Formel 3-verdsmeister Dennis Hauger var berre 14 år då han signerte ein avtale med juniorteamet til hardtsatsande Red Bull i september 2017. Ungguten imponerte stort i gokart og talentspeidarar følgde dei fleste løypene.
Jos Verstappen er far til den langt meir kjente Formel 1-stjerna Max Verstappen. Sjølv har han meir enn 100 startar på øvste nivå i VM. Da Hauger vant og vart nummer to i OK JR-klassen i det tyske meisterskapet i Genk, var Verstappen til stade på vegner av Red Bull.
Tipsa om Hauger
Seinare same år var han på plass i Italia for å følge Hauger og de andre talenta på nytt.
– Jos var ein av dei som tipsa Red Bull om meg då han såg løp, men eg visste ikkje noko om det. Eg var 13 år og tenkte ikkje så mykje over det. Det er sjølvsagt kult at han såg løpet og gav den beskjeden vidare, seier Dennis Hauger til NRK.
Nokon månader seinare tok Helmut Marko, Red Bull sin mektige rådgivar, kontakt med teamet til Hauger. Gjennom vinteren sende nordmannen rapportar til dei. Han vart invitert til å trene på Formel 1-lagets simulatorar og imponerte nok til at de ville signere ham.
Avtalen vart feira med middag saman med Max Verstappen-sjef Christian Horner, Marko, manager Harald Huysman og pappa Tom Erik Hauger.
Dei sentrale aktørane
Huysman fortalde motorsportnettstaden Parc Fermé at tre personar var sentrale i forkant av signeringa.
Jos Verstappen, tidlegare Formel 1-førar med over 100 løp.
Franz Tost, sjef for AlphaTauri, Red Bull sitt «andrelag» i Formel 1.
- Timo Scheider, tysk racing-profil med lang aktiv karriere i DTM og rallycross.
Red Bull-tilknytt Tost vart introdusert for Hauger over middag under Formel 1-stjernene sitt løp i Spa i 2016. På dåverande tidspunkt hadde han ansvaret for Toro Rosso, AlphaTauris forgjengar, med Daniil Kvjat og Carlos Sainz jr. i stallen. Laget hans kan verte eit mogleg stoppestad for Hauger, dersom han når Formel 1.
Scheider var innehavar av eit team i Formel 4. Han inviterte Hauger til Formel 4-testing – og trudde knapt det han fekk sjå etter 770 km med køyring.
«Som profesjonell førar gjennom 28 år har eg sett mange komme og gå, men det Dennis har vist som 13-åring manglar sidestykke», står det i brevet som NRK har fått tilgang til.
Huysman meiner dette i sum bidrog til at Hauger var blant dei som sto øvst på lista til Red Bull då dei skulle hente nye førarar til juniorsatsinga sin.
Verstappen-samanlikning
Dennis Hauger har vore et motorsporttalent av dei sjeldne frå han sat seg på firhjuling med smokken i munnen som toåring.
Som tiåring gav han representantar for det italienske gokart-storlaget CRG gåsehud. Det som skulle vere et besøk til for å sjå nærare på motorar til bruk i Noreg, enda opp med bustadadresse på Sicilia heime hos teamsjefen. Slik fekk han italiensk lisens og kunne konkurrere utanlands. Hauger ler litt av det heile – han har nemleg berre besøkt Sicilia ein gong.
Sidan har det gått frykteleg fort i svingane for den sindige racerføraren frå Aurskog.
Som tolvåring underteikna han kontrakt som fabrikkførar for CRG, som i praksis vil seie at han blei sponsa og fekk finansiert store delar av satsinga. 13 år gammal vant han juniorklassen i det tyske gokart-meisterskapet. Året etter følgde han opp med seier i seniorklassen som yngste førar nokosinne. For å sette det i kontekst: Michael Schumacher klarte det same, 18 år gammal.
Samanliknast med Verstappen
Han tok med andre ord stega lynraskt. Forutan ein lugga sesong i Formel 3 i 2020, har det hele tida handla om å kjempe i toppen.
– Eg veit berre om éin som har fått til det, og det er Max Verstappen, sa CRGs teamsjef Glenn Keyaert til D2 då dei snakka med han i 2017.
Og Keyaert er ein mann som burde vite. Verstappen køyrde også for CRG, før han vart plukka opp av Red Bull. Akkurat som Dennis Hauger.
– Det er kult. Det er ein eg kanskje har sett opp til då eg var yngre og såg at han tok dei stega oppover. Kanskje eg møter han på toppen, seier Hauger til NRK på spørsmål om samanlikninga med Verstappen.
– Kva er det som skil dykk som førarar?
– Han gir litt meir faen enn meg, kanskje. Men det er ein del av racing. Ein må ha sjølvtillit og tru på seg sjølv.
No førebur Hauger seg på å køyre Formel 2 den kommande sesongen. Gjer han det bra der, er håpet å bli Formel 1-førar i 2023 eller 2024.
På det øvste nivået leier nettopp Verstappen VM etter 16 av 22 løp, seks poeng framfor Lewis Hamilton.
– Kanskje vi møtest på toppen, smiler Hauger.