Hopp til innhold

Meiner han blei skvisa ut av Solbakken: – Respektlaust

Joshua King (33) meiner han blei vraka frå landslaget på feigt vis. No tar han eit oppgjer med Ståle Solbakken.

Et bilde av Joshua King i profil

KRITISK: Joshua King deler i podkasten «Bakrommet» om korleis han føler seg dårleg behandla av Ståle Solbakken.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

I NRK-podkasten «Bakrommet» opnar Joshua King opp om perioden da han gjekk frå å vere stjerna på landslaget til å bli vraka da Ståle Solbakken kom inn.

Eg følte ikkje han hadde noko respekt for meg som person og som fotballspelar, seier King, og legg til at han meiner Solbakken ikkje har likt han sidan dag éin.

En gruppe menn i sportsuniformer

SKVISA UT: Joshua King under den tredje siste samlinga han blei teken ut til av Ståle Solbakken, tilbake i 2022.

Foto: Lise Åserud / NTB

Angrepsspelaren, som no spelar i franske Toulouse, har 62 landskampar og har scora 20 mål for Noreg.

– Respektlaust

På slutten av 2020 tok Ståle Solbakken over som landslagssjef. King blei sist tatt ut på samling i september 2022.

– Med ein gong Ståle tok over, skjønte eg at tida mi på landslaget var over. Det var første samling i Marbella da han tok over, der hadde eg ein samtale med han i to-tre minuttar. Rett etterpå ringde eg kompisen min og sa: «Eg kjem til å bli ferdig på landslaget. Sakte, men sikkert kjem han til å skvise meg ut», fortel King.

Ståle Solbakken slår tilbake mot kritikken frå Joshua King og kallar det berre tull. Sjå svaret lenger ned i saka.

et par fotballspillere som klemmer

FEIRING: Joshua King feirar mål for Noreg mot Armenia med Martin Ødegaard da Noreg vant 9–0 mot Armenia i 2021.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I ei av dei siste samlingane han var med på scora han tre mål da Noreg vann 9–0 i ein privatlandskamp mot Armenia.

Viss ein annan spelar hadde scora hat trick i ein kamp, så hadde han vore med dei neste fem samlingane. Eg hadde ei samling til, og så var eg ferdig. Så eg synest det var litt respektlaust, i og med kven eg er som person, og alderen og rutinen min. Men viss han har lyst på mange unge spelarar og ikkje vil ha rutine i laget, så respekterer eg det.

Fekk ikkje telefon frå Solbakken

Han reagerer spesielt på korleis han fekk beskjeden om at han ikkje vil bli tatt ut på neste samling.

to menn i røde uniformer

BODBRINGAR: Joshua King hevdar det var assistenttrenar Brede Hangeland (til venstre) og ikkje Ståle Solbakken (t.h.) som gav beskjed om at han ikkje blei teken ut på landslaget.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Han turte ikkje å ringe sjølv. Det var Brede Hangeland som ringde. Så ringde han og sa: «Du blir ikkje tatt med til samlinga i juni», fortel King og legg til:

Eg sa det var greitt. Deretter spurde eg: «Kvifor ringer ikkje Ståle meg sjølv?». Og da fekk eg til svar: «Han er oppteken». Han er for oppteken til å ringe den mest rutinerte spelaren på landslaget og berre forklare? Eg hadde respektert det om han gjorde det, men at du ikkje kan ringe sjølv ... Kva er det du er oppteken med, spør King.

FBL-ENG-PR-BOURNEMOUTH-MAN UTD

MATCHVINNAR: Joshua King var i mange år ein svært viktig spelar for den engelske klubben Bournemouth. Her frå då han scora og blei matchvinnar mot Manchester United i 2015.

Foto: IAN KINGTON

Før Noreg fekk verdsstjerner i angrepet som Erling Braut Haaland (24) og Alexander Sørloth (29), var King ein av landslagets viktigaste spelarar.

