Hopp til innhold

Idrettshistorikar om Klæbo-disken: – Unikt i skihistoria

Har det nokosinne tidlegare hendt at ein langrennsløpar er diska frå ein medalje i eit internasjonalt meisterskap etter hendingar under konkurransen?

Klæbo og Bolsjunov i ski-klinsj

UNIKT: Her blei Johannes Høsflot Klæbo diska frå femmilsgullet.

Foto: Adam Ihse/tt / NTB

– Eg trur dette er unikt i skihistoria. Eg har tenkt grundig på dette sidan søndag ettermiddag, og det er ein verkeleg merkeleg situasjon.

Det seier langrennshistorikar Thor Gotaas til NRK om episoden i innspurten på femmila søndag, der Johannes Høsflot Klæbo blei diska etter å ha gått først i mål.

– Er det første gongen i skihistoria at ein langrennsløpar er diska for hendingar under konkurransen, etter først å ha gått inn til medalje?

Forfatter og folklorist Thor Gotaas

HISTORIKAREN: Thor Gotaas har skrive mange historiebøker om langrenn, men trur det som skjedde i VM er unikt i skihistoria

Foto: Azad Razaei / NRK

– Eg har snakka med fleire om dette, og om det er snakk om VM og OL, veit eg ikkje at det har skjedd før, seier Gotaas.

Han har diskutert det med NRKs ekspert Torgeir Bjørn, som også godt kjenner langrennssportens historie. Men heller ikkje ha kjenner til nokon parallell.

I sprint har det skjedd. I 2018 blei Kasper Stadaas diska frå bronsemedalje i NM.

I OL i Sarajevo i 1984 blei Ove Aunli diska for skøyting på heile oppløpet. Men det var frå ein femteplass, ikkje medalje.

Så seint som i Lahti i januar i år blei det russiske laget diska frå ein tredjeplass etter krangelen mellom Finlands Joni Mäki og Bolsjunov. Men det var ikkje i meisterskap.

– Fellesstart er relativt nytt

Stadaas

SPRINT-DISK: Kasper Stadaas blei diska frå bronsen i sprinten under ski-NM i 2018

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Gotaas seier også at fellesstartar i langrenn er nokså nytt, berre dei siste 20–25 åra, og det er ikkje lenge i langrennshistorisk samanheng. Fellesstart var rett nok prøvd på femmila i Lahti i 1971, men der var det ingen spurt.

– Det einaste som var fellesstart før, var stafettar. Det var det berre i VM og OL fram til åttitalet. Stafettar kunne ein også vinne med eit minutt, og då var det heller ikkje så mange sjansar til at slike hendingar skulle skje, seier Gotaas.

Uansett var dette ein situasjon som det er nesten umogeleg å kopiere.

– Her har vi ein innspurt på ei femmil. Det er heilt spesielt at han som leier, bryt staven fordi det kjem ein bak og går forbi, og så er det tredjemann som vinn, seier Gotaas, som meiner dette kan gå inn i idrettshistoria som like unikt som ei anna historie:

– Det var ein skøyteløpar for nokre år sidan der alle dei første datt, og sistemann kom først i mål. Eg trur det som skjedde i Oberstdorf er unikt, og vil gå inn i historia som like spesiell som då Brå braut staven, men på ein annan måte.

Han siktar til kortbaneløparen Steven Bradbury, som opplevde dette både i semifinalen og finalen i OL i 2002.

Forstår at slikt kan skje i farten

Aleksandr Bolsjunov og Joni Mäki

LAHTI I JANUAR: Det russiske stafettlaget blir diska frå tredjeplass etter denne knuffinga mellom Aleksandr Bolsjunov og finske Joni Mäki

Foto: Jussi Nukari / AP

– Eg har snakka med mange, men ingen har kome opp med noko som er i nærleiken, gjentek han.

Gotaas forstår likevel at slikt kan skje.

– Vi ser det i sakte film, men dei kjem i 30 kilometer i timen og har berre målet om å vinne, alle tre. Det skjedde fort. I kampens hete kan slikt skje, og stavar brekk for ingenting. Det er to unge mannfolk som er heilt ville, og som prøver å gjere sitt beste. Det er lett å vere etterpåklok, seier han.

– Dessutan var det ein jury med ein nordmann, ein russar og ein til. Det er også spesielt at det var ei norsk kvinne som hadde det siste ordet. Det er mykje som er spesielt her, seier Gotaas.

– Dersom Bolsjunov hadde kome først og Klæbo hadde blitt diska då, hadde berre nordmannen blitt sure. No er både nordmenn og russarar sure, og kanskje får Emil Iversen eit gull han meiner han ikkje har fortent. Det er tre partar her.

– Både Bolsjunov og Klæbo er dårlege taparar. Det er derfor dei er så gode. Dei er vinnarskallar og hatar å tape. Idretten er eigentleg nokså uviktig, men for dei som driv med det der og då, kjennest det veldig viktig, seier langrennshistorikaren.

Norges stafettlag i OL 1984

DISKA FOR SKØYTING: Stafettlaget i OL i 1984, med Ove Aunli til venstre. Aunli blei diska frå ein femteplass på 15 km på grunn av skøyting

Foto: Erik Thorberg / NTB

Teksten er litt endra for å presisere at det unike er diskvalifikasjonar etter hendingar i løpet av konkurransen. Den lange lista av utøvarar som er diska frå medalje etter dopingrelaterte hendingar, er ei heilt anna historie.

Siste nytt

  • Stuttgart berget plassen

    Stuttgart slo Hamburg 6-1 over to kamper i bundesligakvalifiseringen og kan fortsette å kalle seg en toppklubb i tysk fotball. De ledet 3-0 etter første kamp.

    Dermed fortsetter Hamburg på nivå to i tysk fotball. Stuttgart kan på sin side feire fornyet kontrakt i Bundesliga.

    Franske Enzo Millot scoret to ganger for Stuttgart mandag og bidro sterkt til at returkampen aldri ble spesielt nervepirrende for egne fans.

    Sonny Kittel sto bak Hamburgs mål, mens Silas Katompa Mvumpa fastsatte sluttresultatet til 3-1 langt inne i overtiden.

    Mk-1QOreyHQ
    Foto: AFP
  • NHL-klubben signerte nordmann: – Det er helt sjukt

    Den norske landslagslagsspilleren Emil Martinsen Lilleberg er klar for NHL-klubben Tampa Bay Lightning.

    Florida-klubben bekrefter signeringen i sine kanaler mandag kveld. Lilleberg har signert en toårskontrakt.

    Sarpsborg-gutten, som var del av den norske VM-troppen, har tidligere vært aktuell for spill i Arizona Coyotes. Han ble draftet dit for to år siden. I Arizona ble han imidlertid deretter vraket som følge av at det ble oppdaget hjerteproblemer i en medisinsk sjekk.

    – Det er helt sjukt etter den nedturen jeg har hatt med Arizona, og det som skjedde der. Jeg fikk ganske dårlig beskjeder der borte, angående hjertet. De bestemte seg for at de ikke turte på grunn av hjertet, sier Lilleberg til Nettavisen.

    Nå er han klar for spill i NHL.

    Lilleberg har den siste tiden spilt for svenske Oskarshamn. Der har han imponert. Tre mål og totalt tolv målpoeng ble fasiten for backen.

    Sarpsborg-gutten har representert Norge i de tre siste verdensmesterskapene. (NTB)

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Carlsen havnet i sekunddrama i norsk duell – reddet poeng etter armageddon

    Magnus Carlsen sikret viktige poeng i Norway Chess etter seier mot Aryan Tari i armageddon. Det gjør at Carlsen nå står med 7,5 poeng totalt.

    Carlsen har ikke vunnet noen av langsjakkpartiene i turneringen, men har vunnet fem i armageddon. Turneringsseier ser også vanskelig ut for nordmannen. Fabiano Caruana leder med 13,5 poeng.

    Carlsen og Tari måtte ut i armageddon etter at langsjakkpartiet endte med remis. Carlsen på sin side hadde lite tid å rutte med på slutten av partiet, og så på et tidspunkt ut til å nesten tape på tid.

    – For et drama, utbrøt TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer, da Carlsen akkurat hadde rukket å gjøre sitt trekk.

    Men Carlsen rakk å gjøre sitt trekk, og partiet endte til slutt med remis.

    – Jeg var fornøyd da det stod 11 sekunder og ikke ingenting, sier Carlsen til TV 2.

    Selv om det var Carlsen som havnet i tidsnød, merket også Tari dramatikken i langsjakkpartiet.

    – Et av de mest nervepirrende partiene jeg noen gang har spilt, sa Tari til TV 2 foran avgjørelsen på armageddon.

    Seier i langsjakken gir tre poeng i turneringen. Ved remis blir det ett poeng til hver, i tillegg til at det deles ut et ekstra halvt poeng til den som vinner armageddon. (NRK/NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste