– Hovudet har lyst, men kroppen svarer ikkje alltid like bra, seier Amalie Iuel til NRK.
Hekkeløparen er i ferd med å legge dei siste treningane bak seg før friidretts-VM opnar i London i neste veke.
Men Amalie Iuel vedgår at omstillinga frå USA til Europa i år har kravd sitt. Ho har konkurrert nesten kvar helg sidan januar.
Det har gitt slitasjeskadar som har gjort vegen til VM vanskelegare. – Nesten umenneskeleg, seier trenaren.
– Sleppe opp
– Berre det å putte kroppen inn i så mange konkurransar kan vere utfordrande, seier Iuel, som likevel førebur seg til 400 m hekk i VM med tanke på å gjere det aller beste. Ho trur iallfall at ho har oppskrifta klar.
– Det er litt tungt no, men eg har trent bra. Så skal eg sleppe litt opp på treninga fram mot VM, og håper på ein formtopp der, seier Iuel.
Ho har budd i USA i fire år, og studert og trena ved University of Southern California. Men i juni kom ho heim til Norge igjen, etter at ho sette norsk rekord og greidde VM-kravet i mars i år.
Ser fram til neste år
Om det ikkje skulle bli suksess i VM i London i år, har den danskfødde 23-åringen planar framover.
– Det er vanskeleg å halde forma på topp frå tida i USA og heilt til no. Fokuset er derfor minst like mykje retta fram mot 2018.
– Men eg prøver likevel å levere med eit smell også i 2017, seier ho.
VM i friidrett i London opnar 4. august.