Hopp til innhold

Forbund med skryt etter orienteringsjukset: – Hårreisande

Først vart dei kinesiske orienteringsløparane i militær-VM i Kina diska etter å ha juksa til seg sigeren. No går det internasjonale militære idrettsforbundet (CISM) ut og skryt av arrangøren og nektar for at det har vore nokon skandale.

VM i orientering.

ILLE: Verdsmeister i orientering Olav Lundanes er ein av fleire som reagerer på måten jukset i militær-VM er blitt handsama på.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

– Det er hårreisande at dei gjere dette. Vi tar sterk avstand frå all juks, men der er tydelegvis ikkje rutinar for beklagelse i CISM, seier generalsekretær i Norsk Orientering, Lasse Arnesen.

Han understrekar at dette er hans personlege meining og at saka førebels ikkje har vore diskutert i styret.

For det vakte mildt sagt oppsikt i militær-VM, då den ukjende kinesiske orienteringsløparen Li Meizhen sprang inn og vann konkurransane seks minutt føre ein rekke av dei beste orienteringsløparane i verda.

Lasse Arnesen

HÅRREISANDE: Generalsekretær Lasse Arnesen i Norsk Orientering seier han tek sterk avstand frå det som skjedde under militær-VM i Kina.

Foto: Norsk Orientering / Foto

Kort tid etterpå vart det derimot avslørt at Meizhen og fleire av dei andre kinesiske løparane hadde fått hjelp både av tilskodarar og at det var hemmelege stiar som berre kinesarane visste om.

Fleire land protesterte og løparane vart etter kvart strokne frå lista og utestengt av meisterskapet.

Men no har det internasjonale militære forbundet (CISM) sendt ut ei pressemelding der dei tek avstand frå dei som har kritisert arrangøren og det som har skjedd:

Skjermbilete frå nettstaden til CISM
Foto: Skjerbilete frå nettsida til CISM

«CISM tek avstand frå slike kommentarar og er totalt usamd i utsegnene som er gjort i ulike pressemeldingar. Desse rykta må ikkje sverte inntrykket av leikane som so langt har skjedd på ein utmerka måte takka vere Kinas frigjeringshær, som organiserer det 7. CISM-VM og alle dei offisielle representantane til CISM».

– Like ille som Russland i OL

Det får den norske verdsmeisteren i orientering, Olav Lundanes, til å lange ut mot arrangøren og han tek eit kraftig oppgjer med CISM på Facebooksida Oreineteering Memes.

– Etter mi meining er dette like ille som Russland under Sotsji-OL.

Han skriv vidare at Det internasjonale orienteringsforbundet (IOF), som ikkje har ein rolle i dette arrangementet, uansett bør avlyse alle sine planlagde meisterskap i Kina dei neste tre åra. Samtidig slutte og snakke om at «Kina er orienteringa si framtid»

Også hans bror Ivar Lundanes, som er noregsmeister i orientering, gir arrangøren av militær-VM det glatte lag på Twitter.

Laster Twitter-innhold

NRK sin ekspert på orientering, Kjetil Bjørlo, forstår lite av pressemeldinga som er sendt ut.

– Det er ei veldig rar utvikling av saka. For meg ser det ut som dette er ein manøver frå det militære forbundet om å tekke arrangøren og på ein måte glatte over det og redde ansiktet deira.

Trekk seg frå avtale med CISM

Sjølv om Det internasjonale orienteringsforbundet ikkje har noko med dette arrangementet å gjere, så skjer det på eit svært uheldig tidspunkt.

Dei har nemleg lenge jobba for at orienteringssporten skal vekse i Kina, og denne helga skal dei sjølv arrangere det første verdscuprennet i orientering, nettopp i Kina.

– Det er jo berre trist. Når vi endeleg inviterer Kina inn i idretten, så får vi dette skandalemeisterskapet helga før i same land, seier Arnesen.

 Kjetil Bjørlo

KRITISK: NRK-ekspert Kjetil Bjørlo reagerer sterkt på at forbundet forsøker å glatte over jukset i militær-VM.

Foto: NRK

IOF har på møtet denne helga sendt saka over til sitt eige etiske råd som skal vurdere sanksjonar mot dei kinesiske utøvarane. Samtidig frys dei avtalen som er underskriven mellom IOF og CISM til vidare etterforsking er fullført.

Bjørlo meiner at denne skandale uansett må ryddast opp i.

– Eg meiner dei bør følgje denne saka vidare for å vareta truverda til orientering, i alle fall som ein militær idrett, seier Bjørlo oppgitt.

NRK har ikkje lykkast i å få nokon kommentar frå CISM.

Siste nytt

  • Opprykk til A-VM for paralandslaget

    Fredag kveld sikret Norges paralandslag i hockey opprykk til A-VM etter å ha knust Sverige 3-0.

    Lørdag har Norge mulighet til å sikre gull i B-VM når de møter Tyskland til finale. Kampen spilles i Skien Fritidspark.

  • Verstappen vant i Kina – Hamilton med sterk andreplass

    Red Bulls tredoble verdensmester Max Verstappen vant Formel 1-sesongens første sprintløp i Kinas Grand Prix på lørdag.

    Den nederlandske 26-åringen slo Mercedes' Lewis Hamilton med 13,043 sekunder i det 19 runder lange løpet på Shanghai International Circuit og økte ledelsen i mesterskapet foran lagkamerat Sergio Perez, som endte på tredjeplass.

    Ferraris Charles Leclerc og Carlos Sainz ble nummer fire og fem.

    McLarens Lando Norris hadde beste startposisjon, men endte på sjetteplass. Teamkollega Oscar Piastri ble nummer sju og Mercedes' George Russell ble nummer åtte.

    (NTB)

    Chinese Grand Prix
    Foto: Edgar Su / Reuters
  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal