78 gonger har dommaren dømt straffespark i årets eliteserie, og det berre på 19 serierundar. I fjor var det dømt straffe 62 gonger i løpet av alle dei 30 serierundane, og det var rekord før årets sesong.
Med dette talet kan no bli dobla før sesongen er over.
– Hands og halding er kanskje dei to største årsakene til at talet på straffespark har gått opp. Men det er mange element som spelar inn, derfor er det for tidleg å peike på at «derfor har vi fleire straffespark i 2020», seier dommarsjef Terje Hauge til NRK.
FIFAs regelkomité IFAB gjorde endringar i reglane for straffespark før årets sesong.
Dei nye reglane har skapt frustrasjon gjennom heile sesongen. Eit døme på frustrasjonen er Brann-spelar Kristoffer Barmens forslag i august:
– Vi må fjerne straffespark heilt. Både i internasjonal og norsk fotball er det dessverre ein stor del av «gamet» å jukse seg til straffespark, så det er på tide å gjere noko drastisk der. Få vekk alt med straffespark i fotballen, sa han til Eurosport.
Korona-effekten
Hauge er ikkje sikker på kor mykje dei nye reglane har hatt å seie.
– Det er litt meir hands og litt meir halding i straffefeltet som gjer at det blir fleire straffespark. Så får vi heller sjå når sesongen er ferdig kva som skjedde i 2020 med betydning for talet på straffespark, seier Hauge.
Han har også ein teori om ei anna medverkande årsak: Den heilt spesielle koronasesongen.
På grunn av smitteverntiltaka kom ikkje sesongen i gang før midt i juni, to og ein halv månad seinare enn planlagt. Det gir mykje tettare og meir belastande kampprogram.
– Tidlegare sesongar har spelarane vore med på løp heimover på overgangar og kontringar, men vi legg merke til at det er ekstremt mykje halding i år. Dette handlar sikkert om belastning og talet på kampar. Sjølve spelet har endra seg litt på dette med overgangar og halding, og dermed igjen talet på straffespark, forklarer Terje Hauge.
Ropa frå spelarane blir tydelegare for dommarane når det er minimalt med lyd frå publikum. Men Hauge trur ikkje det spelar inn.
– Vi skal ikkje bli prega av det. Vi kjenner trenarane og spelarane, og det skal vere spontanitet og engasjement ute på bana, seier han.
– Det vi kanskje skal reagere på, er når det ikkje lenger er spontant, men noko som går over tid. Vi greier kanskje lettare å fange det opp utan publikum, noko vi ikkje ville gjort med mykje publikum på plass.
Straffe-eksplosjon også i Premier League
Men det er handsreglane som blir mest heftig diskutert denne sesongen, både i Noreg og internasjonalt. Tendensen i engelske Premier League er iallfall den same som i Noreg.
Der er det dømt 20 straffespark berre på dei 28 første ligakampane. Der var det 92 i heile fjor, og rekorden frå sesongane 2009–10 og 2016–17 er på 106.
Fleire av årets straffespark har vore svært kontroversielle. Sist helg skapte tre hands-avgjerder store overskrifter, mellom anna då Manchester United fekk straffe etter at dommaren hadde blåse av kampen.
Dei nye handsreglane får mykje av kritikken for det. Kritikarane peikar på at angripande land medvite skyt mot hendene, og Hauge avviser ikkje det.
– Vi ser tendensar til at i staden for at ballen blir slått som et innlegg for å heade, blir han slått opp i hoftehøgde og armhøgde. Kor mykje ein spekulerer i det, får spelarane svare på, seier Hauge.
– Kva synest de dommarane om det?
– Vi skal forvalte spelereglane. Det blir alltid slik at spelet utviklar seg etter reglane. Slik har det alltid vore, og slik vil det også vere med nye handsreglar, seier dommarsjefen.
- PS: Dei nye handsreglane blei sett i verk internasjonalt frå 1. juni. Derfor var det ikkje meininga at dei skulle bli tekne i bruk i Noreg i år, ettersom sesongen eigentleg skulle teke til i slutten av mars. Men fordi sesongstarten blei utsett til midten av juni, blei dei innført i Noreg i år likevel.