Laurdag publiserte sykkellaget Uno-X rittlista for årets sesong, og der kom det fram at det norske laget skal delta i Tour of Saudi, Tour of Oman og World Tour i Dei foreinte arabiske emirat. I World Tour er det berre damelaget som stiller.
Dei vala tykkjer Jonas Lindstrøm lite om. Han er til dagleg programleiar i sykkelmagasinet sin podkast «Gruppo Compatto».
– Eg likar det ikkje. Det harmonerer ikkje med dei verdiane som selskapet, og dermed laget, fremjar og slår seg sjølv på brystet med. Dei er ein del av sportsvaskinga, og set dessutan sykkelfansen som vil heie på dei under Tour de France, i ein lei posisjon, seier Lindstrøm til NRK.
RITTLISTE: Dette er ritta Uno-X skal sykle før klassikarane byrjar.
Foto: GRAFIKK: Geir Jone Karlsen / NRKReagerer kraftig
Lindstrøm kallar ritta «små» og «bakgardsaktige», og trekk fram mange andre alternativ som Uno-X heller kunne valt.
IKKJE LIKE BLID: Jonas Lindstrøm, her frå podkaststudioet.
Foto: Privat– Det er ingen sykkelryttar i Noreg som drøymer om å vinne ein etappe i Tour of Saudi, seier han og held fram:
– Ein blir ikkje ein betre ryttar av å delta i rittet, og det er ikkje så mange rankingpoeng å vinne. Det finst mange andre sykkelritt andre stader i verda som dei kunne valt, og som hadde gitt ryttarane ein god matching. Dette var ikkje eit val dei måtte ta, seier Lindstrøm.
– Så kvifor gjer dei det?
– Tour of Saudi har same arrangør som Tour de France, og det er nok ganske velfundert i leiinga til Uno-X at ein får mykje meir av å vere på godfot med arrangørane der, enn negativ publisitet ved å delta i Tour of Saudi og andre ritt i Midtausten.
Han meiner at Uno-X burde stått på sitt.
– Eg tykkjer absolutt at dei burde ha sagt nei og tatt den vesle risikoen. Dei burde stolt så mykje på konseptet sitt, verdiane og historia at dei hadde tolt det, i staden for å vere så feige og spele så trygt som dei gjer no, seier han.
Dagleg leiar i Uno X, Jens Haugland, fortel til NRK at sykkellaget har landa på at det er betre å vere til stade og fremje verdiane laget har, enn å boikotte.
Det får Lindstrøm til å rynke på nasen.
– Eg er veldig spent på å høyre kva effekt dei trur dei kjem til å oppnå der nede. No har vi nettopp vore borti eit fotball-VM og det som eventuelt som er kommunisert gjennom det, har vel litt meir innverknad enn kva vesle Uno X klarer å få til, seier han.
Avfeiar kritikken
Jens Haugland, som er dagleg leiar i Uno-X, meiner det ikkje er laget sitt ansvar å svare på om dei deltek i sportsvasking.
STÅR FOR VALET: Dagleg leiar, Jens Haugland.
Foto: Berit Roald / NTB– Det er i tråd med våre verdiar å stå for dei vala vi tar, også dei vanskelege. Vi meiner det er meir riktig å delta, enn at vi ikkje deltar. Våre kvinnelege ryttarar skal sykle eit profesjonelt dameritt i Dei foreinte arabiske emirat neste månad – eg meiner dette er eit lite, men fint skritt i riktig retning, seier Haugland til NRK.
På svar frå kritikken frå Lindstrøm om kva dei ynskjer å oppnå ved å reise til Saudi-Arabia, svarer Haugland dette:
– Eg forsøker å snakke ope om ei vanskeleg problemstilling med vår statskanal – det i seg sjølv gir saka betydeleg merksemd. Vi fremjar våre verdiar gjennom å vere eit profilert sykkellag frå Skandinavia med synlege verdiar, som for eksempel det same sportslege opplegget og vilkår for våre kvinnelege og mannlege sykkelryttarar. Eg er stolt av våre lag og våre menneske, seier han.
Han meiner at den sportslege årsaka handlar om god matching.
– Vi presterte svært bra i ritta i fjor og det vart ei svært god sportsleg oppleving for fleire av våre unge ryttarar, der vi blant anna vant ein etappe i Tour of Oman. Laget står samla bak denne deltakinga, og eg har full tillit til at vår sportslege leiing veit kva som er riktig å gjere med omsyn til sportsleg utbytte. Både for våre mannlege og kvinnelege proffar, seier han.
Han avfeiar at valet har noko innverknad på lagets sjansar om deltaking i Tour de France.
– Det er feigt viss ein ikkje står for vala vi tek. Vi står for vala våre og har aldri sagt at det har vore enkelt. Vi forsøker å ha eit godt og ryddig forhold til alle arrangørar på den internasjonale rittkalenderen. Kvart einaste ritt vi syklar er et særskild val vi sjølv tar, seier Haugland.