Hopp til innhold

Stian syr gulldressane til dei japanske skihopparane:- Han er ein trollmann

Eigentleg var planen å hoppe litt på ski og vere bryggesjauar i Drammen. Så fekk han ein telefon: «Vil du jobbe i Japan som hoppdressdesignar og skreddar?»

Skinnes tilpasser Kobayashis dress.

Stian André Skinnes tilpassar Kobayashis hoppdress.

Foto: Eirik Koren

– Jobbe for Japan? Kva eg tenkjer om det?

Det var Stian André Skinnes sin første reaksjon på spørsmålet frå det japanske Skiforbundet.

– Eg tenkte det var heilt umogleg å ta stilling til.

Stian André Skinnes følger Japans hopplandslag igjennom sesongen

Stian André Skinnes følgjer det japanske hopplandslaget gjennom sesongen.

Foto: Eirik Koren / NRK

Likevel pakka han bagen full av hoppdressar og stoff, tok sats og sette seg på flyet for å møte det japanske landslaget, som var i Frankrike sommaren 2017.

Frå bryggesjauing til OL-satsing

I Frankrike sat han på natta og sydde tre testdressar. Desse imponerte landslagsleiinga så mykje at dei inviterte han til Tokyo.

– Eg gjekk frå å ikkje ha nokon plan, til å få beskjed om at dei ønskte å satse på meg mot OL, seier Skinnes, og legg til:

– Eigentleg skulle eg hoppe litt på ski og jobbe som bryggesjauar på hamna i Drammen ...

Naoki Nakamura, Ryoyu Kobayashi, Stian André Skinnes og trener Janne Väätäinen i Drammen

Naoki Nakamura (frå venstre) Ryoyu Kobayashi, Stian André Skinnes og trenar Janne Väätäinen i Drammen.

Foto: Eirik Koren / NRK

Plutseleg var han ein uunnverleg del av eitt av dei beste hopplandslaga i verda.

Han er fantastisk

På det japanske landslaget er den olympiske meisteren frå 2022, Ryoyu Kobayashi. Ein av dei aller største vintersportsstjernene i Japan.

– Stian er rett og slett fantastisk, konstaterer Kobayashi.

Sara Takanashi har OL og VM medaljar, og over 100 pallplasseringar i verdscupen. Ho er eit fenomen i hoppsporten.

Sara Takanashi

Sara Takanashi tok bronse i OL 2018.

Foto: Kirill Kudryavtsev / AFP

– Han er ein magikar. Eg er så glad for å trene med han, fordi han er ein bra person med mange gode idear, seier Takanashi.

Kjøpte symaskin med studentrabatt

Stian André Skinnes er tidlegare skihoppar. I åra før han vart ein del av det japanske hopplandslaget, budde han på Lillehammer.

Interessa for å lage hoppdressar fekk han ved kjøkkenbordet heime hos ein kamerat, som jobba med dette for dei norske kombinertløparane.

– Under det klippebordet låg det ein del avklipp og stoff.

Han startet med å lage sine egne hoppdresser

Han starta med å lage sine eigne hoppdressar.

Foto: Eirik Koren / NRK

Han fekk ein idé om å bruke avklippet til å tilpasse sin eigen hoppdress. Men først måtte han lære seg å sy. Deretter måtte han skaffe seg ei symaskin som var kraftig nok til stoffet i hoppdressane.

Eg fekk greie på at det var mogleg å kjøpe symaskin med studentrabatt. Så då ringde eg dei som selde slike, seier Skinnes.

Klubbhuset i Drammen ble midlertidig systue under treningen.

Klubbhuset i Drammen vart mellombels systove under treninga.

Foto: Eirik koren / NRK

Dressane passa ikkje

Med saks og symaskin gjekk han laus på eigen hoppdress.

I fleire år hadde han irritert seg over dressane som dei nest beste hopparane brukte. Dei hadde berre standardiserte mål og var ikkje personleg tilpassa, slik som dressane til elitehopparane.

Etter kvart vart han spurt om å sy og tilpasse dressane til andre norske skihopparar, som også ønskte betre passform. Det eine tok det andre. Hoppmiljøet er ikkje større enn at ryktet om Skinnes sine skreddarevner nådde det norske Skiforbundet.

Då Japan brått fekk behov for ein hoppdresskreddar, vart dei tipsa om Stian André Skinnes av Skiforbundet. Det enda med at han ein sommardag i 2017 fekk telefon frå det japanske hopplandslaget.

Trenar: «Heilt avgjerande»

På toppnivå er ikkje ein hoppdress berre ein hoppdress. Skihopping er ein idrett med ørsmå marginar.

– Kunnskapen om dette er avgjerande, seier Janne Väätäinen, trenar for laget til Kobayashi og Takanashi.

Derfor er det umogleg å få topplasseringar med ein dårleg dress. Saumar, design av dressen, stoff og tilpassing har enorm betydning.

Les også Polsk trener ut mot hopplandslaget: – Norge har tatt for stor risiko

thomas thurnbichler (innfelt)
Lindvik

– Det finst inga utdanning. Dei som driv med dette er verkeleg spesielle entusiastar, seier Janne Väätäinen.

Er ein nerd

Vil du kalle deg ein nerd, i positiv forstand?

Eg vil seie at eg har vorte ein nerd ja, seier Skinnes.

I Gjerpenkollen i Drammen

I Gjerpenkollen i Drammen.

Foto: Eirik Koren / NRK

Han bur med familien på Konnerud i Drammen.

Planen er å bli verande i jobben som assistenttrenar for dei japanske hopparane, med ansvar for hoppdressane, ei god stund til. Kontrakten strekkjer seg til over neste OL i 2026.

Han har allereie opplevd to OL for Japan, med gull og medaljar.

I sesongen tenkjer eg berre på å levere, slik at hopparane er fornøgde. Men etter vinteren, når eg ser tilbake, er det er uverkeleg å tenkje på kva eg faktisk har fått vere med på.