– Eg skulle gjerne vore forutan dette (samarbeidet), konkluderer Peter Heine Nielsen.
Dansken er Magnus Carlsens trenar og sparringspartnar, men har òg ei fortid som Viswanathan «Vishy» Anands næraste støttespelar. Dei to jobba tett mellom 2005 og 2013 – i ein periode der Anand vart verdsmeister fire gongar.
TRENAR: Peter Heine Nielsen er Magnus Carlsens trenar og samarbeidspartnar. Tidlegare jobba han med Vishy Anand.
Foto: Mads Nyborg Støstad / NRKNielsen vedgår difor at han vart forundra då han denne helga las at den indiske sjakkstjerna no har slutta seg til Arkadij Dvorkovitsj kampanje for å bli attvald som øvste leiar i Det internasjonale sjakkforbundet (Fide).
Nyheita sprakk fredag, same dag som det vart kjent at sjakk-OL blir flytta frå Moskva i Russland til Anands heimby, Chennai i India.
– Samarbeidet er overraskande, men for Anand veg det tungt at India får sjakk-OL i heimbyen sin, Chennai. Det er vel eit av dei største – kanskje det aller største – sportsarrangementa som kjem til India. Det har mykje å seie for indisk sjakk og for Anand personleg, seier Nielsen til NRK.
- Sjå Arkadij Dvorkovitsj kommentarar til NRK lenger ned i saka
STJERNEMØTE: Vishy Anand og Magnus Carlsen møttest i langsjakk-VM i 2013 og 2014. Carlsen vart verdsmeister begge gongene.
Foto: MANJUNATH KIRAN / AFP– Problematisk CV
Fide-president Arkadij Dvorkovitsj har skapt store overskrifter både i Russland og Vesten etter at krigen i Ukraina braut ut. 48-åringen frå Moskva var fram til 2018 visestatsminister i Russland under regjeringa til Putin-vennlege Dmitrij Medvedev.
Det vekte derfor sterke reaksjonar i heimlandet då han nyleg gjekk ut i eit amerikansk tidsskrift og talte Putin og krigen midt imot.
– Mine tankar er med den ukrainske sivilbefolkninga. Krig tek ikkje berre uvurderlege liv. Krig drep håp og ambisjonar, og stansar eller øydelegg forhold og samband, sa Dvorkovitsj til det amerikanske tidsskriftet Mother Jones.
Samtidig som enkelte russiske politikarar kalla Dvorkovitsj for landsforrædar på statleg TV, gav sjakktoppen eit anna svar i heimlandet. Der sa han ifølgje Chess.com at «han var stolt av soldatane» og at «det er ikkje plass til nazisme eller land som dominerer andre».
EKSPERT: Atle Grønn er sjakkekspert og professor i russisk ved Universitetet i Oslo.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKIfølgje sjakkekspert Atle Grønn gjorde desse utsegnene russaren òg upopulær i den vestlege delen av sjakkverda. Grønn meiner det – frå eit europeisk standpunkt – er noko ubehageleg over samarbeidet mellom Anand og Dvorkovitsj.
– Fide-presidenten har ein CV som er veldig problematisk i og med at han har hatt tett tilknyting til Kreml og Putins inste krins. Han er i høgaste grad ein del av den russiske makteliten i snever forstand. Derfor er det noko usmakeleg over at Anand annonserer eit samarbeid med Dvorkovitsj, seier Grønn.
MED PUTIN: Arkadij Dvorkovitsj har hatt fleire toppstillingar i Russland. Han har både vore visestatsminister og sjef for fotball-VM i 2018. Her er han avbilda med Vladimir Putin.
Foto: Alexei Nikolsky / AP– Trur du dette vil gå utover ryktet til Anand?
– Anand er ein person som alle har likt, men det er klart at ukrainske sjakkspelarar kjenner seg svikta, svarer Grønn.
Dvorkovitsj svarer NRK
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Vishy Anand til denne artikkelen, men har ikkje lukkast. Talsmannen til Fide, David Llada, svarar slik på Atle Grønns kommentarar om Dvorkovitsj' band til Kreml:
– Å seie no at Mr. Dvorkovitsj er «nær Kreml» er ei feilaktig framstilling av fakta og hans noverande situasjon. Det blir tilrådd å sjekke Dvorkovitsj' uttalelsar i intervjuet med Mother Jones og trekkje konklusjonar derfrå.
Til NRK seier Dvorkovitsj sjølv at han og Anand har kjent kvarandre i 15 år, og at indaren har vore ein viktig rådgivar for Fide dei siste tre åra. Det var likevel først under langsjakk-VM i Dubai at ideen om å samarbeide vart sådd.
TIDLEGARE VERDSMEISTER: Vishy Anand har vorte verdsmeister i sjakk fem gonger.
Foto: Carina Johansen / NTB– Bortsett frå å vere ein legendarisk idrettsmann, er Anand òg eit høgt respektert individ. Autoriteten hans og moralske verdiar er uomtvistelege. Han tek med seg klokskap, fellesskap og visjon til prosjektet vårt, seier Dvorkovitsj.
– Kva rolle får Anand i kampanjen din?
– Anand vil ikkje ha ei spesifikk rolle i kampanjen. Men han vil ha ei aktiv rolle i Fide viss eg blir attvald. Det eg ønskjer å gjere klart ved å seie dette, er at eg er interessert i at han jobbar med oss, ikkje i å bruke namnet hans til valformål, svarar sjakktoppen.
Trass i oppstyret rundt Dvorkovitsj er Atle Grønn og Peter Heine Nielsen sikker på at russaren blir attvald som Fide-president med hjelp frå Anand.
Det synest Nielsen er synd.
– Eg har tidlegare sagt at Fide skal frigjere seg frå Russland og Kreml. Dei har hatt ein stor innverknad i sjakken, og det synest eg må stoppe. Eg vil ha eit Fide som ikkje har nokon tette band til Kreml, seier sjakktrenaren.