Hopp til innhold

Hovudet er blitt hennar verste fiende: – Trur ikkje at eg betyr noko

Silje Opseth tok fleire veker fri før VM for å prøve å få tankane på rett spor. Det gjekk rett vest. Eit lite håp gjer at ho framleis er til stades.

Silje Opseth

NEDBROTEN: Silje Opseth har hatt tunge dagar i VM-byen Planica.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

NRK møter hopparen etter ein ny dag med treningshopping i Planica. Så langt har konkurransane late vente på seg, etter å ha blitt vraka til normalbakken, lagkonkurransen og den blanda lagkonkurransen.

Trenar Christian Meyer kom med gledelege ord etter økta, men responsen var nedslåande.

«Kanskje ein vakker dag», sa Opseth tørt.

Det er ikkje lett å vere idrettsutøvar når ein ikkje har trua på seg sjølv.

Opseth er eit kjenslemenneske, ein grublar og ein perfeksjonist, men no har dei trekka gjort hovudet bekmørkt.

– Eg trur ikkje at eg betyr noko, for resultata mine er dårlege, seier Opseth opent til NRK.

Ho må stoppe opp. No fossar tårene.

Silje Opseth

LEI SEG: Silje Opseth.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Den siste veka har Opseth sove fem timar om natta.

– Eg skulle ynskje det fanst ein brytar eg kunne trykke på, så eg fekk litt fred og ro til å slappe av. Hovudet går på høggir og eg har omtrent ikkje sove sidan eg kom ned hit, seier ho.

Tankespinnet gir ho angst, men eit håp held ho frå å reise heim og avslutte sesongen.

Slit med sjølvkjensla

Tankane starta for alvor etter verdscuprennet i Japan i januar. Då hadde sesongen vore full av svingingar, og ho måtte ta ein pust i bakken for å prøve å kome tilbake på rett spor.

Målet før sesongen var trass alt å bli meir stabil.

– Eg gjekk berre og stampa i min eigen skit, og hadde mest lyst til å stoppe og kutte sesongen, seier ho.

Ho er nedbroten, og usikker på om ho bør vere i VM i det heile teke.

– Eg har spurt meg sjølv titusenvis av gonger kvifor eg er her. For tre veker sidan gjekk eg og frykta at dette kom til å skje, og så skjer det, fortel Opseth, og legg til:

VM på ski 20223: Hopp, pressetreff

GRUBLANDE: Silje Opseth på pressetreff i Kranjska Gora.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg hadde ikkje noko lyst å reise hit.

Ho er enormt streng mot seg sjølv. Heile livet har ho sett ekstremt høge mål.

– Eg er ikkje noko god til å prate meg sjølv opp, og spesielt når det går dårleg, er eg veldig god til å prate meg sjølv ned, seier Opseth og legg til.

– Det er den verste fienden eg har. Eg står ofte i vegen for meg sjølv, for eg har lyst til å gjere kvar minste detalj perfekt.

I tillegg klarar ho ikkje å halde kjenslene i sjakk, og ho får dårleg samvit av å vere i dårleg humør. Det er jo ikkje slik ho vil vere overfor lagvenninnene.

– Eg får berre ikkje til å skjule det, og det gjer det enda verre, seier ho.

Ski-VM 2023: pressetreff

MYKJE TRENING, LITE KONKURRANSE: Opseth tøyer ut utanfor hotellet i Kranjska Gora.

Foto: Heiko Junge / NTB

Viktig lærdom

Tida heime før VM hjelpte på å lette hovudet. Ho gav seg sjølv arbeidsro og tid til å gjere det som gav henne energi. På den tida forstod ho ein viktig del av seg sjølv.

– Det er ein barriere for meg, å prate ut. Aller helst vil eg stenge alle ute og lukke meg sjølv i eige hovud når eg møter motgang. Men når alt kjem til alt, er det betre for meg og dei rundt meg viss vi faktisk pratar om det, seier Opseth.

Uendelege samtalar med trenarar og mentaltrenar Anders Meland har gitt ho teknikkar for å slappe av.

– Eg må akseptere at tankane kjem, og ikkje aktivt gå inn for å endre dei. Men eg veit ikkje kor mange gonger dei har fortalt meg dei siste dagane at eg er verdt noko, og at eg er ein viktig del av laget, seier ho.

Mellom anna har ho fått beskjed om å rette fokus mot ting som kan stele merksemda, slik at ho får litt fri.

– Det kan vere å tenke korleis bindingane er sett saman på toppen, eller å analysere det treet der borte, forklarer ho og peikar.

Les også Opseth hylte av skrekk i monstersvev: – Nærmest en dødsfrykt

Ein tanke motiverer

Opseth avkreftar at ho er utbrent på noko vis, sjølv om det er lite frå idretten som gir ho energi for tida.

– Det er det som er mest frustrerande. Eigentleg så føler eg at kroppen er klar til å hoppe bra på ski. Beina kjennest fine ut, kroppen kjennest fine ut, det er berre hovudet som klussar til det meste for meg, seier ho.

– Er du redd for at det aldri kjem til å losne?

– Eg er ganske sikker på at det berre er ein periode. Det offensive eg har vist i storbakken tidlegare, den gjer noko med meg som eg slit med å setje ord på. Den tenner ein gnist i meg, og derfor trur eg at eg finn ein løysning på dette, seier Opseth, og held fram:

– Det er den som gjer at eg er her framleis, det vesle håpet i enden av tunnelen.

Hopplandslagene 2022/23

HAR TRUA INST INNE: Silje Opseth vil ikkje gi opp måla sine.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Største faren

Mentaltrenar Anders Meland forklarer at det er normalt at idrettsutøvarar knyt sjølvtillit opp mot prestasjon, og at den naturlege reaksjonen er å bli skuffa og nedstemt, for å så byrje å tvile.

Anders Meland

TETT PÅ: Anders Meland har jobba tett med hopparane i fleire år.

Foto: Olympiatoppen

– Om ein går lenge med slike tankar, kan ein etter kvart lure på om ein er god nok som menneske, eller om folk er glad i meg sjølv om eg ikkje presterer, seier Meland til NRK.

Ein viktig triks han har for å handtere tankane, er rett og slett å akseptere at dei kjem.

– Det første er å ikkje komme ut av det. Dette er naturleg å kjenne på, og ein bør prøve å setje ord på det. Så anbefaler eg å ikkje marinere seg i tankane, men reflektere med høg kvalitet, seier Meland.

Det ein absolutt ikkje bør gjere, er å ta store val i tunge periodar.

– Ein treng ikkje å flytte på alle steinar. Faren er at du byrjar å endre på ting som er i orden. Det er ikkje når du har det som verst at du skal vurdere om du skal avslutte eit parforhold eller ein idrettskarriere, seier han.

Landslagstrenar Christian Meyer er ikkje i tvil om at denne perioden vil gjere Opseth sterkare.

– Eg trur at ho kjem til å bli betre i VM i Trondheim, som ein følge av dette. Og så kan ho få seg ein opptur på slutten av meisterskapet. Det er ikkje mykje som skal til, og då er humøret på plass att, seier Meyer til NRK.

Tysdag skal Opseth hoppe kvalifisering til storbakkerennet i VM kl. 18.30. Det kan du sjå på NRK eller i NRK TV.

Silje Opseth og Christian Meyer

STØTTE: Landslagstrenar Christian Meyer og Silje Opseth.

Foto: Geir Olsen / NTB

Les også Nervøs Opseth takkar for Lundby-comeback: – Fekk gå under radaren og kline til

RAW AIR kvinner

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Ruuds råkjør kan endre planene: – Må vurdere

    ennisstjerne Casper Ruuds imponerende rekke med seirer den siste tiden har gjort at han må se an kampbelastningen fram mot Roland-Garros.

    Ruud har allerede spilt 38 kamper på ATP-touren denne sesongen. 31 av dem har endt med seier. I Barcelona sist uke tok han hjem sin hittil største tittel, og blant eksperter regnes han som kanskje den aller råeste på grusen før Grand Slam-turneringen Roland-Garros i slutten av mai.

    Etter Madrid kommer storturneringen i Roma før en mindre en i Genève (ATP250). Den siste kan bli aktuell å droppe, ifølge far og trener Christian Ruud:

    – Vi tar én turnering av gangen. Blir det mye i Madrid eller Roma, må man vurdere, sier treneren.

    Tirsdag skal Casper Ruud spille åttedelsfinalen i Madrid mot canadiske Félix Auger-Aliassime. (NTB)

    Casper Ruud Madrid
    Foto: Ana Beltran / Reuters
  • Nordås gjør uventet grep: Møter Filip Ingebrigtsen til duell

    Narve Gilje Nordås var opprinnelig oppført på startlistene til 5000 meter til kveldens stevne i Huelva i Spania.

    Nå har VM-bronsevinneren byttet øvelse. Nordås løper i stedet 1500 meter og møter med det Filip Ingebrigtsen til duell.

    – Han kommer definitivt til å prøve å vinne 1500 meter også, avhengig av hvordan han føler seg kan det kan det være han prøver å hjelpe Per på 5000 meter noen runder for treningens skyld, sier Nordås-agent Nic Bideau til NRK.

    Per Svela løper 5000 meter med mål om å komme seg under 13.20 minutter, som er EM-kravet på distansen.

    Nordås har ikke besvart NRKs henvendelser tirsdag morgen.

    Nordås
    Foto: NTB
  • Djurgården klager på lang Tokmac-utestengelse

    Tokmac Nguen er ilagt fire kampers karantene etter Allsvenskan-dramaet mot Malmö. Nå påklager Djurgården den lange karantenen.

    Det er Aftonbladet som tirsdag skriver om den siste utviklingen i saken mot den norske spilleren.

    Nguen ble utvist etter en duell med Malmös Derek Cornelius i den aktuelle ligakampen i forrige uke. I sekundene som fulgte, skallet han til Pontus Janssons brystkasse.

    (NTB)

    Tokmac Nguen
    Foto: Magnus Lejhall / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal