Hockeykaptein får bere regnbogeband

Kapteinen for Tysklands landhockey-lag, Nike Lorenz, får lov å bere regnbogefarga band på sokkane sine under OL-kampane. Det har både IOC og det tyske forbundet godkjent.

Regnbogefargane skal vise støtte til lesbiske, homofile, biseksuelle og transseksuelle, melder Insidethegames.

Det deltek minst 160 utøvarar som definerer seg innanfor desse gruppene, og som er opne om det. Det er olympisk rekord, ifølgje telegrambyrået Reuters.

Det er det hittil nyaste teiknet på aktivisme under OL, etter at IOC nyleg mjuka opp regelen som forbyr «politisk, religiøs og rasistisk propaganda».

Tidlegare har IOC gitt løyve til at fotballspelarar kan gå ned på kne under nasjonalsongane før kampstart. Spelarar frå fem lag har gjort dette, og Australia hadde med eit flagg til støtte for aborginarane – Australias urfolk.

Nike Lorenz
Foto: Willem Vernes / AFP

Siste nytt

  • Vurderar klubbyte for Bohinen

    Emil Bohinen slit med å få speletid etter millionovergangen til CSKA Moskva. No meiner pappa, Lars Bohinen, at sonen må vurdere å skifte klubb.

    – Han er jo ikkje nøgd med å ikkje spele og meiner han er god nok, seier han til NRK.

    22-åringen har ikkje starta ein kamp for sitt russiske lag sidan 25. juli. I kveldens kamp mot Spartak Moskva vart han bytta inn etter 65 minutt, men rakk ikkje å markere seg bortsett frå eit gult kort.

    – Viss situasjonen ikkje endrar seg før neste overgangsvindauge, så må vi jo sjå på andre løysningar. Han må jo spele, seier pappa-Lars.

    Emil Bohinen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Satsar vidare på unge talent

    Vålerenga forlenga med unggutane Jacob Dicko Eng (17) og Seedy Jatta (18). Det opplyser klubben i ei pressemelding.

    Dei to har i år fått sjansen både i Eliteserien og i sommarens europakvalifisering.

    Dicko Eng vart henta frå Lyn i januar, men spelte seg raskt inn på A-laget. Jatta har vore involvert i 17 A-lagskampar denne sesongen, og fekk sitt første mål borte mot Stabæk.

    Dicko Eng har signert ein kontrakt som varer til juli 2024, medan Jatta har forlenga til sommaren 2025.

    Eliteserien fotball 2021: Stabæk - Vålerenga (0-2)
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Vil likevel vaksinere seg

    Tennisstjerna Stefanos Tsitsipas snur i vaksinespørsmålet og har bestemt seg for å ta vaksine mot korona før årsskiftet.

    Det fortel grekaren til Antenna TV i heimlandet.

    For ein månad sidan sa Tsitsipas at han i frykt for biverknadar ikkje ville ta vaksinen frivillig.

    – Eg blir vaksinert før året er omme. Det vil eg gjere for å kunne ete på restaurant og gå i butikkar, seier Tsitsipas.

    US Open Tennis
    Foto: Frank Franklin Ii / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal