Hopp til innhold

3.59,4 – rekorden som endra friidrettsverda

«Tidenes idrettsprestasjon» vart løpet kalla. I dag er det 60 år sidan det mest berømte løpet i friidrettshistoria.

Den 6. mai 1954 blir briten Roger Bannister historisk. På et stevne i Oxford blir han den første til å løpe en engelsk mil under 4 minutter.

Dette er løpet som er kåra til tidenes idrettsprestasjon: Roger Bannister knuser fireminuttsgrensa på ei engelsk mil

3.59,4. Vinnartida står skriven med gullskrift i friidrettshistoria, og vart ved tusenårsskiftet utropt til beste idrettsprestasjonen nokonsinne .

Den skriv seg frå 6. mai 1954, og det var Roger Bannister som sprengde grensa.

Det er 60 år sidan, men løpet gir gjenlyd i friidretten den dag i dag. Sjølv om hundrevis av løparar har sprunge under den tida etterpå.

Mange hadde prøvd å kome ned på tretalet, men ingen hadde greidd det. Fireminuttsgrensa var i ferd med å bli ei forbanning. Trua på at det ikkje var menneskeleg mogeleg å sprenge den, heldt på å slå rot.

I 1953 hadde Bannister sprunge på 4.02,0. – Det gav meg trua på at «drøymemila» var innan rekkevidde for meg, seier Roger Bannister.

Rekorden før denne maidagen var på 4.01,4 sekund, sett av svenske Gunder Hägg i 1945.

Regn og vind

Roger Bannister

Med to harar og ein drepande langspurt klarte han det som var alle mellomdistanseløparars mål: Å sprenge fireminuttsgrensa på ei engelsk mil (1609,3 meter)

Foto: Anonymous / Ap

Tilhøva låg haller ikkje godt til rette denne kvelden på Iffley Road Track i universitetsbyen Oxford. Det regna og bles, og det var vårleg kulde i lufta.

Roger Bannister var i verdsklasse. Under OL i Helsingfors i 1952 hadde han sett britisk rekord på 1500 m, men likevel blitt utan medalje. Året før hadde han vore nær verdsrekorden, og var ein av dei som jakta på «drøymemila».

Til løpet i Oxford denne maikvelden kom han likevel med minimal trening bak seg. Studiane og turnuslegepraksisen hadde tatt mykje tid den siste vinteren.

"Harar" med stor fart

Bannister – 25 år gammal og medisinstudent ved universitetet i byen – var stjerna i feltet, og fekk hjelp av to «harar» som skulle halde farten oppe.

Det gjekk fykande. «Hare» nummer 1, Chris Brasher, heldt farten oppe med 58 på førsterunden og 1.58 ved passering ei halv engelsk mil.

Så overtok «hare» nummer 2, Chris Chataway. Ved siste passering viste klokka 3.01, heilt etter skjema.

Chataway heldt farten oppe litt til, så sette Bannister sjølv inn langspurten 250 meter frå mål.

Då han kryssa målstreken etter fire rundar og nokre få meter ekstra – 1609 meter totalt – viste klokkene ei tid under fire minutt.

Det var ikkje elektronisk tidtaking, berre funksjonærar med manuelle stoppeklokker. Dei sjekka, dobbelsjekka og trippelsjekka det dei knapt trudde var sant. Men alle klokkene hadde stansa på under fire minutt. Offisielt vart tida sett til 3.59,4 – seks tidels sekund inne i himmelen.

SPORT ATHLETICS BANNISTER

Roger Bannister viser fram klokka som stansa på 3.59,4 den sure maikvelden for 60 år sidan

Foto: DAVID BEBBER / REUTERS

«The time was three ...»

Då speakeren annonserte vinnartida, kom han så langt som til «the time was three ...» før resten drukna i brølet frå dei 3000 på tribunane.

– Det var det som var målet, for meg som for mange andre. Alle hadde prøvd og prøvd i årevis, og det såg ikkje ut som om det var mogeleg. Det var noko med fire rundar på eit minutt kvar, og det å sjå tretalet, som fascinerte både løparar og publikum til dei grader, seier Bannister, no 85 år gammal, til nyhetsbyrået AP.

