Hopp til innhold

OL-helt går Birken med teip over munnen

Kjersti Buaas vil utfordre seg sjølv og eigen pust. I det første skirennet i livet, stiller den tidlegare snøbrettkøyraren med teip framfor munnen.

Kjersti Buaas

SNØBRETTDRONNING: Kjersti Buaas eksperimenterer med teip framfor munnen og meiner det har ein helsefremjande effekt.

Foto: Privat

– Den blir ein heilt anna utfordring enn eg har gjort tidlegare, fortel Kjersti Buaas til NRK.

Mange hugsar henne som ein av dei beste snøbrettkøyrarane i verda, noko OL-bronsen frå Torino i 2006 er eit av mange bevis på. Buaas flaug høgt i både halfpipe og på hopp, med fleire triks på lager.

Under hennar neste konkurranse, er ho derimot klistra til bakken, med langrennsski på beina. Og nå er det ikkje kule «grabs» som skal få folk til å sperre opp auga, men munnteip.

Eg har lagt inn eit nytt element for meg sjølv: Eg skal gå med teip over munnen gjennom heile Halv-Birken, fortel Buaas.

Kjersti Buaas

FLYR HØGT: Buaas var profesjonell snøbrettkøyrar i over 20 år og deltok i fire OL.

Foto: PRIVAT

– Pust med nasen, ikkje munnen

«Kvifor?» vil nok mange undre.

Buaas har over mange år drive med meditasjon og mental trening, og har også brukt munnteip aktivt i eiga trening og eige liv. 42-åringen bruker primært nasen til pusting, og meiner å ha opplevd helsefremjande effektar av det.

Betre regulering av stress, høgare søvnkvalitet og meir energi i kvardagen, er blant tinga ho meiner nasepusting har hatt eit positiv utslag på.

Eg har kjent på alt mogleg. Eg har meir kontroll på mellomgolvet og musklane vi bruker når vi pustar. Det er ei rekke musklar som vi ikkje er vande til å aktivt kople på. Eg får pusten djupare ned i lungene, eg føler at eg har meir kontrollen og pulsen kan vere lågare i høgare fart, fortel ho.

Kjersti Østgaard Buaas

SNOWBOARD-STJERNE: Kjersti Buaas avbilda etter X Games-bronsen i 2016.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Buaas er ikkje den første som snakkar varmt om munnteip og nasepusting. I nyare tid har alt frå fotballspelar Erling Braut Haaland til rapparen Thomas «Mr. Pimp Lotion» Thrap Huse fortalt at dei bruker det.

– Er dette berre ein trend, Buaas?

Det kjem til å komme meir og meir, trur eg. Eg trur det er ein trend, men også noko vi burde ha meir fokus på. For vi er meinte til å puste med nasen, ikkje med munnen.

Erling Braut Haaland gjør alt for å bli best. Nå sover han også med teip over munnen.

Erling Braut Haaland gjer alt for å bli best. Nå søv han også med teip over munnen.

Landslagslege tviler på positiv teipeffekt

Landslagslege for langrennslandslaga, Ove Feragen, har fått med seg trenden med teip over munnen.

Han er tydeleg på at han har lita tru på teip framfor munnen i aktivitet. Han saknar også meir forsking på området.

Ove Feragen

LANDSLAGSLEGE: Ove Feragen er landslagslege for langrennslandslaga.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg tviler sterkt på at ein finn nokon prestasjonsfremjande effekt i uthaldsidrett med teip framfor munnen. Det er nok ikkje noko som blir tatt i bruk innan toppidretten.

Feragen fortel at teip framfor munnen aldri har vore noko tema hos langrennslandslaga. Han trur heller ikkje det kjem til å skje i framtida.

– Munnen er ein viktig del av pusteorganet vårt og utøvarane er avhengige av mykje luft og munnen vil brukast til å puste, seier han.

Buaas er einig i at nasepusting ikkje er for alle, men er først og fremst opptatte av dei positive effektane det kan ha – både i vaken og drøymande tilstand.

– Viss du er toppidrettsutøvar, er det ikkje anbefalt å berre bruke nasen. Men eg vil anbefale å integrere det inn. For meg som ikkje driv med toppidrett på den måten, er det anbefalt å bruke det på trening. Men spesielt når ein er i ro og når ein søv, seier ho.

Frida Karlsson

LANGRENNSSTJERNE: Den svenske yndlingen Frida Karlsson kjenner ho fokuserer betre med tunga ute og har gjort det sidan ho var liten.

Foto: NordicFocus

Les også Derfor går Tandrevold alltid med tunga ute: – Eg slepp alt ut, som ein hund

Skidskytte, Dam, Världscupen, Jaktstart, Hochfilzen

Trur pusten gir Birken-fordel

Halv-Birken er 28 kilometer lang og ei styrkeprøve for den tidlegare snøbrettkøyraren. Ho har ingen store resultatmål, men satsar på å unngå store snøkladdar under felleskia og hevda seg brukbart i feltet.

Eg trur det kjem til å bli spennande. Eg hadde tenkt at det var spennande utan teip, for eg har aldri gått den traseen og er heilt ukjent med å konkurrere i langrenn, seier Buaas.

– Det er ufarleg å gå med teip framfor munnen, og kan nok prøvast hos nokon i for eksempel Birken, om ein har tru på dette. Men eg kjem ikkje til å anbefale det til utøvarane våre, seier landslagslege Feragen.

Konkurransehovudet er likevel skrudd på. For kort tid sidan deltok ho i den første snøbrettkonkurransen sin på sju år. Førre helg stilte ho igjen – og vann.

Ho kjem til å bruke erfaringar frå både pusting og toppidrettsliv for å gjere seg klar til Birken.

Eg kjem til å bruke teknikkar eg har for å sove godt, visualisere løpet, halde nervane i sjakk før start. Halde hovudet kaldt, for det er ein lang distanse. Eg kan ha ein ekstra «edge» fordi eg kjenner pusten min så godt, så får vi sjå om det gir det ekstra giret, fortel Buaas.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal