Rosenborg har hatt den verste sesongstarten nokosinne etter at det blei landsomfattande serie i 1963. Botnen var nådd då dei blei utspelte og tapte 0–3 for Molde søndag, og ligg sist på tabellen.
Tidlegare Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen meiner det iallfall ikkje har noko med å gjere at spelarane er dårleg trent.
– Eg blir skremd når eg høyrer at leiinga snakkar om at dei er dårleg trent. Dei har ei spelargruppe som har vunne sju av dei åtte siste titlane, og dei har vore i tre av fire gruppespel i Europa. Du vinn ikkje titlar med dårleg trena spelarar. Det kan ikkje stemme, sa Ingebrigtsen i Eurosports studio under oppsummeringa av kampane søndag.
Ingebrigtsen var trenar for Rosenborg fram til han fekk sparken i fjor. Han tok konflikta til retten, og der inngjekk partane forlik for berre nokre månadar sidan.
Likevel hadde han mykje å seie om sin gamle arbeisgjevar.
– Dette er toppidrettsutøvarar som er dedikerte, dei er godt trent, dei er lojale og hardtarbeidande. Rosenborg må ta til å leite etter grunnen til at det ikkje går betre, tordnar Ingebrigtsen, som måtte slutte i klubben i fjor – ei sparking som enda i retten.
NRK har vore i kontakt med RBK-styreleiar Ivar Koteng. Han ønskte ikkje å kommentere Kåre Ingebrigtsens kraftige kritikk av klubbens leiing.
Meiner trenaren blir svikta av leiinga
Han meiner at det er eit komplekst bilde klubben må dykke ned i, men at dei berre er interesserte i å hente fram orsakingar og bortforklaringar, ikkje i å leite etter dei verkelege problema.
– Før dei begynner å ha lyst til å finne ut kva som feilar laget, kjem dette til å halde fram, sa han.
– Det som skremer meg mest, er leiinga i Rosenborg. For seks månader sidan var Rosenborg det desidert beste laget i Noreg. På fire månader i vinter har dei rasert det.
Han meiner at trenar Eirik Horneland blir svikta av klubbleiinga.
– Horneland har ikkje heile ansvaret. Det er leiarane som har tatt avgjerdene. Dei må gi han all hjelpa han treng. Dei er der på jubelbileta, men kvar er dei når trenaren treng dei? Vi ser dei oftast på bankettar.
– Og då snakkar du om kven?
– Både styret og leiinga i klubben. No treng han Horneland alle i Rosenborg, seier Kåre Ingebrigtsen.