Joshua King har vore blant dei første på taktikktavla til Lars Lagerbäck i hans tid som landslagssjef.
Men ein kamp under pari i haustens første nasjonsligaoppgjer mot Austerrike viste at King manglar kamptrening.
For første gang på sju landskampar sette Lagerbäck 28-åringen på benken i den etterfølgande kampen mot Nord-Irland.
Svensken starta med Erling Braut Haaland og Alexander Sørloth på topp. Det angrar ikkje 72-åringen på etter 5-1-sigeren på Windsor Park der det nye radarparet scora to mål kvar.
GOD STEMNING: Joshua King har vore ein av Lars Lagerbäck beste menn under hans regjeringstid. Her på trening før oppgjeret mot Austerrike. Landslagsassistent Per Joar Hansen i midten.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix– Dårlegare føresetnader
Sjølv om King har eitt år igjen av kontrakten ser tida i Bournemouth ut til å vere over. Laget frå Sør-England rykka ned frå Premier League førre sesong.
Medan Championship-klubben har vore på treningsleir i Portugal i sesongoppkøyringa, har King vore i Noreg og blant anna trent med eliteserieklubben Stabæk.
Lagerbäck er klar på at angriparen bør finne seg ein ny klubb om han skal ha håp om å få tilbake plassen i startoppstillinga til den viktige kampen mot Serbia 8. oktober.
– Korleis kan dette påverke Kings sjansar mot Serbia-kampen dersom han ikkje får seg ein ny klubb?
– Det er klart at han får dårlegare føresetnader om han skal starte, først og fremst. «Josh» var sjølv innforstått med at han ikkje kunne starte i begge kampane vi spelte når han ikkje hadde kamptrening, og når det berre var to dagars kvile mellom kampane, seier Lagerbäck til NRK over telefon etter måndagens kamp i Belfast.
Kopla til Aston Villa
NRK-EKSPERT: Morten Morisbak Skjønsberg.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixKing har scora 17 mål på 48 landskampar for Noreg. Han har til tider vore strålande for landslaget under Lagerbäck og har blitt ein av leiarskikkelsane i troppen.
Under landslagssamlinga var han ordknapp om si eiga klubbframtid.
– Kva som skjer i framtida veit eg ikkje enno. No har eg berre fokus på landslaget og kampane på fredag og måndag, svarte blant anna King på spørsmål om si eiga klubbframtid.
King er blitt kopla til fleire klubbar i Premier League. Tysdag meldte avisa The Telegraph at Aston Villa er ønskjer å bla opp 18 millionar pund – rundt 190 millionar kroner for nordmannen.
I dag bladde Villa opp 330 millionar kroner for Brentford-spiss Ollie Watkins.
NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg meiner King bør sikte seg mot ein klubb i midtsjiktet i Premier League.
– For Noregs del er det viktig at han får kamptrening. Om han held fram i Bournemouth eller finn seg ein ny klubb er ikkje så viktig for meg, det viktigaste er at han får speletid, seier Skjønsberg, som meiner Noreg vil få bruk for King også frå benken mot Serbia.
– Truleg startar Sørloth og «Brauten» på topp, men ein vil få bruk for King som innbytar. Og han kan vere aktuell for ein høgre kantrolle frå start. Han er framleis ein viktig spelar for Noreg om han er form, meiner NRK-eksperten.
NYTT SPISSPAR: Alexander Sørloth og Erling Braut Haaland
Foto: Lorraine O' Sullivan / Reuters– Påverkar landslaget negativt
Men det er ikkje berre King som sårt treng ein ny arbeidsgjevar. Også Markus Henriksen og Haitam Aleesami er spelarar som manglar kamptrening, meiner Lagerbäck.
– Det er kjempeviktig for landslaget at dei så snart som mogleg finn seg ein klubb og kjem seg inn i lagtrening og får spele kampar. Dess lenger tid det går utan ein klubb, påverkar det både dei og landslaget negativt, seier Lagerbäck.
Med siger i playoff semifinalen mot Serbia ventar finale i november mot anten Skottland eller Israel. Vinnaren er klar for neste års fotball-EM.
Om lag éin månad før det planlagde oppgjeret på Ullevaal stadion vil ikkje Lagerbäck fastslå om Sørloth og Braut Haaland blir hans foretrukne spisspar.
– Det får vi sjå. Det kan jo skje mykje før den tid. No har vi tre bra spissar, så får vi sjå korleis troppen ser ut og kven som er friske og klare. Ein skal jo balansere eit heilt lag. Eg vil ikkje føregripe det. Den avgjerda tek eg på samlinga når eg ser korleis gruppa ser ut, seier Lars Lagerbäck.