Hopp til innhold

Grøvdal i tårer – vurderer å droppe hovudøvinga

Karoline Bjerkeli Grøvdal var skuffa og fortvila etter 13.-plassen på 3000 meter hinder, og vurderte fleire gonger å bryte.

SJANSELAUS: Fortvila Karoline Bjerkeli Grøvdal innser at det er 5000 og 10.000 meter ho må satse på framover

Der slo ho fast at det godt kan vere slutt på hinderløp frå hennar sidan.

– Eg slit med hinder, og kjenner at musklane mine er ømfintlege for det start-stopp-løpet som hinderløp er. Eg må nok innsjå at det er 5000 og 10.000 meter som er mine distansar, seier Grøvdal, som skal starte på 5000 meter seinare i meisterskapet.

– No skal eg restituere meg. 5000 passar nok musklane mine betre.

Ho merka frå starten at kroppen og beina var tunge.

– Eg hadde håpa det var litt lettare, men eg kjende frå oppvarminga at beina var tunge, kanskje tyngre enn på treninga. Alt verka tungt, sa Grøvdal til NRK. Tida hennar blei 9.29,41.

Bekymra

Karoline Bjerkeli Grøvdal

VURDERER Å SKIFTE: Karoline Bjerkeli Grøvdal var skuffa og lei seg etter løpet. Ho vurderer å droppe hinderløp og i staden satse på 5000 og 10.000 meter

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg veit ikkje kvifor det er slik. Akkurat no er eg litt bekymra sjølv.

– Vurderte du å bryte?

– Ja, det gjorde eg. Beina var tunge frå start. Eg tenkte på det fleire gonger, men gjorde det ikkje. Det kjendest ikkje rett. Men eg blei litt lei meg og gav litt opp på slutten.

Strekk

Ho fekk ein strekk for eit par veker sidan, men meiner sjølv at det ikkje hemma henne.

– Men det gjekk ei vekes tid utan at eg fekk trene, seier ho. Ho meiner ho har hatt framgang på dei siste treningane, men det har ikkje blitt mange treningsøkter. – Berre nokre tusenmetrar her nede, seier ho.

– Eg veit ikkje kvifor det gjekk slik, eg har sprunge bra på trening, seier Grøvdal, som gjekk til finalen på tid etter å ha blitt nummer seks i sitt forsøksheat fredag. 9.28,84 var nest dårlegast av dei som ikkje tok direkte finaleplass, og 11. beste tid totalt i forsøket.

– Eg kjenner det i magen, men har låge skuldrer, sa ho til NRKs Line Andersen før start.

– Eg går nok litt forsiktig ut, så skal eg kjempe for så god plassering som mogeleg, la ho til.

Hennar personlege rekord og norske rekord er på 9.13,35 frå august i fjor. Årsbeste i år er 9.20,79 frå Diamond League-finalen i Zürich for ein månad sidan. Ho er rangert på 10.-plass på denne distansen før VM.

I meisterskapssamanheng har Grøvdal EM-sølv på 10.000 meter frå 2016 og bronse frå terrengløp-EM i 2015 og 2018. I sistnemnde løp feilrekna ho spurten fordi ho trudde det var ein runde igjen. Trenaren er sikker på at ho hadde tatt gullet utan den reknefeilen.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal