Hardt pressa sjakkpresident blir kritisert i heimlandet: – Ikkje behageleg

Den russiske Fide-presidenten Arkadij Dvorkovitsj har vorte kalla landssvikar i heimlandet etter at han talte krigen midt imot. No snakkar han ut om kritikken.

Sjakk-VM

SJAKKSJEF: Fide-president Arkadij Dvorkovitsj saman med Magnus Carlsen før VM i 2018.

Foto: Nina Eirin Rangøy / NTB

Eg veit korleis det går føre seg, korleis folk reagerer. Sjølv om det ikkje er behageleg, tenkjer eg at eg må gjere den profesjonelle jobben min og halde fram med å gjere det eg må, seier Dvorkovitsj når NRK møter han i Reykjavík.

Dette er eit av få intervju presidenten i Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) har gjort etter at krigen braut ut.

Dvorkovitsj, som fram til 2018 var visestatsminister i Russland under regjeringa til Putin-vennlege Dmitrij Medvedev, har måtta tole mykje kritikk i heimlandet etter at han, i eit intervju med det amerikanske tidsskriftet Mother Jones, stilte seg kritisk til krigen i Ukraina.

– Mine tankar er med den ukrainske sivilbefolkninga. Krig tek ikkje berre uvurderlege liv. Krig drep håp og ambisjonar, og stansar eller øydelegg forhold og samband, sa Dvorkovitsj.

Uttalen vart omtalt som eit nasjonalt svik av politikarar i heimlandet, og sjakkpresidenten vart kalla ein femtekolonne, ei nemning for innbyggjarar i eit land som sympatiserer med fienden under krig.

Arkadij Dvorkovitsj

VISESTATSMINISTER: Arkadij Dvorkovitsj var fram til 2018 visestatsminister i Russland under regjeringa til Putin-vennlege Dmitrij Medvedev

Foto: Alexei Nikolsky / AP

– Naturleg at folk er redde

50-åringen frå Moskva, som i to tiår hadde sentrale stillingar i russisk politikk, er ikkje overraska av kritikken. Han er likevel klar for at han ikkje fryktar for sin eigen tryggleik i heimlandet.

– Det er naturleg for folk å vere redd for ting som det, og at dei bryr seg om tryggleiken, ikkje sin eigen tryggleik, men spesielt familiens. Og sjølvsagt har eg enkelte kjensler, men eg trur på at framtida vil vere fredfull, inkludert for Russland, seier han.

Dvorkovitsj seier det er ei vanskeleg tid å vere Fide-president.

Som Fide-president må eg finne ein måte å sameine folk på utan å ta ei side. Eg vil vere sannferdig med meg sjølv og folk flest. Eg trur eg har funne ein god måte å gjere det på, seier russaren.

Som russar må eg gjere det på den måten, eg bryr meg om landet mitt. Eg trur det finst måtar å sameine verda igjen.

Les også: Anand-samarbeidet vekkjer oppsikt: – Usmakeleg

Vishy Anand og Arkadij Dvorkovitsj
Vishy Anand og Arkadij Dvorkovitsj

– Trist og tragisk

Samtidig som enkelte russiske politikarar kalla Dvorkovitsj for landsforrædar, gav sjakktoppen ein annan uttale i heimlandet. Der sa han ifølgje Chess.com at «han var stolt av soldatane» og at «det er ikkje plass til nazisme eller land som dominerer andre».

Når NRK møter Dvorkovitsj på Island, seier han at det som skjer i Ukraina, er «ein av dei tristaste augneblinkane i livet.»

Alle har mange venner i Ukraina, vi reiser til Ukraina mykje og å sjå det slik, er trist og tragisk, seier han, utan å vilje svare på kva han meiner russiske styresmakter bør gjere.

Irina Anisimova, postdoktor i framandspråk ved UiB, meiner det ikkje er rart at Dvorkovitsj og andre russarar i mektige posisjonar er tvetydig i kommunikasjonen sin.

– Det gir meining fordi han håpar at ingen les det han seier i medium utanfor Russland, seier ho til NRK.

Anisimova påpeikar at til og med Vladimir Putins talsperson, Dmitrij Peskov, har hatt utsegner i vestlege medium som skil seg frå korleis krigen blir omtalte heime i Russland.

Sist veke sa han til Sky News at Russland hadde hatt store tap og krigen var ein tragedie for Russland.

President Putins talsmann Dmitrij Peskov

TALSPERSON: Dmitrij Peskov er ein av Vladimir Putins næraste kollegaer.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

– Prøver å vere diskré

– Eg trur dei fleste russarar i maktposisjonar internasjonalt prøver å vere diskré. Til dømes har Chelsea-eigar Roman Abramovitsj prøvd å halde seg i bakgrunnen, seier Anisimova.

Irina Anisimova, pressebilete UiB.

EKSPERT: Irina Anisimova.

Foto: UIO

– Har dei russiske styresmaktene nokon som helst forståing for at russarar i slike posisjonar ser seg nøydde til å kritisere krigen?

– Den russiske regjeringa liker det ikkje, men dei forstår nok at dei må seie det, seier Anisimova.

– Vi veit enno ikkje korleis det russiske regimet vil reagere på det, seier ho.

Anisimova er tydeleg på kva ho meiner personar i roller som Dvorkovitsj må gjere.

– Dei må seie at dei er imot krigen. Om dei ikkje gjer det, må det internasjonale samfunnet presse dei til å gjere det, meiner ho.

Vil ikkje uttale seg om Karjakin

Fide har valt å ikkje stengje ute russiske spelarar frå turneringar, men dei må spele under nøytralt flagg og landet får ikkje delta i lagkonkurransar.

Likevel har dei valt å stengje ute sjakkyndlingen Sergej Karjakin i seks månader for brot på dei etiske retningslinjene til forbundet etter at Karjakin kom med ei rekkje Twitter-meldingar der han uttrykte si støtte til Russlands krigføring i Ukraina.

Dvorkovitsj vil ikkje seie kva han sjølv meiner om utestenginga. Han understrekar at det er Fides etikk- og disiplinærkomite som har teke avgjerda, og at han ikkje har hatt noko med avgjerda å gjere.

Saka blir behandla av ein uavhengig komité i Fide, som ikkje bør påverkast av nokon fordi dei skal vere uavhengige, som i ei rettssak. Fide-presidenten eller nokon Fide-tenesteperson kan ikkje gi personlege meiningar, seier Dvorkovitsj.

Les også: Sjakkpresidenten utestengte Karjakin – blir kalt landssviker i Russland

Dvorkovitsj og Karjakin
Dvorkovitsj og Karjakin

Sportsnyheter

Lampaert ut mot tilskuer etter kollisjon: – Det er en skam

Nederlandske Dylan van Baarle stakk til slutt av med seieren i Paris-Roubaix, men Yves Lampaert havnet på en skikkelig luftetur i jakten på teten.

Siste nytt

  • Skytternes suksesshelg avsluttet med ny seier

    Rifleskytterne Jeanette Hegg Duestad og Jon-Hermann Hegg tok seieren i finalen for blandede lag i verdenscupen i Rio de Janeiro søndag.

    Norge ble beste riflenasjon på stevnet i Brasil etter en solid uke med hele ti plasseringer på seierspallen. Det er den beste internasjonale konkurransen for norske skyttere noensinne.

    Duestad tok én seier individuelt og to for lag, i tillegg til to 2.-plasser.

    – Jeg er sliten og lykkelig. Dette har vært en herlig uke sammen med verdens beste kamerater på skytterlandslaget. Nå blir det godt å komme hjem for å hvile og trene igjen, sier Duestad i en pressemelding fra Norges Skytterforbund.

    I søndagens finale i den blandede lagkonkurransen havnet Norge under mot Tsjekkia før Hegg og Duestad slo tilbake og vant 16-12. Det ble også 3.-plass til Simon Kolstad Claussen og Jenny Stene.

    Sommer-OL i Tokyo 2021
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Chelsea klare for FA-cupfinalen

    Chelsea møter Liverpool i FA cup-finalen etter en sterk andre omgang mot Crystal Palace.

    Det var lenge stillingskrig, men så våknet London-klubben. Først satte Ruben Loftus-Cheek inn 1-0 ved hjelp av et knallhardt skudd.

    Ti minutter senere var Chelsea på farten igjen. Timo Werner kombinerte med Mason Mount, som ved et følsomt medtak var alene med keeper. Han bredsidet ballen enkelt i mål.

    Men det kan være en viss fare for at Chelsea må klare seg uten Mateo Kovacic i finalen. Kroaten lå nede i smerter, og måtte byttes ut etter 26 minutter spilt.

    Finalen spilles 14. mai på Wembley.

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP
  • Rangers vant Old Firm - til FA-cupfinale

    Rangers var best mot erkerivalen Celtic, men trengte ekstraomganger og litt flaks for å vinne 2-1 og ta seg videre fra den skotske FA-cupens semifinale.

    I finalen på Hampden Park 22. mai skal Rangers møte Hearts, som lørdag slo Hibernian 2-1 i sin semifinale.

    Rangers får en heftig sesonginnspurt. Laget er i semifinale i europaligaen og jager seks poeng bak Celtic i serien med fem kamper igjen.

    Rangers
    Foto: Jane Barlow / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 30 klipp
Sport
Spiller nå
Hegerberg svarer på landslagskritikken opp gjennom årene 00:56
Neste
Prøver ellevilt sykkelstunt i 28 effektive minusgrader 01:00
Tordentalen til Klaveness skaper sterke reaksjoner verden rundt 01:39
VM-sjefen kritiserte Klaveness etter tordentale 01:17