Han bur framleis i Oxford, berre kort veg frå både universitetet og arenaen der han leverte sin historiske prestasjon.

Arenaen har i dag fått hans namn – «Roger Bannister Running Track».

I ettertid seier han likevel at rekorden på ingen måte var det viktigaste med livet hans. Medisinstudenten la opp som aktiv allereie hausten same året, og hadde sidan ei lysande karriere innan nevrologi.

– Eg kan vel ikkje skryte på meg dei heilt store oppdagingane, men eg har vore med på å vidareføre utviklinga litt etter litt innan denne delen av medisinen, seier Bannister.

Parkinsons sjukdom

Britain Athletic Westminister Mile Roger Bannister

I dag er nevrologispesialisten sjølv råka av Parkinsons sjukdom og sit i rullestol

Foto: Sang Tan / Ap

Han lir sjølv av Parkinsons sjukdom – ein sjukdom godt innanfor det fagfeltet der han sjølv var spesialist i det meste av livet sitt.

– Eg veit mykje om Parkinsons, og det er både godt og vanskeleg. Men når ein er 85, er det ikkje så rart at det skjer eitkvart med kroppen, seier Bannister.

Bannister og dei to «harane» i rekordløpet, Chris Brasher og Chris Chataway, hadde i alle år ei privat samkome 6. mai. Men Brasher – grunnleggar av London Marathon – døydde i 2003, og Chataway i januar i år.

– Eg saknar dei, seier Bannister. – Vi møttest saman med konene våre, av og til også borna våre, seier han.

I 1975 vart han adla og kan kalle seg Sir Roger. Same året knuste han ankelen i ei bilulykke, og han kunne ikkje springe etterpå. No går han med krykker heime og sit i rullestol når han er utanfor heimen.

«The Miracle Mile»

Tilbake til 1954. Då fireminuttsgrensa endeleg var sprengd, forstod plutseleg alle at det gjekk an. Og plutseleg var det mange som klarte det også. Bannister fekk ha rekorden sin i berre 46 dagar.

Hans australske erkerival John Landu sprang på 3.58,0 i Finland 21. juni.

Dei to var framleis dei einaste som hadde resultat under fire minutt då dei møttest i Samveldeleikane i Vancouver i august same året. Løpet vart kalla «The Miracle Mile», og løparane skuffa ikkje. Landu leia med opptil åtte-ni meter på nest siste runde, men Bannister gjekk likevel forbi i siste sving og vann. 3.58,8 mot 3.59,6. Det vart det statue av utanfor stadion i Vancouver.

– Det var dette som var min største idrettsprestasjon, ikkje «drøymemila» i Oxford, seier Bannister.

Tre veker seinare vart han europameister på 1500 meter, og så la han opp.

– Maraton blir neste milepælen

Sir Roger Bannister

Sir Roger Bannister var sentral då OL-elden skulle tennast i London-OL i 2012

Foto: Gareth Fuller / Ap

No har hundrevis av løparar sprunge under fire minutt, og newzalenderen John Walker har åleine gjort det over hundre gonger. Verdsrekorden på distansen er forbetra 18 gonger. Dagens rekord lyder på 3.43,13 og vart sett av Hicham El Guerrouj i 1999.

85-åringen trur at det er i maraton den neste drøymegrensa kjem til å bli sprengd.

– Eg trur nokon kjem til å springe maraton på under to timar i løpet av nokre få år. Det inneber to prosent forbetring av dagens rekord, og vil skje når dei beste løparane får perfekt temperatur og vind og ideell løypetrasé, seier han.

Dagens maratonrekord er på 2.03.23, sett av Wilson Kipsang i Berlin i fjor.

Roger Bannister skal feire jubileumsdagen saman med kona Moyra som han har vore gift med i 58 år, annan familie og vener på Exeter College ved Oxford-universitetet.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal