Frykt for ytterlegare tap av omdømme er grunnen til at styret i Det internasjonale skiskytterforbundet (IBU) fryktar Bessebergs ankomst.
NRK blir fortalt at 72-åringen har ytra ønske om å komme når etterfølgaren hans skal velgast på kongressen i kroatiske Porec fredag.
Men styret fortel at dei har fraråda han å møte opp.
– Det ville blitt for mykje fokus på historia dersom vi ønska Besseberg velkommen. Vi vil ha ein kongress som ser framover, seier presidentkandidat og styremedlem Olle Dahlin til NRK.
Besseberg er under etterforsking, mistenkt for å ha tatt imot pengar for å skjule dopingprøvar. Då korrupsjonssaka blei kjent valgte nordmannen å tre til side etter 25 år som IBU-president.
Oppgitt Besseberg: – IBU har invitert meg
Besseberg blir overraska når NRK ringer. Den norske idrettstoppen avviser at styret har tatt kontakt.
– Eg har ikkje snakka med nokon i IBU som frarådar meg dette. Eg fekk invitasjon av IBU for tre veker sidan, og forbundet har bestilt hotellrom til meg. Invitasjonen har eg her heime.
– Skal du reise?
– Det er ei avgjerd eg tar på kort varsel, seier Besseberg.
Seinare på dagen ringer Besseberg tilbake til NRK. Då er beskjeden denne:
– Eg har nettopp snakka med generalsekretær Martin Kuchenmeister i IBU, og han seier at styret aldri har fatta eit vedtak om dette.
FUNGERANDE GENERALSEKRETÆR: Martin Kuchenmeister.
Foto: LEONHARD FOEGER / ReutersPressesjef: – Vi har overtalt Besseberg til å droppe oppmøte
Etter samtalen med Besseberg tar NRK på ny kontakt med Det internasjonale skiskytterforbundet.
Pressesjefen i forbundet, Christian Winkler, er klar og tydeleg på at Besseberg har blitt overtalt til å ikkje møte opp på kongress, og at han skal ha vist forståing for det.
– Anders forstod situasjonen og var einig i at han ikkje burde dra, seier Winkler.
– Då vi fekk høyre at Besseberg vurderte å dra på kongress, samla styret seg til telefonmøte. Der blei det bestemt at nokon skulle overtale Bessberg til å bli heime, seier pressesjefen.
– Kven var det?
– La meg komme tilbake til deg...
Like etter får NRK ein e-post frå pressesjefen i IBU:
«Visepresident Dr. Klaus Leistner og leiar for juridisk komité, Dr. Günther Riess, fekk oppgåva med å snakke med Anders.
La meg gjenta at det ikkje var eit formelt styrevedtak, men alle var einige i at Anders måtte få beskjed om at eit oppmøte ikkje vil hjelpe ryktet til IBU i den noverande situasjonen».
«Han (Besseberg) blei så tilbudt å komme med ei skriflteg melding, som kan bli lest opp på kongressen. Etter det vi forstår delte Anders dette synet og gjekk med på forslaget».
Besseberg: – Dette er reinspikka løgn
Etter at NRK har publisert saken tar ein frustrert Besseberg kontakt.
– Eg har aldri fått dette tilbodet av dei to personane som er nemnt i svaret fra Winkler, seier Besseberg.
– Dette er reinspikka løgn. Eg har diskutert ulike scenario med forbundet, som mellom anna går på at eg skal leie kongressen fram til den nye presidenten er valgt, seier Besseberg.
– Kvifor trur du IBU formulerer seg slik til NRK?
– Dette er nok ein del av styremedlem Olle Dahlins valgkamp for å bli president, seier Besseberg.
– Juridisk sett ingenting i vegen for oppmøte
Presidentkandidat Dahlins einaste motstandar i presidentkampen, latviske Baiba Broka, meiner Besseberg har full rett til å vere til stades på kongressen.
– Om han vil komme så har han nok ein grunn. Juridisk sett er det ingenting i vegen for at han skal vere der. Han er ein mann som fortener mykje respekt for det han har gjort for sporten, seier Broka.
MEINER BESSEBERG ER FRARÅDA: Presidentkandidat og styremedlem Olle Dahlin.
Foto: Jorunn Hatling / NRKVil ikkje seie kvifor han kanskje reiser
Winkler seier at det er bestilt hotellrom til Besseberg i Porec.
– Dette gjorde vi fordi etterforskinga av Besseberg kan bli henlagt. Om det skjer før kongressen er han president igjen, seier Winkler.
Anders Besseberg vil ikkje seie kvifor han eventuelt ønskar å møte opp på kongressen i Kroatia.