33-åringen frå Hokksund begynte med idretten i 2012. No i august kom ho på andreplass i Crossfit Games, kun bak australske Tia-Clair Toomey
– Det er surrealistisk. Eg har drøymt om å stå på den pallen i ganske mange år, seier sylvvinnaren.
– Eg er klodens nest best trente
Det som begynte med ein treningsform begynte fort å bli meir alvor. No løfter ho over det dobbelte av sin eigen kroppsvekt i fleire øvelsar.
– No er eg i treningsstudio mellom 20–25 timar i veka, og eg har berre ein fridag. I løpet av ei veke løftar eg totalt rundt 20 000 kg.
Det er liten tvil om at Holte er utruleg sterk, men i crossfit er det også krav utover styrke.
– Eg vil seie at eg er klodens nest best trente, for me er best trent i crossfit. Det er vanskeleg å samanlikne med andre idrettar, men det er ikkje så mange som har breidda og spekteret i idretten som me har. Så viss nokon har lyst til å utfordre meg, så kom igjen og prøv, seier ho, og ler.
– Norges mest komplette idrettsutøvar
Holte trenar på Crossfit Oslo, og dagleg leiar, Eivind Dahl Ringard, er mektig imponert over 33-åringen.
– Det er ein relativt liten sport, men krava er likevel utruleg høge. Med tanke på det nivået som er globalt så er det ein veldig stor prestasjon. Me ser enkelte som er ekstremt sterke, men som fell i gjennom, for i sporten må ein i tillegg til styrke også vere uthaldande og ha gode gymnastiske ferdigheiter, seier Ringard.
– Er ho Norges mest komplette idrettsutøvar?
– Absolutt, i motsetting til skiløparar som må vere god til å stake i ei løype, og fotballspelarar som må vere god i fotball, så kan ikkje ein crossfit-utøvar ha nokre hol i ferdigheitsregisteret. Ein må vere komplett, og det har Kristin bevist at ho er, med å vere blant dei aller beste, fortel Ringard.
Gleda over å nå målsettinga om å kome på pallen i den mest prestisjefulle konkurransen i crossfit var stor, men så streifa ein annan tanke ho.
– Det blei litt blanda kjensler, eg blei kjempeglad, men samtidig tenkte eg at no har eg nådd målet mitt, kva no? Etter kvart kom eg over det, for eg veit at eg ikkje har nådd potensialet mitt. Eg har meir å gå på. Eg set ikkje plasseringsmål, for det utanfor min kontroll. Mitt mål er å bli betre neste år, seier Holte.