– Då Magnus ankom flyplassen venta ei svær klynge med indiske journalistar. Han blei stoppa for å svare på spørsmål, men politiet fekk eskortert han ut, seier Carlsens manager Espen Agdestein til NRK.no.
Det tok fullstendig av med ein gang sjakkvidunderet Magnus Carlsen ankom den indiske byen Chennai måndag.
Popstjerne-velkomsten få dagar før VM-tittelkampen i sjakk vitnar om at pågangen er ekstrem.
– Det var lettare kaotisk på flyplassen. Magnus er jo førstesidestoff i indiske aviser om dagen, og journalistane her er ganske intense, seier Agdestein.
– Men det gjekk ganske bra. Magnus svara på spørsmål i rundt fem minutt før han måtte gå, fortel manageren.
Telefonen går varm
Agdestein har naturleg nok ein mobiltelefon av det masete slaget om dagen.
– Folk ringer heile tida. Mange, mange medier verda rundt skriv om dette. Det er hektisk.
Denne veka har mellom andre Time Magazine og tyske Die Zeit publisert store saker om det norske sjakkhåpet.
– 6500 vil sjå Carlsen på opningsseremonien
Torsdag ventar VM-opningsseremoni for Carlsen.
– Der kjem rundt 6500 personar. Det blir litt intenst desse dagane framfor VM, men det er jo bare hyggeleg. Det viktige er at Magnus ikkje skal tenke for mykje på sirkuset, og førebu seg som normalt.
- VIDEO: Magnus Carlsens utrulege sjakkliv på ni minutt