Hopp til innhold

Johaug opnar opp for landslagsjobb: – Det hjelper ikkje med brannsløkking

Therese Johaug og Marit Bjørgen er begge villige til å bidra med å løfte det norske kvinnelandslaget ut av ei sportsleg krise, men ingen i landslagsleiinga har spurt dei om råd.

Therese Johaug

ØNSKER Å BIDRA: Tidlegare langrennsdronning Therese Johaug vil gjerne dele av erfaringane sine.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Eg stussar kanskje over at ein ikkje bruker kompetansen frå utøvarar som har prestert før inn i laget.

Det seier Therese Johaug til NRK og påpeikar at tidlegare utøvarar, som framleis er tette på dei aktive, gjerne har ein annan innfallsvinkel enn trenarane.

Kanskje spesielt på jentesida, med alle kroppslege utfordringar og alt som kan gå føre seg, fortset ho.

Førre veke påpeika Torbjörn Nordvall i ein kommentar i Nettavisen at Noreg burde engasjere både Marit Bjørgen og Therese Johaug som eit kriseteam for dei norske langrennskvinnene.

Kriseteam er å ta vel hardt i. Det er mykje som har skjedd dei siste åra. I fjor gjorde dei det bra, og så er det ting som gjer at ein ikkje klarer å oppnå dei same resultata i år som i fjor, påpeikar Johaug, som no jobbar som langrennsekspert i NRK.

Men Bjørgen har allereie sagt at ho villig til å vurdere ei rolle om ho blei spurd av landslagsleiinga.

Problemet har ho aldri har blitt det.

Kritisk til landslagsleiinga

– Å ikkje kontakte Marit er tenestefeil og nonsjalant, utdjupa Nordvall vidare til NRK førre veke.

Torbjörn Nordvall

KRITISK: Kommentator Torbjörn Nordvall.

Foto: NRK

Det er Johaug på mange måtar einig i:

Eg stussar over at Marit ikkje er spurd. Ho er ein historisk olympiar og det er ein grunn til at ho er det. Det er fordi ho var ein rå skiløpar og har veldig mykje erfaring å kunne bidra med inn i laget, seier Johaug.

Har du blitt spurd?

Eg har ikkje fått ein førespurnad om å vere med og hjelpe. Sjur Ole (Svarstad) ringde meg i fjor før VM og lurte på korleis eg trena under eit høgdeopphald før ein meisterskap. Det er det einaste, sånn sett, fortel ho.

Les også Tror Bjørgen kan redde Norge: – Sjokkerende at forbundet ikke har spurt henne

Marit Bjørgen

Landslagssjef ønsker dialog

Landslagskoordinator Ulf Morten Aune seier at utsegnene til Nordvall «får stå for rekninga hans», men påpeikar at både Bjørgen og Johaug bidrar inn mot langrennssporten.

Blant anna sat dei i utvalet som la fram rapporten om norsk kvinnelangrenn på haustmøtet til langrennskomiteen i haust.

– Fleire av utøvarane på laget har framleis relasjonar med dei. Som tidlegare kommunisert vil vi ta kontakt med dei i forkant av evalueringane våre. Desse startar umiddelbart etter at sesongen er over, seier Aune til NRK.

Han påpeikar også at Johaug ikkje har lukka døra heilt for comeback før VM i Trondheim om eitt år.

– Ho har heller ikkje avvist å komme tilbake som utøvar. Vi ønsker uansett å ha ein god dialog med Therese i tida framover, seier Aune.

Verdenscup i langrenn, Ulf Morten Aune

LANDSLAGSKOORDINATOR: Ulf Morten Aune.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Vil bidra på landslaget

Men til liks med Bjørgen er Johaug villig til å rekke ut ei hand til kvinnelandslaget i langrenn, som er inne i ein sjeldan dårleg sesong.

Eg har lyst til å vere med og bidra med kunnskapen min viss det er ønskeleg. Eg har vore i toppidretten i 15 år og har skaffa med mange erfaringar.

Johaug fortset:

Ein ting er å starte i elitelaget, ein må kanskje starte under med rekrutteringa. Frå juniorlandslag og opp, påpeikar ho.

Kva konkret kunne du bidratt med?

Det må vere den erfaringa som toppidrettsutøvar. Det kan vere alt frå trening til teknikk, til korleis ein jobbar i eit team for å få ut potensialet i alle.

Therese Johaug

HAR GULLFORMEL: Therese Johaug med dei tre OL-gulla sine frå Beijing i 2022.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– I ei trenarrolle eller i ei anna rolle?

Trenar er eit veldig stort ansvar. Skal ein gjere dette, må ein gjere det ordentleg. Det hjelper ikkje å komme på ei samling og halde eit foredrag, og så ikkje snakke noko meir med utøvarane. Eg trur det er småting her og der som kan plukkast opp gjennom ein sesong, og som kan rettleiast i rett retning.

Kvinnelandslagstrenar Stig Rune Kveen sa til NRK førre veke at dei «ikkje var framande for å invitere Marit (Bjørgen) på ei samling, slik at ho kan dele erfaringane sine.»

Johaug på si side meiner det er eit bidrag som har null verdi.

Du ønsker deg ei rolle der du kan bidra med kontinuitet over tid?

Ja, det kan hjelpe til at ein får til resultata ein ønsker på sikt. Det hjelper ikkje å gå inn med brannsløkking av og til. Dette må jobbast med heile tida, over fleire månader og år. Det har eg sjølv vore med på og gjort på landslaget frå 2009 til 2015-16, under Egil Kristiansen. Dei resultata alle jentene fekk år etter år etter år.

Emil Gukild har en drøm om å fullføre Birken på under 3:30. Når Therese Johaug får se skigåingen, bryter hun ut i latter.

Emil Gukild har en drøm om å fullføre Birken på under 3:30. Når Therese Johaug får se skigåingen, bryter hun ut i latter.

– Ingen tvil

Den beste norske kvinna i verdscupen samanlagt er Heidi Weng på 8. plass, men ho stod over verdscuphelga i sveitsiske Goms på grunn av sjukdom. Kristine Stavås Skistad, som er Noregs sterkaste kort på sprint, valde også å stå over i Sveits.

For resten av dei norske kvinnene enda sprintrennet i fiasko laurdag. Ingen tok seg vidare frå kvart- til semifinale. Dette har ikkje skjedd sidan februar 2022.

Dei 20 kilometrane på søndag blei også ein norsk nedtur. Ingen norske blei topp ti for første gong i eit distanserenn denne sesongen.

Nærast var Margrethe Bergane på 12. plass, tett etterfulgt av verdscupvinnaren i fjor Tiril Udnes Weng på 14. plass. Ho har stått over store delar sesongen på grunn av sjukdom, men viser likevel til ei stigande formkurve.

Det er ingen tvil om at landslagsjentene har prestert langt under det vi forventar og det dei sjølv forventar, konkluderer Johaug.

Førre sesong kunne det norske kvinnelaget vise til ni individuelle verdscupsigrar og Tiril Udnes Weng verdscupen totalt.

Les også Mener Skistad har gitt svenskene en gavepakke: – Kanskje hun ble litt redd

skistad og svahn

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal