NRK møter 18-åringen i Abu Dhabi der han var på den elleville avslutninga på Formel 1 i 2021, der Max Verstappen tok innersvingen på Lewis Hamilton.
Rett før billøpet hadde Hauger fått pokalen for sigeren hans i Formel 3 denne sesongen. Med følgde også ein sjekk på om lag 3 millioner kroner.
Det kjem sjølvsagt godt med, og går rett inn i neste års budsjett.
POKAL: Det synlege beviset på at Dennis Hauger vann Formel 3 i 2021.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRK– Det er jo ikkje ein billig idrett så det var greitt å få ein god sjekk, seier Hauger til NRK.
Formel 2-testing
Onsdag 15. desember fekk NRK vere med på førebuande testar av Formel 2-bilen til Hauger og støyping av sjølve stolen han skal sitte i. Det heile skjedde inne i garasjen til laget PREMA Racing på bilbana Yas Marina Circuit i Abu Dhabi
Veskene som skal bli den faste stolen blir miksa saman, før dei blir helt ned i ein slags pose som Dennis Hauger set seg på for at den skal forme seg rundt kroppen hans.
Desse to karane gjer posen som skal fyllest med veska som skal bli til bilstolen klar til Dennis Hauger.
Dennis Hauger set seg ned for å formstøype setet til kroppen sin.
Her blir veska som skal bli til Haugers bilstol tømt ned i posen han sit på.
Far Tom Erik Hauger sjekkar om alt går bra.
Pedro Matos er race engineer i Prema Racing. Han har fulgt Dennis Hauger sidan 2019 som hans næraste samarbeidspartner i garasja og blir med også neste år.
Slik ser Dennis Haugers cockpit i PREMA Racings Formel 2-bil ut.
Stolen er ferdig støypt.
Ferdig stol, klar for maling.
Dennis Hauger får teste Formel 2-bilen. Motoren er ein 3,4 liter V6 turbomotor med om lag 650 hestekreftar. Bilen veg om lag 700 kg.
For sjølv om det ikkje er 100 prosent offisielt at Hauger skal køyre Formel 2 i 2022, så er det ingen grunn til å tvile på at dei fleste involverte reknar med at det kjem til å skje.
– Det ser veldig lovande ut ja, seier Hauger med eit lurt smil når NRK spør.
– Kor overraska blir du om du vinn Formel 2-meisterskapen neste år?
– Eg blir ikkje overraska. Det er eit mål ein må sette seg.
I Formel 2 går bilane raskare, har fleire hestekrefter, sjåførane er betre og budsjetta er da også høgare. For Haugers del så har han eit budsjett på 21 millionar kroner neste år.
FAR: Tom Erik Hauger arbeider tett med sonen for å nå draumen om å få eit sete i Formel 1.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRKHovudsponsoren til Hauger tek halve rekninga, men resten må dei finne sjølve.
– Det ser ut som at budsjettet for neste år landar på ein bra måte, seier far Tom Erik Hauger som er Dennis sin tettaste samarbeidspartnar på vegen til den store draumen: Formel 1.
– Interessa har eksplodert?
– Ja veldig, han har vorte ganske kjent ja. Det er jo litt av greia. Vi er kanskje mest glad i å vere anonyme, men samtidig er det jo ein del av jobben og reisa.
ROT: Da NRK fekk kome inn på hotellrommet til Dennis Hauger i Abu Dhabi fekk far Tom Erik nærast hjarteåtak på grunn av rotet sonen hadde laga mens han skulle skifte.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRKFekk aha-oppleving i 2019
Billøp i formelbil er ikkje utan risiko. Seinast i 2019 døydde den franske Formel 2-sjåføren Anthoine Hubert i ei ulykke under Belgias Grand Prix. Seinast 5. desember under Saudi-Arabia Grand Prix var to bilar involvert i ei ulykke som sende to sjåførar på sjukehus.
– Det er jo alltid ein risiko når ein køyrer i 300 km/t, seier 18-åringen.
Og sjølv om Hauger fortel om at han tykkjer at idretten har vorte veldig sikker på mange måtar, så fekk han seg ein støkk av ulykka der franskmannen døydde.
– Ein får seg ein aha-augneblink på kor farleg idretten kan vere, og det var veldig trist sjølvsagt. Men ein kan ikkje ha slike tankar i hovudet når ein køyrer, seier han.
Tom Erik Hauger trekkjer også fram at sikkerheita har vorte god dei siste åra, men innrømmer at han tenkjer på det under kvart løp.
– Som foreldre så unnlet ein sjølvsagt ikkje å tenke på det. Det ligg der i den kjenslemessige cocktailen når det er løp. Du er redd for at det skal skje noko og det er adrenalin, men du vil at det skal lykkast, seier far Hauger.
Media irriterer
Men det er ikkje alt med suksessen i formelsirkuset som Hauger set pris på. Auka interesse frå media frustrerer tenåringen frå Aurskog.
Dennis Hauger
Foto: Gunnar Bratthammer / NRK– Kva irriterer og frustrerer deg mest?
Dennis Hauger sit attendelent i ein strandstol i solnedgangen i Abu Dhabi og tenkjer seg om i 10 sekund før han svarar.
– Media!
Han skrattar før han forklarar.
– Det blir jo ein del media på løpshelger, men da vil jo eg halde 100 prosent fokus på køyringa. Det er mykje av dei same spørsmåla, men eg skjønar at det er ein del av greia.
– Eg hadde jo mi fyrste pressekonferanse på engelsk da eg var 11 år, seier Hauger.