Hopp til innhold

Hedvig vil bli yngste kvinne som går aleine til Sørpolen

Då mora døydde av kreft, bestemte 28-åringen frå Bergen at ho ville gjera noko ingen andre kvinner på hennar alder har gjort før. Snart startar ho på turen.

Hedvig Hjertaker

MIL ETTER MIL I MOTBAKKE: Frå startpunktet Hercules Inlet til Sørpolen er det 113 mil å gå. Pulken er om lag 100 kilo. Starten går på om lag 200 meters høgde, og polpunktet ligg på nesten 3000 m.o.h. Bildet er frå turen over Grønland i mai, som var ein del av opptreninga.

Foto: Privat

Ho har klipt av vaskelappar på kleda for å kutta vekta på pulken ho skal dra med seg i 50 dagar på veg til Sørpolen.

Hedvig Hjertaker (28) frå Bergen skal ikkje ha med seg eitt gram med ting som ikkje er heilt nødvendig.

Men utanom alt det livsviktige, får ei fargerik lita Pippi-dukke bli med på den 1130 kilometer lange turen, som ingen så unge kvinner har gått aleine nokon gang.

– Pippi Langstrømpe er verdas sterkaste jente. Litt sånn rampete og tullete som meg. Uttrykket hennar om at «dette har eg ikkje gjort før, så det får eg heilt sikkert til» gir meg styrke på ein dårleg dag. Pippi har vore eit godt forbilde for meg i mange år, seier Hedvig.

Polfararen var nyleg ein rask tur heime i Bergen for å pakka dei siste tinga.

Etter planen skulle ta ho det første stavtaket på ski med den rundt 100 kilo tunge pulken laurdag 19. november, men grunna dårleg vêr må ho venta litt.

Hedvig Hjertaker

Hedvig Hjertaker har vore streng med kva ho tar med seg i pulken, men helten hennar Pippi Langstrømpe får lov å bli med som inspirasjon.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Slått ut av kyssesjuke

Det store spørsmålet for oss som ikkje skal feira både jul og nyttår heilt aleine i eit telt i Antarktis, er sjølvsagt kvifor ho vil gjera dette.

Den tidlegare konkurransesymjaren blei hardt ramma av kyssesjuke då ho var 19 år. Ho blei sett ut av spel eit heilt år, og orka ingenting.

– Då mista eg ein del av identiteten min med å vera aktiv, ha mål og trena hardt. Livet var ganske vanskeleg. Måten å koma ut av det på, var at eg gjekk veldig korte turar i Fjellveien. Først fem minutt, seinare ti minutt. Så blei det lengre og lengre etter kvart som eg blei betre.

Året etterpå var ho blitt mykje betre, og gjekk Spania på tvers.

– Den turen gav meg utruleg mykje. Seinare har eg heile tida forsøkt å flytta grensa for kva eg trur eg mogleg, og det gir meg utruleg mykje livsglede.

Hedvig Hjertaker

Tida varer ikkje evig, og vi må gjera det vi syns er kjekt mens vi kan, seier Hedvig. Ho lærte mykje om tidsperspektiv på livet då mora døydde av kreft berre 57 år gamal.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Mamma døydde av kreft

For to år sidan kom ho tilfeldigvis over ein annonse på Instagram, med skotske Mollie Hughes. Ho gjekk aleine til Sørpolen då ho var 29 år.

Konkurranseinstinktet vakna. Hedvig googla seg fram til alderen, og fann ut at dette var ein rekord ho hadde sjansen til å slå. Men då måtte det skje før ho blei 29 år. Ein time seinare var det bestemt.

– Dette var noko eg kunne slå. Men det handlar også om å måtta gjera det no. Dette kan ikkje utsetjast, for neste år vil det vera for seint.

Tidspunktet då ho oppdaga rekorden til Hughes, spelte også inn.

– Mamma døydde av kreft berre to månader før, og eg var nok på leiting etter eit mål og noko som kunne gje meg meining i livet, seier ho.

Mora blei berre 57 år gamal. Det gav Hedvig eit nytt perspektiv på tid, og kor langt eller kort eit liv kan vera.

– Dei som er i 20-åra tenkjer kanskje at dei skal leva evig, og har haugevis av tid til å gjera det dei vil. Mamma hadde nok mange draumar og ønskje som ho ikkje fekk oppfylt. Det har hjelpt meg til å forstå at tida ikkje varer evig, og at vi må gjera det vi syns er kjekt mens vi kan.

Hedvig Hjertaker

Den beste treninga for å kunna dra ein hundre kilos pulk dag etter dag, veke etter veke, er å dra på bildekk. Det rådet har Hedvig fått av erfarne polfararar. Ho har vore eit vanleg syn i Isdalen i Bergen.

