Hopp til innhold

Sjå oversikta: Desse vinterutøvarane legg opp etter sesongen

Vinteren er over, og for nokre av dei fremste aktive utøvarane også karriera. Her er eit knippe vi ikkje får sjå igjen i konkurranse neste vinter.

Legger opp

Alpinist Frida Hansdotter, skiløpar Maxim Vylegsjanin, skihoppar Andreas Stjernen og skiløpar Stefanie Böhler er nokre av dei som gjer seg etter sesongen som har vore.

Foto: NTB Scanpix

Skiskyting:

Simon Fourcade, Frankrike (34). Martins storebror har gull i blanda stafett frå 2009 og fire VM-gull frå den tid han var junior.

Anastasia Kuzmina, Slovakia (34). Russiskfødd og syster til Anton Sjipulin, men har konkurrert for Slovakia sidan 2008. Tre OL-gull i 2010, 2014 og 2018 før ho avslutta karrieren med VM-gull på sprinten i mars i år. 13 verdscupsigrar.

Fredrik Lindström, Sverige (29). Debuterte i v-cupen allereie i 2008, og deltok i tre OL før han fekk vere med på det svenske gullaget i stafett i 2018.

Anton Sjipulin, Russland (31). Veslebror av Anastasia Kuzmina, og tok stafettgull i Sotsji i 2014.

Michael Rösch, Belgia (35). Han er son av den tredoble stafett-verdsmeisteren Eberhard Rösch frå DDR, og representerte Tyskland fram til 2013, så melde han overgang til Belgia etter å ha blitt sett ut av det tyske laget. Har OL-gull frå 2006 og tre bronse i VM, alle i stafett.

Alpint:

Lund Svindal.

SLUTT: Aksel Lund Svindal ville ikkje lenger ta skaderisikoen ved fartskøyring på toppnivå, og la opp

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Aksel Lund Svindal, Norge (36). 18 år etter sin første start i verdscupen har Svindal takka for seg. I løpet av dei åra har han vore ein av dei aller fremste alpinistane i verda med fem VM-titlar, to OL-gull, to samanlagtsigrar og 36 rennsigrar i verdscupen. Han avslutta med VM-sølv i utfor i sin aller siste start.

Lindsey Vonn.

MOTVILLIG: Lindsey Vonn har vunne 82 verdscuprenn i karrieren, berre fire færre enn legenda Ingemar Stenmark. Men skader tvinga henne til å gi seg

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Lindsey Vonn, USA (34). Fire gonger verdscupvinnar, og enorme 82 rennsigrar i verdscupen. Ho har vore skadeplaga dei siste sesongane, og måtte legge opp etter VM i Åre.

Thomas Fanara, Frankrike (37). Veteran som lenge hadde rekordmange pallplassar utan siger, fram til han endeleg vann v-cup-finalen i 2016.

Patrick Küng, Sveits (35). Verdsmeisteren i utfor frå 2015 fall og fekk hjerneristing i Wengen i januar, og fann ut at han ikkje lenger ville ta risikoen eit utforrenn er.

Sandro Viletta, Sveits (33). OL-vinnaren i kombinasjon i Sotsji i 2014 har slite med ryggproblem dei siste sesongane, og fann ut at nok var nok etter denne sesongen.

Frida Hansdotter, Sverige (33 år). OL-meister i slalåm i Pyeongchang i 2018, og gav seg etter VM på heimebane i vinter. Hun vann slalåm-verdscupen i 2016 og tok fire v-cup-sigrar.

Felix Neureuther, Tyskland (35). Veteranen annonserte i mars at han legg slalåmskiene på hylla. Fem VM-medaljar har han tatt, mellom dei laggullet i 2005. Tre år på rad blei han nummer to i slalåm-verdscupen, men gjekk aldri til topps. Han vann 13 redd i verdscupen.

Kombinert:

Magnus Moan

SLUTT: Magnus Moan var rørt etter målgang i sitt siste kombinertrenn i Holmenkollen

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Magnus Moan, Norge (35). Norsk kombinertsports nestor med ti meisterskapsmedaljar, derav to gull, og 25 verdscupsigrar sidan debuten i 2003. Han fekk Holmenkollmedaljen i 2014, og avslutta karrieren i Holmenkollen i mars i år.

Wilhelm Denifl, Austerrike (38). Har vore med i verdstoppen sidan laggullet i VM i 2003, og har rekorden med 295 startar i verdscupen. Men sigeren i russiske Tsjaikovski i januar 2014 er hans einaste individuelle.

Maxime Laheurte, Frankrike (33). Laggull (2013) og bronsen (2015) blei hans einaste meisterskapsmedaljar.

Langrenn:

Petter Northug, nærbilde

SLUTT: Petter Northug måtte innsjå at ein eventyrleg karriere var slutt denne sesongen

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Petter Northug, Norge (33). Presentasjon er overflødig. Frontfiguren i norsk langrenn sidan 2007 hadde sin andre trøblete sesong, og ved juletider meinte han at nok er nok. 13 VM-gull og to OL-gull frå 2007 til 2015 fortel sitt.

Alex Harvey, Canada (30): VM-gull på lagsprint i 2011 og på femmila i 2017 toppar karrieren til Canadas mest suksessrike skiløpar. Han fekk gleda av å avslutte karrieren med to andreplassar i verdscupen heime i Quebec.

Luis Stadlober, Austerrike (27). Har deltatt i verdscupen sidan 2015, men han har vore mykje plaga av skader. Han planla eigentleg å legge opp etter OL i fjor, men tok ein sesong til på grunn av VM på heimebane i Seefeld i vinter.

Matti Heikkinen, Finland (35). Klassisk-spesialisten har vore med i verdscupen sidan 2002, og tok VM gull på 15 km i Oslo i 2011. Han har også tre VM-bronsemedaljar.

Maxim Vylegsjanin, Russland (36). Omstridd løpar som opprinneleg blei utestengd etter den store russiske dopingskandalen, men utestenginga blei omgjord av CAS. To OL-gull i Sotsji i 2014, og VM-gull på tremila i 2015. Han avslutta med andreplass på femmila i Holmenkollen i vinter.

John Kristian Dahl, Norge (37). Tidlegare landslagsløpar som i dei seinare år har hatt stor suksess i langløp. Han vann Vasaloppet både i 2014, 2016 og 2017, og også det første 200 km lange Nordenskiöldsloppet i 2016.

Stefanie Böhler, Tyskland (38). Tysk løpar som har vore med i verdscupen heilt sidan 2002.

Sandra Ringwald, Tyskland (28). Har 148 startar i verdscupen sidan 2011, men kom ikkje på pallen individuelt før med andreplassen på sprinten i Cogne i februar i år.

Hopp:

Stjernen

SLUTT: Andreas Stjernen avslutta med andreplass heime i Granåsen i sitt aller siste hopprenn

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Andreas Stjernen, Norge (30). Han har vore trufast slitar på hopplandslaget i mange år, og vurderte å gi seg allereie etter OL i fjor. Men han tok eit år til, og fekk gleda av å avslutte med andreplass framfor heimepublikummet i Granåsen under Raw Air.

Kenneth Gangnes, Norge (29). Han var eitt av dei store norske hopptalenta, med tredjeplass i verdscupen i 2015/16, og tok individuelt sølv og laggull i VM i skiflyging i 2016. Men sidan sommaren 2016 har han vore nesten samanhengande plaga av skader, og i vinter gav han opp å kome tilbake.

Robert Kranjec, Slovenia (37). Kranjec har lenge vore ein del av det suksessrike slovenske landslaget, med mellom anna VM-gull i skiflyging frå Vikersund i 2012. Han avslutta karrieren på heimebane i skiflygingsbakken i Planica.

Er det nokon vi har gløymt? Kommenter gjerne!

Siste nytt

  • Jönsson får to kampers utestengelse

    Stabæk-trener Jan Jönsson får to kampers karantene for hendelsen mot Vålerenga mandag. Det melder Dagbladet.

    Det var på overtid i kampen mot Vålerenga at det ble kaos med Jönsson i hovedrollen.

    Kaoset startet med at Karina Sævik løp langs streken med ballen og en motspiller etter seg. TV-bildene viste at ballen på et tidspunkt var ute, og da skjedde det noe uvanlig.

    Sævik løp videre, men på samme tid løp Stabæk-trener Jan Jönsson ut på banen og stoppet Vålerenga-spilleren med kroppen.

    Da eksploderte det på benken og Jönsson ble vist det røde kortet.

    Like etter så det ut til at han forsøkte å klemme fjerdedommeren.

    – Det var på overtid og jeg forsøker å få tak i ballen for å få tatt et kjapt innkast. Ballen hadde vært klart ute og jeg gikk en meter ut på banen for å ta den. Jeg ville få spillet i gang. Det var på overtid og Vålerenga sparket bort ballen for at tiden skulle gå ut, sa Jönsson til NRK etter kampen.

    Nå er Stabæk-treneren straffet for episoden.

    Ifølge Dagbladet er begrunnelsen fra disiplinærutvalget slik:

    «Disiplinærutvalget har ved sin beslutning lagt til grunn at Jönsson, ved sin inntreden på spillebanen, forstyrrer spillet og motstanderlagets spiller. I henhold til forbundsstyrets retningslinjer for sanksjoner tilsier dette en karantene på to kamper. Disiplinærutvalget har på den bakgrunn kommet til at en karantene på to kamper er en passende reaksjon på den aktuelle overtredelsen.I henhold til reaksjonsreglementet § 4-15 skal karantenen sones i de to neste seriekampene for samme lag treneren ble utvist for»

    NRK oppdaterer saken.

    Jan Jönsson
  • Haaland avbildet på City-trening etter skadetrøbbel

    City har publisert bildene fra dagens trening på X.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Champions League-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem».

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål.

    City er ett poeng bak serieleder Arsenal, men de lyseblå har én kamp mindre spilt. Dermed har de alt i egne hender i sesonginnspurten. Haaland og co. møter Nottingham Forest borte søndag. (NTB)

    I9VZqC6O-Pk
    Foto: AP
  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal