Med 47 mot 34 røyster gav IOC i går vinterleikane om sju år til Italia. Derfor er den tradisjonsrike vintersportsnasjonen Sverige framleis utan ei vinter-OL, trass i ti forsøk sidan 1984.
Og grunnen til det er for liten støtte frå det svenske folket, meiner IOC-president Thomas Bach.
– Eg trur det spela ei avgjerande rolle at medan 83 prosent at italienarane støtta ein OL-søknad, var tilsvarande støtte i Sverige berre 55 prosent, seier Bach til Sveriges Radio.
Tala er henta frå IOCs eiga undersøking, som blei gjort i samband med søknads-evalueringane i mars og april. I ei ny måling offentleggjord sist torsdag hadde talet auka til 63 prosent, men det var altså ikkje nok, meiner Bach.
– For mange (IOC-) medlemmer var skilnaden likevel for stor. Folkeleg støtte går ofte hand i hand med den politiske.
– Kanskje var det også grunnen til at Stockholm ikkje var klar til å skrive under vertskontrakten, sa Bach ifølgje nettstaden gamesbids.com.
Han sikta til at den svenske hovudstaden ikkje hadde makta å få på plass dei nødvendige garantiane. I staden låg det an til at Åre ville signere som hovud-vertsby dersom Sverige skulle få OL.
– Ulike kulturar og medielandskap
MÅ FORKLARE: Sveriges søknadsgeneral Richard Brisius viser til kulturelle og mediemessige skilnader mellom Sverige og Italia
Foto: Jean-christophe Bott / APLeiaren av søknadskomiteen for Stockholm og Åres søknad, Richard Brisius, kjøper ikkje heilt den teorien.
– Det går ikkje å samanlikne eitt land med eit anna. Italia har ein spesiell type medielandskap som fungerer på sin måte, i Sverige har vi ein annan type, seier han.
– I tillegg har vi i Sverige ein annan kultur. Her fungerer det ikkje slik at når nokon seier «dette er veldig bra», så hoppar alle etter. Vi seier heller «vi vil vite meir, vi vil stille spørsmål og forstå», seier Brisius.
Fram til april i år var det usikkert om både Italia og Sverige ville gi sine søknader dei nødvendige garantiane. Men med få dagars mellomrom, like før fristen gjekk ut 11. april, garanterte begge landa for leikane.
– Derfor kjem Italia til å vinne. Når dei først har bestemt seg for å satse, går dei «all in» og gir alt for siger. Det har ikkje vi gjort her i Sverige, sa Dagens Nyheters kommentator Johan Esk i SVT måndag morgon, nokre timar før avgjerda fall.