– Det er heilt absurd om eg ikkje skal få delta i VM på grunn av dette, sa Larsåsen då NRK konfronterte henne med konsekvensane av avtalen med spelselskapet Unibet.
Friidrettspresident Svein Arne Hansen gjekk tidlegare i dag svært langt i å
så lenge denne avtalen gjeld.– Dersom dette er tilfelle, er det heilt forferdeleg at dei skal ha denne haldninga, sa Larsåsen etter at ho hadde lese intervjuet med Hansen på NRK.no torsdag ettermiddag.
Ei utestenging gjeld meisterskap og lag-EM. Larsåsen kan få delta i andre stemne, som Diamond League. Ho står på deltakarlista til Bislett Games neste veke.
– Heilt absurd
– Eg ønskjer ikkje å skape problem, men eg treng midlar for å satse. Om eg ikkje hadde takka ja til dette tilbodet, hadde eg ikkje hatt sjanse til å reise rundt i sommar for å få dei konkurransane eg ville ha. Då kan eg ikkje oppnå VM-resultat, som er det eg vil, seier Norges beste kvinnelege stavhoppar.
– Tolkar du det Hansen seier slik at du no ikkje får vere med i VM uansett kva resultat du oppnår?
– Dersom det er tilfelle, høyrest det heilt absurd ut. Eg vil satse 110 prosent, og eg gjer alt for å lykkast. Det betyr at eg treng dei midlane eg kan få. Når Norges Friidrettsforbund ikkje kan hjelpe meg, må eg gå ein annan veg.
– Eg skal til VM, det er mitt store mål. Då kan eg jo ikkje utelukke meg frå det, seier Larsåsen.
Skal ringe Hansen i kveld
Ho synest Hansens ord er sterke. – Om eg ikkje har økonomi, kan eg ikkje prestere heller. Då har eg ingenting på eit landslag eller i eit VM å gjere. Det meiner eg sjølv at eg har, seier Larsåsen.
Ho har enno ikkje vore i kontakt med forbundet etter at avtalen var klar. Men no vil ho ta kontakt for å prøve å få ei løysing.
– Eg vil aller helst vere på landslaget og konkurrere for Norges Friidrettsforbund. Til VM skal eg. Eg må nok ta ein liten telefon i kveld, seier Larsåsen til NRK.
Cathrine Larsåsen får ikkje lenger støtte frå Norges Friidrettsforbund. Ho sa til NRK tidlegare i dag at ho derfor må skaffe seg private sponsormidlar for å finansiere satsinga si, og at det var grunnen til
.Men Norges Idrettsforbund likar ikkje at nokon av utøvarane reklamerer for konkurrentar til Norsk Tipping, som gir norsk idrett to milliardar kroner i året.
– Vi har ei samla haldning mot dei utanlandske spelselskapa. Den er vi konsistent på, og eg registrerer at fleire med ujamne mellomrom utfordrar dette. Vi taklar det på same måte kvar gong, seier Inge Andersen, som er generalsekretær i Norges Idrettsforbund.