– Det er jo Formel 1 som er draumen, det kan eg seie. Eg drøymer om å leve av det, fortel Hauger til NRK.
I varmen i Bahrain skal verdas beste gokart-sjåførar kjempe om VM-tittelen. Blant favorittane er det ein heilt spesiell debutant på startstreken.
– Det er mitt første VM, som 13-åring. Og eg er i toppen som ein av dei yngste, det er jo heilt rått, seier Hauger.
Trass sin unge alder, har Hauger allereie merka seg ut som ein av dei største i sporten. Men likevel drøymer Hauger om å nå nye høgder.
– Aldri hatt eit slikt talent
Dennis Hauger er ein av Norges største sportstalent. Aurskogguten er født i 2003, og har sidan han var berre to år gammal drive med motorsport.
No er Hauger 13 år gammal, og blir av ekspertane rekna som tidenes største motorsporttalent.
– Han er eit unikt talent som me aldri har sett i Norge før, seier Viasat-kommentator Thomas Scheie til NRK.
STORTALENT: På bana i Bahrain drøymer gokartsjåføren Dennis Hauger om å nå endå lenger.
Foto: Gjermund MidtbøEit tydeleg prov på at prestasjonane hans blir lagt merke til, også utanfor landegrensene, er at han er ein av få gokartsjåførar som ikkje treng å betale for noko sjølv.
For i fjor blei han signert av CRG, laget som også hadde Max Verstappen med seg, før han blei tidenes yngste Formel 1-sjåfør som 17-åring.
– Det han har gjort til no er ekstremt. Han er henta av den største gokartprodusenten som 12-åring. Han har gjort utrulege ting, seier motorsportekspert Harald Huysman til NRK. Huysman har vore manager for formel 1-stjerner, og veit kva som skal til for å lukkast.
Og det er også fleire utanfor gokartmiljøet som har fått med seg dei oppsiktsvekkande resultata til nordmannen.
Drøymer om Formel 1
Det gjekk ikkje heilt som planlagt i VM for 13-åringen. Sjølv om han til tider viste at han er heilt i toppen, var han uheldig og blei påkøyrd i innleiande heat, slik at han fekk ein dårleg startposisjon i finalen. Der enda det med 17.-plass.
Rundt meisterskapen i Bahrain er det fleire speidarar frå dei beste Formel 1-laga.
– Det er jo kult at dei er her, men eg prøver å ikkje tenkje på det. Dei får speide so mykje dei vil, seier Hauger.
Men trass ein skuffande meisterskap, treng ikkje draumen om formel 1 å vere so langt unna.
Han har nemleg betre resultat enn tidenes yngste formel 1-førar, Max Verstappen, og Hauger har vunne omtrent alt han har delteke i denne sesongen.
– Me håpar han kan gjere som Verstappen. Det er tidleg, men det ser veldig bra ut, seier Scheie.