Det var ingen beskjeden velkomst Magnus Carlsen fekk då han kom til Hyatt Regency hotell i Chennai onsdag ettermiddag.
Til indisk musikk fekk nordmannen ein krans kasta rundt halsen. Like etter kom ei indisk dame til for å plante eit hindumerke i panna på 22-åringen.
Sjakkvidunderet blei så losa gjennom folkemassen utan å prate til dei mange mediene som hadde møtt fram.
Deler hotell med rivalen
Motstandar Viswanathan Anand bur også på hotellet, som er arena for den tre veker lange VM-kampen.
Det var også lettare kaotisk allereie før Carlsen ankom Hyatt Regency hotell. Måndag møtte han media på flyplassen i Chennai.
Rundt 50 journalistar ville snakke med nordmannen, som ganske raskt måtte ha hjelp frå politiet for å komme seg ut av området.
– Det var lettare kaotisk. Magnus er jo førstesidestoff i indiske aviser om dagen, og journalistane her er ganske intense, sa manager Espen Agdestein etter flyplass-sirkuset.
Fleire tusen til opningsseremonien
Laurdag brakar VM-tittelkampen i gang, og på førehand har mange peika ut Carlsen som den store favoritten.
I morgon startar sirkuset for alvor. Då er det opningsseremoni.
– Der kjem det rundt 6500 personar. Det blir litt intenst desse dagane framfor VM, men det er jo bare hyggeleg. Det viktige er at Magnus ikkje skal tenke for mykje på sirkuset, og førebu seg som normalt, fortel manager Espen Agdestein.