Hopp til innhold

Nervøs Opseth takkar for Lundby-comeback: – Fekk gå under radaren og kline til

Silje Opseth erkjenner at ho sleit med nervane før verdscupsigeren. Heldigvis var Lundby tilbake, og det tok vekk litt av presset.

RAW AIR kvinner

JUBEL: Silje Opseth.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Maren Lundby gjorde nemleg retur til verdscupen, over 600 dagar sidan siste internasjonale konkurranse, i det som blei ein stor, norsk dag.

Silje Opseth fekk ein draumestart på sesongen.

– Dette byggjer sjølvtillit som eg kan ta med meg vidare. No kan eg senke skuldrene, seier Opseth til NRK, som sleit med å halde nervane i sjakk før start.

Heldigvis var hoppdronning Lundby tilbake, og det hjelpte.

Under radaren

Opseth hadde store problem med å få sove før hopprennet laurdag. Ho var spent, og hadde ein uroleg kjensle i kroppen.

– Eg fekk ikkje sove så mykje i natt. Eg kjenner mykje på spenninga og det kriblar godt i magen, men det er ikkje noko nytt. Det pleier å vere søvnlause netter, men det er heldigvis ein god ting som skjerpar systemet, seier ho.

Og det hjelpte å ha Lundby tilbake, om vi skal tru Opseth.

– Det er alltid godt å ha ho med i bakken, og det er greitt for meg å gå litt under radaren og kline til. Eg får det litt rolegare rundt meg, og det set eg pris på, seier ho.

– Kva betyr det for laget at Lundby er tilbake?

– Det betyr at vi har eit enda sterkare lag, først og fremst, og det er alltid godt å ha ho med i bakken. Så trur eg det betyr aller mest for ho sjølv. Ein ser det på ho, ho går rundt som ein solstråle, seier Opseth.

Hoppsjef Clas Brede Bråthen trur det at Lundbys retur var ein suksessoppskrift for Opseth.

– Vi veit at Silje har eit ekstremt høgt potensial, som ho dokumenterte solid i dag. Kanskje det hjelpte å ha med Maren att. Vi hadde ikkje drøymt om at det skulle bli så bra, men vi hadde jo håpa på det, seier han til NRK.

No haustar Opseth skryt frå alle hald, og lagvenninne Lundby, meiner ho er blitt god nok til å kjempe om topplasseringar i kvart einaste renn.

Poland Ski Jumping World Cup

STERK LEVERANSE: Silje Opseth fekk ein draumeopning på sesongen, i det som var det første verdscuprennet arrangert for kvinner i Wisla i Polen.

Foto: Adam Nurkiewicz / AP

– Rått

Maren Lundby er stolt over lagvenninna, men overraska.

– Det er heilt rått. Ho leverer med ein gong. Eg har aldri tvila på ho, men det imponerer meg at ho leverer frå start, seier Lundby til NRK.

Hopplandslaget 2022/23

TILBAKE: Maren Lundby.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Kva kan vi vente oss av ho i framtida?

– Eg trur ho er meir stabil enn ho har vore. Toppnivået held til å vinne. Klarer ho å halde fram, kan ho vere med å kjempe i toppen heile tida. Eg har trua på Silje i år, seier Lundby.

Sjølv er trenar Christian Meyer forbausa over leveransen frå dei norske.

– Det er heilt fantastisk. Totalen er litt overraskande, og at vi vinn. Eg hadde eit håp om topp fem. Eg må klype meg i armen, seier Meyer.

Han held fram:

– Det var ingenting som beit på ho. Det er kjempedeileg, og då har vi i alle fall gjort noko riktig i ressursperioden. Det er ei lette, før vi byrjar å rette fokus framover att, seier han vidare.

Comeback

Maren Lundby hadde sjølv sett seg mål om å bli topp 15. Det enda med ein 16.-plass, etter å ha ligge som nummer 12 etter første omgang.

– Det skal ikkje stå på innsatsen. Eg tykkjer det var ålreit eigentleg. Eg hadde sett mål om topp 15, blei nummer 16, og 12 etter første omgang. Eg må seie meg fornøgd, seier ho.

Likevel tykkjer ho det er spesielt å ikkje vere med å kjempe om topplasseringar, og at det pregar spenningsnivået.

– Det har vore veldig fint å vere tilbake. Det er mange nervar knytt til hopprenn, men eg må jobbe litt for å få den spenninga. Utanom det er eg veldig glad for å vere tilbake. Eg ser lyst på framtida.

Trenar Meyer er stolt over Lundby.

– Eg er veldig imponert over Maren, det ho leverer i dag. Det er svært bra nivå, seier Meyer.

Les også Tar eit oppgjer med alkoholkulturen: – Det er ubehageleg

Silje Opseth

Siste nytt

  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Mirakelet uteble for Liverpool – slått ut av Europa

    Liverpool trengte et mirakel, men det ble bare 1-0-seier borte mot Atalanta. Den italienske klubben er klare for semifinale, mens Jürgen Klopps europaeventyr med Liverpool endte i Europaligaens kvartfinale.

    Etter 0-3-tapet hjemme på Anfield forrige uke, var det et fryktelig utgangspunkt Liverpool reiste til Bergamo med.

    Der fikk de akkurat den starten de trengte, da Trent Alexander-Arnold skaffet straffe etter fem minutter. Mohamed Salah var sikker og scoret kveldens første.

    Liverpool hadde fortsatt godt over 80 minutter til på å hente opp ledelsen til Atalanta, men tiden gikk og de store sjansene uteble.

    Flere mål ble det ikke, og Atalanta vant dermed 3-1 sammenlagt.

    For Liverpool-manager Jürgen Klopp ble det dermed en tung avslutning i Europa.

    I januar fortalte Jürgen Klopp at han gir seg som Liverpool-manager etter sesongen, og finalen i Europaligaen i Dublin 22. mai kunne blitt et perfekt punktum for Klopps karriere i Merseyside-klubben.

    Slik gikk det ikke, og dermed er det de seks siste serierundene i Premier League-gulljakten som gjenstår av Klopps Liverpool-karriere.

    Salah

Sendeplan

Kl. Program Kanal