Hopp til innhold

Granskar nytt orienterings-juks: – Mistenkeleg resultat

For ei veke sidan vart kinesisk orientering tatt med buksene nede i militær-VM. No vil det internasjonale orienteringsforbundet (IOF) finne ut om det også vart juksa under verdscupfinalen i Kina.

VM i orientering: Stafett

UNDRER SEG: Dei norske orienteringsløparane Olav Lundanes og Gaute Hallan Steiwer stiller spørsmål rundt kinesarane etter oppsiktsvekkande resultat på heimebane.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Eg har vore med i toppen i ti år og har aldri høyrt om nokon av desse løparane. Og det er ikkje akkurat daglegdags at det er fire kinesarane blant topp ti på første passering, seier den norske orienteringsløparen Gaute Hallan Steiwer.

Etter verdscupfinalen i Kina denne veka er dei kinesiske prestasjonen igjen blitt den store snakkisen i miljøet. IOF har kopla inn sin eigen etiske komite for å granske det som skjedde.

– Utrulege forbetringar av tekniske ferdigheiter og løpshastigheit for nokon idrettsutøvarar skapar spørsmål. Idretten vår er basert på tre verdiar – Inkluderande, berekraftig og etisk. Det er skapt tvil om at nokon av våre grunnleggande verdiar vart ignorert av nokon av idrettsutøvarar, skriv president Brian Porteous.

Mistenkelege resultat

31 år gamle Shuangyan Hao hadde ein sjetteplass frå 2009 som sitt beste resultat i verdscupen. Onsdag slo ho heile verdseliten, inkludert årets doble verdsmeister Tove Alexandersson, og sørga for Kinas første verdscupsiger nokosinne.

24 år gamle Li Zhouye vart nummer 59 under VM i Østfold tidlegare i år. Hans beste plassering i verdscupen kom på sprinten i Sveits i september, der han vart nummer 93. Denne veka vart han nummer tre på heimebane og snytte Gaute Hallan Steiwer frå ein plass på pallen.

Anne M Hausken Nordberg.

REAGERTE: – Du har mye mer å tjene på å vite om løypa enn å dope deg. Så ekstremt er det, sa orienteringsløper Anne Margrethe Hausken Nordberg til NRK da jukset i militær-VM ble avslørt»

Foto: Ulf Palm / NTB scanpix

– Det er lov å tru at dei har førebudd seg på lovleg vis, og at det har skjedd utan juks. Men mykje tilseier at det har dei ikkje gjort, seier nordmannen.

Og han får støtte av den norske verdsmeisteren Olav Lundanes.

– Ut frå resultatlistene så er det mistenkeleg, men det er sjølvsagt vanskeleg å finne bevis.

Skandale

For IOF har det å spreie orienteringssporten i Kina vore eit prestisjeprosjekt som dei har lagt ned mykje pengar i, men det heile er no i ferd med å utvikle seg til eit mareritt.

Det heile starta under militær-VM sist helg. Den ukjende kinesiske Li Meizhen sprang inn og vann konkurransane seks minutt føre ein rekke av dei beste løparane i verda.

Eit omfattande juks med hemmeleg stiar som berre kinesarane visste om og hjelp frå folk i løypa vart avslørt.

IOF var tidleg ute og fordømde det som skjedde. Denne veka skulle dei sjølv arrangere verdscupfinale i Kina.

– Einaste kinesarane no kan gjere er at dei kan syne for verda at dei klarar å få til dei same prestasjonar også utanfor Kina, seier Hallan Steiwer

Sterke reaksjonar

Også på sosiale medium har dei oppsiktsvekkande resultata skapt reaksjonar.

Ivar Lundanes, som er bror til verdsmeister Olav, syner på sin twitter-konto til eit klipp frå TV-sendinga, der ein av dei kinesiske løparane suser av garde tilsynelatande heilt utan å sjå på kartet.

Laster Twitter-innhold

«Tåpeleg franskmann kastar bort tida på å lese kartet. Vi, dei vestlege orienteringsløparane, må lære av dei no overlegne kinesarane. Berre løp!»

Innlegget kommenterast av ein annan kjent trenar, Mikhail Vinogradov:

«Ikkje vær sjalu! Kanskje ho memorerte heile kartet i eit par sekund, som ein superspion».

Matthias Kyburz, som vann militær-VM og vart nummer fem på sprinten i verdscupen, gir også uttrykk for sin frustrasjon på Facebook:

Eg føler meg framleis sint og hjelpelaus over at dette skjer framfor augo mine. Eg har ikkje nokon klare bevis for deira juks, men eg veit kor mykje krefter som er nødvendige for å nå toppen i orientering.

Meir effektivt enn doping

Og sjølv om reglane er strenge er det absolutt mogeleg å jukse i idretten.

VM i orientering: Stafett

SNAKKIS: Gaute Hallan Steiwer gjorde si beste plassering i ein verdscupfinale med fjerdeplass, men lét seg overraske over å ha blitt slått av ein totalt ukjent kinesisk utøvar.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Å jukse er ti gonger meir effektiv enn doping. I orientering er det nok enklare å jukse enn i mange andre idrettar, og veldig vanskeleg å kontrollere, seier Hallan Steiwer.

Generalsekretær Tom Hollowell skriv på IOF sine nettsider at dei var klar over at det også kunne blir spekulasjoner etter det som skjedde i millitær-VM.

– Så langt har vi ingen bevis på at juks har forekomme. Vi fekk ikkje inn nokon klager eller protestar på resultata.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal