Hopp til innhold

Idrettsleiar kritiserer Kjøll-utspel

Idrettspresident Berit Kjøll stiller til attval som idrettspresident på idrettstinget i 2023. No stussar presidenten i Noregs Basketballforbund, Jan Hendrik Parmann, over at Kjøll offentleggjorde sitt kandidatur gjennom idrettens kanalar.

VM snøsport for parautøvere

TIL ATTVAL: Berit Kjøll ønskjer ein ny periode som president i Noregs Idrettsforbund og olympiske komité.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg reagerer ganske kritisk på at kandidatar, også gjennom NIFs kanalar, allereie no offentleg vel å fremje sine kandidaturar, og ikkje ventar på den prosessen som valkomiteen har lagt opp til, seier Parmann til NRK.

Den erfarne presidenten i basketballforbundet meiner tidspunktet for offentleggjering vil påverke valkomiteens arbeid.

– Dette bidrar berre til å forstyrre elles gode og uhilda vurderingar hos valkomiteen, som vi jo har demokratisk valt til nettopp å gjere denne oppgåva for oss, seier Parmann til NRK.

Jan Hendrik Parmann, president i Norges basketballforbund

KRITISK: – Dette bidrar berre til å forstyrre elles gode og uhilda vurderingar hos valkomiteen, seier Parmann.

Foto: Brynjar M.M. Osgjerd / NRK

Verken Noregs Basketballforbund, Noregs Volleyballforbund, Studentidrettsforbundet, Noregs Brettforbund eller Noregs Ishockeyforbund har foreløpig fremja nokon kandidatar til presidentvalet.

– Men når det er sagt, så kan og bør vi ha synspunkt på den innstillinga som valkomiteen seinare legg fram. Men før det, vil og bør eg ikkje meine noko, dersom ikkje valkomiteen sjølv legg opp til ein annan type prosess, seier Parmann.

President i Noregs Ishockeyforbund og stortingsrepresentant, Tage Pettersen (H), er ueinig med Parmann.

– Sjølvsagt må kandidatar kunne bli fremma og fremje seg sjølv før valkomiteen startar sitt arbeid skikkeleg. Det er jo den måten kandidatar kjem fram. Men å bruke idrettens kanalar kan eg vere med på å diskutere om er korrekt, seier Pettersen til NRK og utdjupar:

NBO presenterer sine nye, etiske retningslinjer

UEINIG: Tage Pettersen deler ikkje alle av Parmanns synspunkt.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Eg meiner at ein naturleg del av ein valprosess er størst mogleg openheit om aktuelle kandidatar så tidleg som mogleg. Eg opplever at Parmann meiner ein berre skal fremje kandidatar gjennom valkomiteen, og at vi skal sitte stille i båten til dei er ferdige med sitt arbeid. Men eg er einig med han i at det er merkeleg å bruke NIFs informasjonsavdeling til å fremje seg sjølv.

Kjøll seier til NRK at ho gjorde valkomiteen merksam på at ho ønskte å vere open om sitt kandidatur i offentlegheita for å unngå vidare spekulasjonar.

– Eg har fått mange spørsmål om eg stiller til attval, både frå media og frå andre. Eg har naturlegvis full respekt for valkomiteens arbeid og ser fram imot ein god, open og ryddig prosess fram mot Idrettstinget 2023, skriv Kjøll i ei SMS måndag kveld.

Berit Kjøll

Berit Kjøll har stor tro på at kontinuitet i leiarskapet vil vere bra for idrettsorganisasjonen.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Pandemien har vore den største utfordringa

Kjøll har vore idrettspresident sidan mai 2019, då ho blei vald med berre to stemmers overvekt på Idrettstinget. Frå tidlegare har ho lang leiarerfaring frå næringslivet.

– Eg er veldig motivert for å vidareføre arbeidet med å snu fråfallet og sikre gode rammevilkår for norsk idrett etter pandemien, sa Kjøll i ei pressemelding måndag morgon.

I pressemeldinga nemner Kjøll spesielt straumkrisa, som ho meiner truar med å forsterke ein allereie alvorleg situasjon for idretten, og som vil presse rammevilkåra endå hardare i tida som kjem.

– Både folk flest og staten må stramme inn økonomisk, samstundes som vi slit med fråfall, større ulikskapar knytt til om folk har råd til å delta, og eit etterslep på anlegg. Dette er saker eg brenn for og ønskjer å bidra til å sikre kontinuitet i lagarbeidet med å løyse, seier Kjøll.

Til NRK understrekar ho at pandemien har vore den største utfordringa i dei tre og eit halvt åra ho har sitte som president.

– Det å oppnå gode, sterke rammevilkår i pandemien har vore det aller viktigaste for norsk idrett. I god og tett dialog med myndigheitene så har vi lykkast godt der. I tillegg har vi jobba mykje med etisk og trygg idrett, seier ho.

Antidopingkrisa

På seinsommaren blei Noregs Idrettsforbund kritisert for manglande vidsyn rundt antidopingkrisa kor Noreg som ytste konsekvens kan utestengast frå internasjonale meisterskap i aldersgruppa 15–18.

Årsaka til krisa er ei særnorsk lovtolking som gjer at utøvarar mellom 15 og 18 år ikkje kan dopingtestast utan samtykke frå foreldra.

– NIF kunne naturlegvis orientert særforbunda umiddelbart, men det er naturleg at idrettsstyret først blir orientert om status i saka, og dernest organisasjonen, slik det no er lagt opp til direkte etter Idrettsstyrets møte, sa Kjøll til NRK i august.

Les også Hudfletter idrettsforbundet etter NRK-avsløring

Tage Pettersen

Potensiell kvinnekamp om presidentskapen

Idrettspresidenten opplever at ho har ei brei og unison støtte i idrettsorganisasjonen, men må rekne med motkandidatar.

I eit intervju med VG i september sa tidlegare Norsk Tipping-direktør Åsne Havnelid at ho ikkje utelukkar at ho stiller som kandidat. Havnelid har tidlegare voire dagleg leiar for Toppidrettssenteret og assisterande toppidrettssjef.

– Kandidat som idrettspresident er ikkje noko ein melder seg til, det er det idretten sjølv som må be om, seier Havnelid til NRK.

– Eg har fått fleire uformelle spørsmål om eg vil stille, legg ho til.

Kjøll konfirmerer ovanfor NRK at Havnelid kontakta henne tidlegare i haust for å si at ho ville stille som kandidat til presidentvalet.

– Da blir vi to, svarte Kjøll på henvendelsen frå Havnelid.

Åsne Havnelid

Åsne Havnelid kontakta idrettspresidenten tidlegare i haust og sa at ho hadde tenkt til å stille til val.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Valkomiteleiar Terje Roel opplyser til NRK at idrettskrinsar og særforbund har fått påminning om at om dei ønskjer å fremje kandidatar til president og andre verv, må dei sende desse til valkomiteen innan 10. desember.

– Eg er glad i idretten, og har levd med idrett i heile mitt liv. Idretten er kanskje viktigare no enn nokosinne, med store oppgåver som å hindre fråfallet og å få betre rammevilkår, seier Åsne Havnelid.

Ap-politikar og leder i Holmlia Sportsklubb, Zaineb Al-Samarai, er også nemnt som ein kandidat. Det vil ho ikkje kommentere.

– Eg har svara valkomiteen at eg stiller meg til disposisjon for attval til idrettsstyret. Det er alltid hyggeleg å bli nemnd. Men no må organisasjonen og valkomiteen få lov å gjere jobben sin, seier Al-Samarai.

Zaineb Al-Samarai

Zaineb Al-Samarai vil ikkje kommentere om ho skal stille til val som idrettspresident.

Foto: Arbeiderpartiet

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal