Heilt sidan ho som 16-åring tok VM bronse i snowboardrcross har Helene Olafsen vore i verdstoppen i brettkøyring.
Men samstundes som ho har vore blant verdas beste, har ho også vore skada i over halvparten av dei siste fem åra.
No har 26-åringen fått nok.
- No er det klart at ho blir med i kommande sesong av Mesternes mester.
Skademarerittet
Olafsen blir av NRKs-journalist utfordra på å liste opp alle skadene ho har hatt dei siste fem åra. Slik ser det ut når ho omsider er ferdig.
- 2011: Korsbånd, høgre kne - sju månadar ute
- 2012: Brot i fibula, venstre legg - tre månadar ute
- 2013: Røyk korsbåndet halvvegs - fire månadar ute
- 2014: Korsbånd venstre kne - eitt år ute
- 2015: Korsbånd venstre kne - eitt år og seks månadar, fortsatt skada.
Fasit: Dei siste fem åra har ho vore tre år og åtte månadar i rehabilitering.
– For ein toppidrettsutøvar er det ganske mykje. Det er meir enn halvparten av tida eg har hatt. Det har ganske mykje å seie
Skadeplagene har fått Olafsen til å førebu seg på karriereslutt fleire gonger.
– Eg har fått førebudd meg litt, på grunn av alle skadane har eg trent på å avslutte karrieren. Eg har prøvd å gjere andre ting, for at idretten ikkje skal vere alt.
Tårevåt avskjed
Men sjølv om Olafsen fleire gonger har hatt karrierestoppen på nært hold, svir det å endeleg sei stopp.
– Det er som å rive av eit plaster.
Heldigvis har ho ein karriere med mange høgdepunkt å sjå attende på. Ho har blant anna vunne gull i snowboardcross i VM i Gangwon i 2009, samt to sølv og ein bronse frå X-games.
– Eg er veldig stolt av mykje av det eg har fått til.
Olafsen blir stille. Overleppa byrjar å skjelve forsiktig, augnene blir heilt blanke, før den første tåra trillar nedover kjaken. Ho gnikkar forsiktig augnene turre, før ho snufsar og byrjar å le.
– Alltid skal eg grine på fjernsyn.
Det blir stille lenge. Olafsen tenkjer attende på alle dei gode minna ho har frå ein lang karriere i idretten, og dreg fram bronsen i X-games frå 2013 som det aller største.
– Eg tenkjer ofte på den bronsen. Det var det ultimate for meg.
Vil fortsette idrettskarrieren
Etter mange tunge stunder med opptrening etter skader, har Olafsen tenkt at nok er nok når toppidrettskarrieren er over, men no ser ho ikkje vekk frå å bruke kompetansen sin til å utvikle nye talent i sporten.
– Eg har alltid sagt at eg ynskjer meg ein jobb utanfor idretten, for det kan bli litt mykje idrett til tider. Men i det siste har eg tenkt på kvifor vil eg det? Det er jo noko eg kan veldig godt, så vi får sjå.
Og sjølv om ho no seier stopp for godt, ser ho ikkje vekk frå at ho kan bli å sjå i konkurransar igjen, viss alle skadeplagene forsvinn.
– No jobbar eg fortsatt for å bli heilt frisk. Viss det skulle slå til, er det ikkje utenkeleg at eg er attende på idrettsbana.
Men først skal Olafsen vere med i Mesternes mester på NRK.