Haaland (19) har scora 26 mål på 18 klubbkampar denne sesongen, og er toppscorar både i meisterligaen og den austerrikske ligaen. Seinast scora han alle måla då Salzburg søndag slo Wolfsberg 3–0 på bortebane i ligaen. Wolfsberg er på tredjeplass på tabellen.
Lagerbäck er imponert over det Haaland har gjort i haust.
– At han kan score mange mål i den austerrikske ligaen på eit bra lag, er ingen sensasjon. Men han har gjort det i meisterligaen også, og vist at han har ei unik kjensle for kvar ein skal vere for å score mål, seier Noregs svenske landslagssjef.
Noreg møter gruppejumboane Færøyane og Malta i dei to siste kampane i EM-kvalifiseringa. Men det skal eit mirakel til om Noreg skal gå direkte til EM. Dermed blir alt avgjort i nasjonsliga-playoffen i mars.
To kampar i september
Haaland var med i troppen i kampane mot Malta og Sverige i september – han starta mot Malta (2-0) og blei bytta inn mot Sverige (1-1). Kampane mot Spania og Romania i oktober stod han over på grunn av skade.
Lagerbäck meiner at Haaland har godt av å «akklimatisere» seg litt meir til landslaget.
– Vi må hugse på at han er ung, og eg håpar ikkje for mange legg for mykje press på han seier landslagssjefen, som meiner Haaland er i eit godt miljø i Salzburg.
Sjølv om kampane fredag og måndag i praksis er utan betydning for EM-kvalifiseringa, vil ikkje Lagerbäck eksperimentere. Derfor antydar han at Tarik Elyounoussi og Alexander Sørloth er førstevalet.
– Tarik laga også hat-trick i helga, og Alexander gjer det godt i Tyrkia, seier Lagerbäck.
Elyounoussi scora tre mål for AIK mot nivå 4-laget Enskede i cupen søndag. Sørloth har scora seks mål for Trabzonspor i den tyrkiske ligaen.
Meiner Haaland bør får starte
NRKs ekspertkommentator Morten Morrisbak Skjønsberg meiner Lagerbäck bør ta ut Haaland i startoppstillinga.
Haaland er i god form, og kampane er i realiteten to treningskampar, meiner Morrisbak.
– Derfor er det eit perfekt høve til å gi Haaland sjansen frå start, slik at han kan bli trygg og god i rolla også på landslaget, seier Morrisbak.
– Så kan dei andre også få speletid. For han (Lagerbäck) har rett, dei er også i ganske god form. Men han har noko ekstra, Haaland, og har vore spesielt god den siste tida.
Morrisbak meiner også at Lagerbäck i større grad har sjansen til å eksperimentere. Det finst sjansar til å prøve ut andre kombinasjonar i det norske laget.
– Men han kjem nok til å stille med dei same som han brukar å ha, vil eg tru.