Kenyanaren sprang eit utruleg jamt, og hadde også krefter til ein spurt på dei siste 500 metrane. Då slapp harane han gjennom, og han kunne vinke til publikum då han sette fart inn mot målstreken.
Heile tida låg han an til ei tid 10–12 sekund under dei magiske to timane. Det blei nesten 20 til slutt.
– Det kjennest godt, var kenyanaren sin første og svært nøkterne kommentar etter målgang.
Så tok han litt hardare i.
– Dette var den beste augneblinken i mitt liv. Presset var stort, men i dag er eg den lykkelegaste mannen i verda, sa han.
– Eg håpar dette kan inspirere mange til å springe, og til å prøve å vise at det ikkje er noko grense for kva ein kan makte, sa han.
Til dei som måtte lure: Sjølv om tida ikkje er godkjend som verdsrekord, var det dopingkontroll etter dei same prosedyrene som ved alle offisielle internasjonale stemne. Kipchoge var til obligatorisk kontroll.
Halvveges passerte han på 59.48, og heldt ein fart på 2.50 minutt per kilometer i gjennomsnitt. Løpet var faktisk så jamt at alle kilometertidene låg mellom 2.48 og 2.52.
I Kenyas hovudstad Nairobi gjekk folk av hengslene.
– Heilt vilt å vere med på
– Han spring ekstremt fort, seier Jakob Ingebrigtsen. Han og brørne Henrik og Filip var blant fartshaldarane.– Det var litt «jobbigt» å kome i gang, men så har du berre lyst til å halde fram.
– Det er heilt vilt å ha vore med på, seier Filip. Han var med i to økter. – Men eg skulle gjerne sprunge meir, og det er ikkje ofte eg seier.
Kipchoge rosa fartshaldarane.
– Det var veldig gøy å springe, og det inspirerer kanskje til å springe litt meir gateløp. Maraton ligg litt lenger unna. Men det var moro å kjenne på farten og kva som krevst for å springe fort maraton. Det inspirerer å sjå kva som er mogeleg når ein kan jobbe så målmedvite som han har gjort, og nå målet, seier Filip Ingebrigtsen til NRK etter det historiske løpet.
– Kan det vere noko mot slutten av karrieren når alderen har bikka 30?
Filip ler.
– Det viser at om du er motivert, kan du halde på med det ti år etter at du er ferdig med det andre. Då må du kanskje sette deg slike sjuke mål som dette, seier Filip.
– Det er ikkje slik at enten må du setje deg som mål å springe maraton under to timar, eller så spring du ikkje maraton, supplerer Henrik.
– Vil den offisielle verdsrekorden også kome under to timar no som Kipchoge har vist at det er mogeleg?
– Det er nok berre eit tidsspørsmål før det skjer, seier Henrik, fornøgd med det han kalla «ein god sommarjobb».
– I dag var det berre om å gjere å kome under to timar, ikkje kor mykje under. Og han hadde krefter igjen, det viste han ved å springe tida ned med ti sekund på den siste kilometeren.
– Det er viktig å ha fleire gode, så han ikkje blir åleine på det nivået. Det har vi i dag, derfor blir det også lettare å pushe kvarandre, meiner Filip.
Jakob Ingebrigtsen seier han kan ha lyst til å prøve å springe maraton.
– Både Filip og eg meiner maraton er spennande og noko vi kan bli gode i om vi jobbar for det. Eg trur det hadde vore gøy å prøve.
Rosar og takkar fartshaldarane
– Eg hadde hjelp av nokre av dei beste løparane i verda, og vil takke dei, sa han. Før han gjekk vidare til ein intervjumaraton som sikkert kunne vare like lenge som det han nettopp hadde gjennomført.
Kipchoge har vore under eit enormt press før løpet, og sa at dei verste timane var dei før løpet. Då han var i gang, gjekk det lettare.
I mål blei han jublande tatt imot av kona Grace og deira tre barn.
– Det er første gongen dei ser meg konkurrere. Eg ville at dei skulle få sjå meg skape historie, sa Kipchoge.
Han fekk også telefon frå Kenyas president like etter målgang.
Kipchoge samanlikna prestasjonen sin med Roger Bannisters første løp under fire minutt på ei engelsk mil i 1954. Då hadde mange prøvd å sprenge draøymegrensa utan å lykkast. Men då Bannister først hadde gjort det, var det mange som gjorde det same i løpet av kort tid etterpå.
Roger Bannisters spådom
Bannister spådde i eit intervju for fem år sidan at det var i maraton den neste drøymegrensa ville bli sprengd, og at det ville skje i løpet av få år.
– Det skjer når dei beste løparane får perfekt temperatur og vind, og ideell løypetrasé, sa Sir Roger då.
Det var akkurat det som skjedde laurdag. Men Bannister fekk ikkje oppleve det, han døydde i fjor.
Offisiell verdsrekord kunne Kipchoges maratonløp uansett ikkje bli. Det utradisjonelle løpsopplegget var ikkje godkjent av det internasjonale friidrettsforbundet.
Han har sjølv den offisielle verdsrekorden på 2.01.39. Under eit rekordforsøk i Monza i Italia i 2017 sprang han på 2.00.26, men heller ikkje det blei godkjent.
Løpet i Praterparken i Wien var skreddarsydd for kenyanaren, der alt frå tidssone til detaljert vêrvarsel og svært fleksibel løpsstart var lagt til rette.
Henrik: – Utfordrande å halde formasjonen
Mellom alle tiltaka for å bryte draumegrensa, var eit fiffig oppsett med harar i ei vifteform for å ta bort så mykje luftmotstand som mogeleg. Mellom dei 36 harane var også Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen.
– Eg såg aldri Kipchoge, men reknar med han låg rett bak. Vi var fokuserte på vår oppgåver, og det trur eg gjekk heilt etter planen, sa Henrik Ingebrigtsen til NRK etter si økt.
– Det er vanskeleg å springe i formasjon og heile tida ligge ein halv meter frå kvarandre, sa han.
Han vedgjekk at det var litt utfordrande å følgje laser-stripene frå bilen framfor – striper som skulle hjelpe til med å halde rett fart.
– Kvar gong bilen møtte ein hump, svinga laseren fram og tilbake. Det stressa oss litt i starten, men vi fann ut av det. Farten var grei, men du måtte jobbe litt.
Gjert: – Inspirerande for gutane
Gjert Ingebrigtsen var naturlegvis også på sidelinja. Han trur gutane hadde det moro som fartshaldarar.
– Dei får vere med på ein historisk augneblink, og dei får samstundes nokre dagar saman med løpskollegaer frå heile verda. Det er klart det er inspirerande for dei.
– I løpet av dei neste 5–10 åra kjem vi til å sjå fleire menneske som kjem under to timar.
– Er du klar for terreng-NM i Frognerparken i morgon, Henrik?
– Ja, men då trur eg ikkje at eg må spring like fort.