Sveriges motkandidat er italienske Milano og Cortina.
– Det er no eller aldri, seier Dagens Nyheters kommentator Johan Esk til SVT. Han grunngjev det med IOCs nye regelverk Agenda 2020, som mellom anna skal spreie leikane og syte for at kostnadene går ned.
– Dermed vil søkjarlista bli lenger og konkurransen større, seier Esk.
Sveriges tiande OL-søknad
Italia har arrangert vinter-OL to gonger før, i Cortina i 1956 og i Torino i 2006. Sverige har aldri arrangert vinter-OL.
– Det er ein fordel og eit argument for oss, seier idrettsminister Amanda Lind til SVT.
– Berre for dei som er usikre når dei skal ta stilling, og det er kanskje ikkje så mange. Eg trur kanskje dei som ikkje har eit spesielt forhold til vinteridrett, kanskje tenkjer like mykje på at Milano er ein fin by å få eit opphald i, kontrar Esk.
Sverige har søkt og tapt seks gonger før. I tillegg har dei trekt søknaden før den endelege røystinga tre gonger på grunn av manglande støtte i folket.
Det nærmaste Sverige har kome tidlegare, var då Lillehammer fekk tildelt 1994-OL. Då vann Östersund den nest siste røystingsrunden. Men i den siste blei det knapt fleirtal for Lillehammer, 45 mot 39.
Låg folkeleg støtte
Men Esks innvendingar går først og fremst på den låge folkelege støtten. IOCs evalueringsrapport frå tidlegare i år viser at berre 55 prosent av svenskane var positive til OL i Sverige. Tilsvarande i Italia var 83 prosent for Milano/Cortina.
Ei meiningsmåling i førre veke viste at den svenske støtten har auka til 63 prosent, men framleis langt bak Italia.
Den svenske søknaden blei erklært død for to år sidan, med politisk avslag både i bystyret i Stockholm og i den svenske Riksdagen. Men eldsjelene nekta å gi seg, og etter valet i fjor haust har stemninga sakte snudd.
Det trur ikkje den DN-kommentatoren er godt nok.
– Den politiske støtten kom ikkje før i tolvte time, og det er ikkje overtydande. Vi skal slåst mot Italia, og der veit vi at dei går «all in» for å vinne når dei har bestemt seg. Derfor trur eg vi taper, seier han.
Storaviser med motsette standpunkt
Dei største svenske avisene har teke motsette standpunkt.
«Stockholm fixar att ordna et OS», er tittelen på Aftonbladets leiarartikkel i dag, og ber IOC velje den svenske søknaden.
«Snälla IOC, säg nej til OS i Stockholm», skriv Expressen på leiarplass. – La oss håpe Milano får OL, skriv dei.
På IOC-sesjonen i Lausanne stiller Sverige med både statsminister og kronprinsesse for å overtyde dei 82 delegatane som skal stemme.
– Og la meg gjere det heilt klart: I dag er det heilt sikkert at heile regjeringa står bak søknaden, seier statsminister Strefan Løfven.
Akekonkurransar i Latvia
Planane går ut på at opningsseremonien, innandørsidrettane og big air skal arrangerast i Stockholm, alpinøvingane, fristil og snøbrett i Åre, dei nordiske skiøvingane i Falun. Bob- og akekonkurransane skal gå i Sigulda i Latvia, det har IOC gått med på.
Sverige presenterer seg også som dei første olympiske leikane i eit miljømessig berekraftig arrangement.
Heile arrangementet er kostnadsrekna til 13,3 milliardar norske kroner.
PS: Sverige har faktisk vore OL-vert tidlegare. Det var sommar-OL så lengt tilbake som i 1912. I 1956 blei hestesport-øvingane arrangert i Stockholm, medan resten av sommar-OL gjekk i Melbourne.
På sosiale media er svenske reaksjonar sterke og delte: