– Før kampen sa han til meg at kjeften min går jo i eitt, så no var det på tide å byrja å snakke med beina. 39 sekund og tunnel, det var vel svar på tiltale, seier ein smørblid Helland til NRK etter kampen.
Rosenborg gjekk rett i angrep etter avspark, og Helland fekk ballen på hjørnet av 16-meteren. Med venstrefoten sende han ballen mellom beina på Vegard Forren og i det lengste hjørnet.
– Det var ein forferdeleg start, eg var førebudd på eit skott mellom beina, men han klarte å lure den inn der, seier Forren.
Molde slo tilbake etter draumestarten til RBK
Scoringa til Helland gav Rosenborg ein perfekt i jakta på sin første siger mot Molde sidan juli 2012.
Men etter 18 minutt sørga ein offsideplassert Mohamed Elyounoussi for 1–1, då han fekk lobba ballen over ein utrustande André Hansen i RBK-målet.
27 minutt ut i først omgang sto Christian Gytkjær for 2–1 til trønderane, etter eit flott veggspel med Gudmundur Thorarinsson. Aleine med keeper sette han ballen fint i hjørnet, til venstre for keeper.
To minutt seinare utlikna Fredrik Gulbrandsen for Molde, men denne gongen vart scoringa korrekt annullert for offside, då Per Egil Flo sto i vegen for Rosenborgs keeper.
Kampens siste scoring kom på overtid i den første omgangen, og nok ein gong var det Gytkjær som var frampå.
– Då dei fekk 3–1 på overtid i første omgang vart det vanskeleg for oss. Vi var førebudd på måten Rosenborg speler fotball på, men det var mykje kvalitet i det dei gjorde, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.
– Det er fantastisk å scora to mål, sa dansken til TV 2, då laga gjekk til pause.
Etter 13 kampar av årets sesong har trønderane no ei luke på åtte poeng ned til Molde.