Foto: Privat

Bildekk og krevjande turar

Hedvig har fått gode råd frå andre norske polfarar om korleis ho best mogleg kan førebu seg til ekspedisjonen.

– For å trena opp musklane til å dra ein tung pulk, var rådet å dra bildekk. Så eg har dratt både to, tre og fire dekk etter meg på fjella rundt Bergen.

Elles har ho drive med både springing, symjing og styrketrening. Og lista over årets turar er imponerande:

  • Gjekk opp på Aconcagua, det høgaste fjellet i Amerika, som er nesten 7000 m.o.h.
  • Kryssa Finnmarksvidda
  • Kryssa Jotunheimen
  • Kryssa isen på Grønland

– Den aller beste opptreninga er å vera der ute i kulden med ski og pulk, meiner ho.

Gjennom eit forskingsprosjekt ho deltar i, er det dokumentert at forma er blitt stadig betre.

– Eg føler meg heilt klar, og det er så fantastisk å kunna seia det. Eg føler meg sterk og mentalt klar.

Hedvig Hjertaker

Jakka er ekstra lang for å verna meir av kroppen mot den iskalde vinden.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Fryktar kulden

Dei første dagane av ekspedisjonen er målet først å koma inn i dei daglege rutinane:

Å stå opp om morgonen, smelta snø til vatn, laga havregraut til frukost, kle på seg, ta ned teltet, pakka alt i pulken og koma seg av garde.

– Eg kjem til å gå inn i overlevingsmodus der alt handlar om å ikkje bli for kald og ikkje for varm, flytta seg frå A til B, få mat og vatn i kroppen og sova. Men ved å gjera noko så monotont, veit eg av erfaring at tankane kan flyta i eit heilt anna tempo enn her heime. For meg er dette det nærmaste eg kjem meditasjon.

Kulden er det ho fryktar aller mest på turen. Temperaturen i området er i gjennomsnitt 36 minusgrader, men vind gjer at den effektive temperaturen kan bli mykje lågare.

Små frostskadar kan går bra. Det opplevde ho på Grønland. Men viss det blir meir alvorleg kan ho i verste fall måtta avbryta ekspedisjonen.

– Ansiktet vil alltid vera heilt dekka av ei maske. Viss eg må ta av meg votten, så må eg alltid ha ein annan vott under, så det aldri kjem kulde rett på huda.

Hedvig Hjertaker

Kompass, GPS og satellittelefonar er noko av sikkerheitsutstyret Hedvig må ha med på ekspedisjonen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Dobbelt opp med sikkerheitsutstyr

Ho har tenkt mykje på farane ho kan bli utsett for på ekspedisjonen, og at det kan oppstå veldig alvorlege situasjonar. Men 28-åringen er likevel ikkje redd for gå aleine under så tøffe forhold.

– Det er vanvitig mange fleire som dør på Mount Everest enn på Sørpolen. Dessutan har eg med utstyr som gjer at eg kan be om hjelp viss det blir behov for det. Eg har laga ei risikovurdering for alt som kan skje, og nøyaktig korleis eg skal løysa kvar einaste utfordring.

Kvar dag må ho ringa med satellittelefon til ein base og melda frå kor ho og korleis det går.

Ein del av sambandsutstyret må ho ha dobbelt opp av, fordi ho går aleine, for å vera heilt sikker viss noko av det skulle svikta.

Klargjering i Chile

Den siste veka har Hedvig vore i byen Punta Arenas heilt sør i Chile. Her har ho pakka matrasjonane heilt nøyaktig, gått gjennom utstyrslista og elles gjort seg heilt klar.

No ventar ho på at vêret skal bli godt nok før ho kan fly vidare til ein base på Antarktis som heiter Union Glacier. Viss vêret og vinden er bra, flyr ho raskt vidare til startpunktet Hercules Inlet. Ho sender ut oppdateringar på eiga nettside.

Planen var å gå mot Sørpolen laurdag, men det er no utsett. Ho veit ikkje før dagen er der, om ho kan starta å gå den dagen, eller ikkje.

– Det er veldig viktig å få ein god start. Så viss vêret er dårleg, kan det vera betre å venta litt. Her vil eg stola på gode råd frå lokale ekspertar, seier Hedvig.

Hedvig Hjertaker

Turen over Grønland i mai var generalprøven før ekspedisjonen til Sørpolen. Både julaftan og nyttårsaftan skal ho feira aleine i teltet, og til saman skal ho etter planen bruka 50 dagar fram til polpunktet.

Foto: Privat