Med 3-0-tapet i Romsdalen er Rosenborg heilt sist på eliteserietabellen, to poeng bak Tromsø og Ranheim, og 11 bak serieleiar Molde.
Rosenborg har ikkje vore på aller siste plass på ein eliteserietabell sidan 26. mai 1991 – nesten 28 år sidan.
Rosenborgs trøyst må vere at dei likevel tok sølv i serien det året.
– Vi var kliniske og scora på våre tre første sjansar. Vi gjekk ut for å øydelegge dei, og vi sleppte dei ikkje til i det heile, sa tomålsscorar Magnus Wolff Eikrem til NRK. – Men vi slepper dei for mykje inn i kampen etter kvart.
– Korleis er det å sjå Rosenborg i andre enden av tabellen?
– Eg bryr meg ikkje om Rosenborg.
Molde-trenar Erling Moe var ein glad mann.
– Vi slepper dei nesten ikkje til før pause. Vi skulle nok kanskje hatt eit par i andre omgang også, men slik blei det ikkje, seier han til NRK.
– Har du sett ein så stor skilnad på Molde og Rosenborg før?
– Eg har vore med på å slå dei 5-0. Men det var ei grei markering frå oss, om at vi har lyst til å vere med.
– Blir ikkje verre enn dette
I Rosenborg-leiren var ikkje stemninga like høg.
– Det blir ikkje verre enn dette. Vi taper 3-0 for Molde og er sist på tabellen, slo Pål André Helland fast. – Herfrå kan det berre gå oppover.
Sportsdirektør Stig Inge Bjørnebye synest det var brutalt å sjå kampen.
– Det er vondt å sjå korleis gutane har det der ute. Vi treng ein siger og ein god prestasjon. Vi skal stå saman for å få det til. Kampen blei prega av den brutale opninga, og vi får ikkje rytme, seier Bjørnebye.
– Er de ikkje betre?
– Ikkje no. Det er dumt å late som om ting er annleis enn det fakta viser. Det er smertefullt, det som skjer no.
Bjørnebye slår fast at Eirik Horneland sit trygt som trenar.
– Det er naturleg at det er trykk mot han no. Vi har sjølv gått ut med høge forventningar og ambisjonar. Det er krevande, og vi skal ut av dette saman. Han sit trygt.
Barteforbod
Forventningane og intensiteten var stor i Molde før storkampen, og supporterane skilta med t-skjorter med barteforbod.
– Vi skal ikkje ha nokon trønderbart her i byen, nei, sa Molde-supporter Daniel Karlsvik til NRK.
Det er uvisst om det var det som hjelpte. Molde var favoritt, og innfridde til gagns frå kampstart. I første omgang leverte iallfall heimelaget fest og champagne mot erkerivalen og fjorårets dobbelvinnar.
Det tok mindre enn to minutt før Ruben Gabrielsen sette inn 1-0 til heimelaget. Det tok ti minutt til, så hadde Magnus Wolff Eikrem dobla leiinga for heimelaget. Og etter 27 minutt la Eikrem på til 3-0.