– Eg seier ikkje at eg skal spele til fordel for Erling, men eg er god nok for å vere med på landslaget. Eg har jo vore «main man» på landslaget i åtte år – å gå frå det til å berre bli heilt borte ... Han kunne jo hatt meg som superinnbytar, seier King, og legg til at han også kunne hjelpt inn mot dei yngre spelarane.

Heile praten med Joshua King blir publisert i ein ny episode av Bakrommet i NRK Radio fredag morgon:

Tok ut sin eigen son

Da Markus Solbakken leverte godt på midtbanen for Viking i 2023 valde landslagssjefen å ta han med i troppen. Sonen fekk ein halvtime på banen i privatlandskampen mot Jordan og sat på benken mot Georgia. Solbakken har ikkje vore med i troppen etter den samlinga

– Han får lov til å velje sine spelarar og ta ut sitt lag. Han tok ut sonen sin, for eksempel. Og ikkje ta med andre som spelar i same posisjon som spelar høgare ligaer. Det er hans val, seier King.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

BAKROMMET: Joshua King deler mange av sine tankar i podkasten «Bakrommet» med Åge Hareide, Emil Gukild og Andrine Hegerberg.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

King fortel vidare at det å spele for landslaget er noko det han set høgst i spelarkarrieren sin.

– Det einaste som eg har gått glipp av i karrieren som eg skulle ønske eg klarte, det er å spele Meisterligaen og eit meisterskap med Noreg. Dei to tinga hadde gjort livet komplett for meg.

Et nærbilde av Joshua King som ser alvorstynget ut

FRAMLEIS LYST: Joshua King fortel at han framleis ønsker å spele for Noreg.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Denne sesongen har han scora fire mål og har tre målgivande pasningar på 22 kampar i Frankrike. Han lukkar ikkje døra for at han kan kome tilbake til landslaget.

– Eg kjem ikkje til å komme ut med ei pressemelding og seie: «Eg legg opp på landslaget». Viss kva for ein som helst trenar, det gjeld Ståle også, ringer og seier: «Me vil ha deg på landslaget». Så kjem eg alltid til å takke ja, så lenge eg er frisk.

Solbakken: – Berre tull

Ståle Solbakken er krystallklar på at han meiner Joshua King bommar med kritikken.

På spørsmål om at King vart skvisa ut etter samtalen på Marbella, og at han ikkje skal ha likt King sidan dag éin, svarer Solbakken:

– Nei, det er berre tull frå A til Å, utan rot i verkelegheita i det heile. Det veit han inst inne. Og det veit også Brede og Kent og vi som har diskutert laget. Det går på ein rein konkurransesituasjon, at i min periode har han vore eit stykke bak Erling (Braut Haaland) og eit stykke bak Alex (Sørloth), seier Solbakken.

Erling Braut Haaland bytter med Joshua King mot Sverige i 2022

SPISSDUO: Joshua King og Erling Braut Haaland.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Landslagssjefen utdjupar:

– Han har også blitt offer for at vi ofte eller nokre gonger berre har spelt med éin spiss. Da har vi spelt med ein hengespiss nokre gonger, i den perioden han var der, og da har Thorstvedt blant anna blitt brukt i den rolla. Så det der er rett og slett ikkje sant.

– Han seier at han reagerer på at det var Brede som ringde han da han ikkje blei tatt, og at du ikkje torde å gjere det sjølv?

– Eg ringde han ved eit par andre høve. Vi fordelte det der kvar gong, dersom det er noko vi vil formidle. Eg var opptatt med heilt andre ting. Derfor var det Brede som ringde den eine gongen. Så det er også berre tull.

Norges landslagssjef Ståle Solbakken og Joshua King under en trening med Norges herrelandslag i fotball.

BERRE TULL: Solbakken reagerer på kommentarane til King.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Han meiner du behandla han respektlaust?

– Det er også berre tull. Han meinte i samtale med meg at Erling var den beste målscoraren, men at han sjølv var den beste spelaren. Eg sa til han at det var fint at han meinte det, men at vi tar ut det laget vi meiner er best.

– Her går det på kven som er best no, og ikkje kven som har vore best i eit historisk perspektiv. Han har jo rett i at han har vore spiss nummer 1 for Noreg i eit historisk perspektiv, før dei gutane her kom, seier Solbakken, og viser til spelarar som Haaland og Sørloth.

Solbakken er også heilt ueinig i kritikken som gjeld sonen Markus, som fekk éin landskamp i 2023.

– Du kan tenke deg kor mange rundar ekstra vi gjekk på det. Han var den beste spelaren i eliteserien i seks–sju veker der og fortente å vere med. Det der er jo litt sånn nesten på kanten barnsleg. Det er noko som du sjølvsagt scorar lettvinte poeng på, og som han bør halde seg altfor god for, meiner landslagssjefen.

Ståle Solbakken og Markus Solbakken under Norge – Jordan i 2023.

FAR OG SON: Ståle og Markus Solbakken.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

– Får komme meg til Eliteserien

Då King får høyre Solbakkens svar på sine eigne utsegn i podkasten, svarer spissen at han spelte fast i England (King starta 27 Premier League-kampar for Watford sesongen 2021/22) i starten av Solbakkens tid som landslagstrenar.

– Eg hadde ingen intensjonar med å trakke på nokon da eg blei med i podkasten. Vi snakka om karrieren så langt, og erfaringane mine. Etter ein lang karriere med erfaring frå fleire trenarar merka eg tydeleg at eg var uønskt av Ståle, skriv King i ei melding til NRK.

Han avviser samtidig sterkt at han har sagt at han var betre enn andre spelarar.

– I dei to samtalane mine med Ståle har eg aldri nemnt namnet på andre spelarar, bortsett frå da eg nemnde at det er sjølvsagt at eg ikkje skal starte framfor Erling!

Og legg til slutt til:

– Eg får komme meg til Eliteserien og vere best i sju veker. Så blir eg forhåpentleg tatt med i troppen, skriv Toulouse-spelaren.

Les også Følte han måtte ta et oppgjør med ukultur på landslaget: – Klarte ikke holde det inne lenger

Bakrommet møter Alexander Sørloth hos klubblaget Atlético Madrid.

Spilles av
Her sparker hun motspilleren
Neste

Siste nytt

  • Glimt-sjefen forberedt på ekstreme forhold: – Vi aner ikke hvordan vi skal takle det

    Kjetil Knutsen tror klubben får en helt ny opplevelse når de onsdag møter Galatasaray i mesterligaen onsdag.

    Hjemmesupporterne til Galatasaray er velkjent for et ekstremt lydnivå.

    – Det er umulig å forberede seg på. Vi er ikke vant til det, men vi ser fram til det. Det er en ny opplevelse, og vi aner ikke hvordan vi skal takle deg, sier Kjetil Knutsen på pressekonferansen i Istanbul tirsdag kveld.

    – Det blir tøft og er ingen tvil om at det blir en utfordring. Vi har vært borti tøffe kamper før der det har vært lignende tilstander. Vi er godt forberedt på det. Så gjelder det å holde hodet kaldt når det koker som mest underveis i kampen, sier Jens Petter Hauge til NRK.

    – Det er ikke alt du kan forberede deg på. Jeg vet ikke hvor høy mange desibel det er her, men det er det som har vært vår reise. Spillerne får nye utfordringer. og veldig mange av dem klarer de å håndtere, sier Kjetil Knutsen til NRK.

    Galatasaray-Bodø/Glimt har avspark klokken 18.45 onsdag. Kampen sendes på TV 2 Play, kan høres på NRK Sport på radio og følges direkte her.

    Bodø/Glimt-trener Kjetil Knutsen på pressekonferanse i Istanbul dagen før kamp mot Galatasaray i Mesterligaen
    Foto: YASIN AKGUL / AFP / NTB
  • Kjær slet med servingen – ute av storturnering

    Nicolai Budkov Kjær (19) fikk det tøft mot argentinske Tomas Martin Etcheverry (26) og er ute av ATP 500-turneringen i Wien.

    Det norske stortalentet hadde ikke flyten i egen serve og kom seg heller aldri til noen bruddsjanser i duellen. Tapet kom med settsifrene 3-6, 3–6.

    Det var Kjærs første kamp på 500-nivået. Han har tidligere vært inne i tre ATP 250-turneringer.

    Kjær spilte en 250-turnering i Stockholm sist uke, men røk der mot kroatiske Marin Cilic i 1. runde.

    60.-rangerte Etcheverry tok kontroll på oppgjøret tirsdag og brøt Kjærs serve tidlig. Kjær fikk aldri satt inn presset på argentineren og måtte tåle ytterligere et brudd.

    – Han slår omtrent ikke feil, sa TV 2-kommentator Christer Francke om Etcheverry.

    – Her må Nicolai steppe opp og serve litt bedre, la han til.

    Kjær fikk litt mer flyt i spillet i andresettet, men kom seg ikke til noen bruddsjanser i løpet av hele kampen. Kjær leverte et svakt servegame da Etcheverry brøt til 5-3-ledelse, og argentineren servet inn seieren.

    Kjær skulle egentlig spilt kvalifisering til turneringen i Østerrike, men fikk wildcardet til italienske Matteo Berrettini, som måtte trekke seg. Turneringen i Wien er den største Kjær har deltatt i så langt i karrieren. (NTB)

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB
  • Runa Lillegård anker til Høyesterett: – Har ikke mer å tape

    De siste tre årene har Runa Lillegård kjempet for at hodeskaden hun pådro seg under en Vålerenga-kamp i 2022 skal bli vurdert som en yrkesskade.

    I august stilte hun opp i lagmannsretten i rettssaken mot Nav, og fikk avslag på kravet.

    Nå forteller hun til NRK at hun har bestemt seg for å få saken endelig avgjort av Høyesterett:

    – Jeg føler at jeg nå ikke har mer å tape. Jeg har valgt å ta det til retten og føler det er en del av prosessen å prøve det helt ut. Det er fordi jeg ikke vil gi opp midt i prosessen. Nå har jeg fått følelsene litt på avstand, og jeg føler at den jobben bærer preg av en del hastverk, sier Runa Lillegård til NRK.

    Advokaten hennes, Trine Skjelstad Jensen, begrunner anken til Høyesterett slik:

    – Det er 20 år siden Høyesterett sist tok stilling til hva som utgjør en arbeidsulykke på fotballbanen. Også den gang måtte den aktuelle fotballspilleren gjennom NAV-systemet, Trygderetten og lagmannsretten, før Høyesterett ga medhold i at dette ikke var en hendelse spilleren måtte akseptere risikoen ved, innenfor rammene av arbeidet. Vi mener at også Runas hendelse utgjør en arbeidsulykke, sier Skjelstad Jensen til NRK.

    Den siste tiden har det pågått en pengeinnsamling for å hjelpe 24-åringen fra Alta. Den har passert 214.000 kroner. Lillegård pådro seg 83.250 kroner i saksomkostninger fra lagmansretten og 30.000 i ankekostnader.

    Det er midler fra innsamlingen som nå går til å ta saken hennes videre.

    – «Spleisen» var veldig avgjørende. Jeg har skrevet at overskuddet skal gå til Hjernerystelsesforeningen. Da jeg fikk inn nok penger til også å anke saken, var det ikke et alternativ å ta pengene selv. Da måtte man enten overføre pengene til foreningen eller å anke selv. Dermed ble det et ganske enkelt valg, sier Lillegård.

    Runa Lillegård vitner i retten. Hun er emosjonell.
    Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal