Hopp til innhold

Framme på Sydpolen som yngste kvinna aleine: Utmatta, svolten og med frostskadar

Polfararen Hedvig Hjertaker frå Bergen er med sine 28 år den yngste kvinna som har gått til polpunktet aleine.

Hedvig Hjerteaker

Hedvig Hjertaker nådde polpunktet i 3-tida i natt. Dette bildet er tatt då ho starta turen.

Foto: Privat

Støttespelaren til Hjertaker opplyste dette i ein pressemelding i natt.

Manager André Fjærestrand Bratli skriv at ho nådde polpunktet rett før 03.30 norsk tid natt til søndag.

Ho er dermed den yngste kvinna i verda som har gått turen åleine.

Utmatta og svolten

– Hedvig er utmatta, svolten og har enkelte frostskadar, men har det bra og er etter forholda i god behald, skriv han.

Han fortel at det i natt klokka 03.19 tikka inn ein SMS frå henne: «Hei! Fremme! Så vidt det gjekk. nå».

Det har gått 49 dagar sidan starten 27. november.

Før ho kom skikkeleg i gang hadde ho ei runde med lungebetennelse og antibiotikakur.

Hedvig Hjerteaker

Pulken til Hedvig Hjertaker har ei vekt på over 100 kilo. Her trener ho med dobbel pulk.

Foto: Privat

Dei tyngste kilometrane

I meldinga som Hjertaker sende frå Sydpolen skriv ho dette:

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg er berre helt tom. Eg har vore på veg så sjukt lenge. Det blir utruleg rart at det no er over, og at eg kan slappe av. Endeleg!

Ho skiv at det var ei ufatteleg tøff avslutning, og at dei siste kilometrane var dei desidert tyngste på heile turen. Eg har gitt alt på slutten, både fysisk og psykisk, skriv ho, før ho avsluttar med:

Ha det frå Sydpolen!

Les også Då mora døydde av kreft, bestemte 28-åringen frå Bergen at ho ville gjera noko ingen andre kvinner på hennar alder har gjort før

Hedvig Hjertaker

Pulk på 100 kilo +

Ho har drege med seg ein pulk på over 100 kilo. Det har vore tunge tilhøve på turen, som Bratli skildrar som «ekstremt krevjande».

– Spesielt når ho går heilt aleine. Trygge, fornuftige og gode val skal takast. Det vart meir og meir utfordrande dess lenger ut på turen ho har kome.

Han fortel at det vart dramatisk førre helg då solcellepanelet slutta å virke. Då kunne ho ha mist kontakten med basen og tryggingsteamet.

Men etter tre dagar vart det floge ut eit nytt solcellepanel slik at naudsynt utstyr som GPS og satellittelefon framleis verka.

Hedvig Hjerteaker

I snitt har Hjertaker fått seks timar søvn kvar natt i teltet.

Foto: Privat

40 minusgrader og kraftig motvind

Skituren inn til polpunktet er på rundt 1130 kilometer. Temperaturen har lege på ned i 40 minusgrader.

I snitt har Hjertaker gått på ski 12 timar om dagen, og ho har fått seks timars søvn. Resten av tida har ho brukt på pakking, mat og kvilepausar. Dei siste to vekene har det blitt lengre økter på ski og mindre søvn.

Tilhøva dei siste 10 til 12 dagane har vore ekstremt tøffe, og prega av vanskelege føre, fortel Bratli.

Det har vore kraftig motvind og sastrugi. Sastrugi er rilleforma forhøgningar som kan bli 30 centimeter høge og som ligg parallelt med vindretninga. Dei er tunge å kome over, og faren for å brekke skia aukar.

– No er vi berre glade for å ha Hedvig trygt i mål saman med verdsrekorden ho kom hit for. Verdens yngste kvinne til å ha gått solo til Sydpolen, skriv han.

Han opplyser at Hjertaker ikkje vil vere å nå før om to veker. Det tar sju til ti dagar før ho har kome tilbake frå Antarktis.

Hedvig Hjerteaker

Hedvig Hjertaker reknar med å vere heime igjen om to veker.

Foto: Privat

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Siste nytt

  • Gulliksen usikker før den svenske cupfinalen

    Tobias Gulliksen måtte stå over Djurgårdens 1-0-seier over Gais grunnet en skade i kneet søndag kveld. Dermed står cupfinalen i fare for nordmannen.

    – Det har litt bedre, men vi får se. Kneet er hovent, så vi sjekker i morgen, sa han til Aftonbladet.

    Gulliksen var ikke med i kamptroppen etter at han pådro seg en skade. Allerede er det duket for cupfinale mot Erik Botheims Malmö.

    Europa conference leauge 2023/2024 : Bodø/Glimt - Ajax (1-2 e.e.o.)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal