Hopp til innhold

Norske friidrettstalent i branndrama: – Løp ut i boksaren

Ei rekkje norske friidrettstalent var involverte i ein hotellbrann i Sør-Afrika natt til søndag. Dagen etter hadde personlege eigedelar og staden dei budde på brunne opp.

Mikkel Bakken, Andreas Fjell Halvorsen

MÅTTE FLYKTE FOR LIVET: Dei unge friidrettstalenta Mikkel Bakken og Andreas Fjell Halvorsen.

– Vi var rimeleg «shaky». Det var veldig dramatisk. Du blir jo skjelven der og då.

Slik beskriv trenar Atle Karlsen Mortvedt hendinga som skjedde i den sørafrikanske byen Dullstroom. Der har eit heilt lag med norske friidrettstalent vore dei siste tre vekene på treningsleir.

Men på den nest siste natta skulle Andreas Fjell Halvorsen (17) pusse tennene før han skulle leggje seg. Då han såg opp i taket, var det fullt av røyk.

– Ein tenkjer eigentleg berre på å få sagt frå til resten og komme seg ut, seier friidrettsutøvaren som deltok i terreng-EM i desember, til NRK.

– Dei løp ut i boksaren nærast. Dei fekk med seg passa sine, det var det dei rakk å ta med seg. Så løp dei for å varsle meg. Det tok tre minutt. Då var det for seint å gå på rommet, det stod i full fyr, beskriv Mortvedt.

BRANN

I RUINAR: Slik så romma ut dagen etterpå.

Foto: privat

Mista verdifulle eigedelar

Trenaren, som var ansvarleg for gutane på treningsleiren, beskriv ein røyk som berre vart tettare og tettare, så tett og giftig at dei måtte komme seg bort umiddelbart.

– Vi hadde flaks. Eg låg og såg på Idrettsgallaen då gutane hamra på vindauget. Hadde dette skjedd ein halvtime eller tre kvarter seinare då alle hadde sovna, kunne det gått veldig ille, seier Mortvedt.

Atle Mortvedt

DRAMATISK: Slik beskriv trenar Atle Karlsen Mortvedt hendinga.

Foto: privat

Hotellet dei budde på heiter Highlander Hotell Dullstroom. Brannen skal ha starta i leilegheita like i nærleiken der dei norske utøvarane budde.

Alle utøvarane kom seg ut i tryggleik utan nemneverdige skadar. Foreldre vart kontakta umiddelbart etter at situasjonen var under kontroll. Ifølge det norske laget skal heller ikkje nokon av dei andre gjestene ha vorte skadd.

Treningsleir, friidrett, sør afrika

TRENINGSLEIR: Ei rekkje norske friidrettstalent har vore dei siste vekene i Sør-Afrika på treningsleir.

Foto: privat

Men trenarar og utøvarar mista det meste av eigedelar dei hadde med seg på turen, som mellom anna joggesko, laktatmål og elektroniske utstyr til fleire tusen kroner.

– Det er litt kjipt å miste alle tinga sine. Men det viktigaste er at det gjekk bra med alle, seier Ullensaker Kisa-lauper Andreas Fjell Halvorsen.

– Skummelt

Han var den første til å oppdage brannen, medan Tjalve-lauper Mikkel Bakken (17) var med på å varsle andre lagkameratar og hotellgjester.

– Mikkel skreik at ein måtte ta med seg pass. Alle fekk med seg pass og sprang ut, seier Halvorsen.

Bakken fortel at hendinga er noko som har prega dei og som dei snakkar mykje om.

– Det var ganske skummelt der og då. Det viktigaste var å komme i tryggleik, men vi opplevde det som ganske alvorleg då, seier han til NRK.

Trenar Mortvedt fortel at dei vart overlatne heilt til seg sjølv, og at brannvesenet ikkje hadde komme då den norske leiren drog frå hotellet. Heldigvis var det fleire norske friidrettsutøvarar i byen.

– Vi overnatta hos dei på nokre sofaer. Så fekk vi låne treningsutstyr og fekk til og med ein god økt dagen etterpå, seier Bakken.

Måndag ventar ein lang flytur frå Johannesburg til Oslo.

– Det var rart å skulle pakke på veg heim og berre eige ein plastpose med ting. Det var spesielt, men gutane tek det bra. Vi var heldig at det gjekk bra med alle, det var det viktigaste, seier Bakken.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal