-forstaden, som er hjemmet til Olympiastadion og vannsportsenteret. Det opplyste ordfører Mathieu Hanotin til AFP.

    Andre fakkelbærere i Saint-Denis fredag er den franske skuespillerinnen Laetitia Casta, den franske rapperen MC Solaar og den ukrainske tidligere stavhopperen Sergej Bubka.

    Den olympiske ilden har brukt to måneder på å krysse Frankrike. Fredag ​​morgen skal den bæres gjennom utøverlandsbyen som ligger på grensen mellom Saint-Denis og Saint-Ouen, før den tar turen videre til Olympiastadion og vannsportsenteret noen kilometer unna.

    Snoop Dogg ble født i Los Angeles, byen som skal arrangere de neste lekene i 2028.

    Fakkelstafetten er ikke rapperens eneste opptreden under lekene i 2024, da han også skal være OL-kommentator for den amerikanske TV-stasjonen NBC. (NTB)

    Snoop Dogg
    Foto: Charlie Neibergall / AP
  • Guardiola avkrefter De Bruyne-rykter: – Kevin drar ikke

    Manchester City-manager Pep Guardiola er klokkeklar på at Kevin De Bruyne ikke skal selges til Saudi-Arabia.

    De Bruyne, som har kontrakt med Manchester City ut 2025, sa forrige måned at han ikke utelukker en overgang bort fra klubben.

    Guardiola mener imidlertid at det ikke vil skje noen store endringer i troppen før overgangsvinduet stenger 30. august.

    – Kevin drar ikke, sier Guardiola på en pressekonferans natt til tirsdag norsk tid, ifølge BBC.

    – Jeg har vært fornøyd med troppen i mange år. Jeg vet ikke hva som vil skje i markedet. Hvis noen drar, kan vi snakke om det, fortsetter han.

    De Bruyne har vært i Manchester City siden 2015, og belgeren har etablert seg som en av verdens beste midtbanespillere siden den gang.

    Natt til onsdag spiller City – med Erling Braut Haaland og Oscar Bobb i troppen – sommerens første treningskamp mot skotske Celtic i Chapel Hill i den amerikanske staten Nord-Carolina.

    18. august starter jakten på klubbens femte strake Premier League-tittel borte mot Chelsea. (NTB)

    Pep Guardiola og Kevin de Bruyne
    Foto: SCOTT HEPPELL / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal