Hockeykaptein får bere regnbogeband
Kapteinen for Tysklands landhockey-lag, Nike Lorenz, får lov å bere regnbogefarga band på sokkane sine under OL-kampane. Det har både IOC og det tyske forbundet godkjent.
Regnbogefargane skal vise støtte til lesbiske, homofile, biseksuelle og transseksuelle, melder Insidethegames.
Det deltek minst 160 utøvarar som definerer seg innanfor desse gruppene, og som er opne om det. Det er olympisk rekord, ifølgje telegrambyrået Reuters.
Det er det hittil nyaste teiknet på aktivisme under OL, etter at IOC nyleg mjuka opp regelen som forbyr «politisk, religiøs og rasistisk propaganda».
Tidlegare har IOC gitt løyve til at fotballspelarar kan gå ned på kne under nasjonalsongane før kampstart. Spelarar frå fem lag har gjort dette, og Australia hadde med eit flagg til støtte for aborginarane – Australias urfolk.