Splitter nye skibriller, hjelm og anna fancy utstyr kom i posten. Då Tjäder opna pakken heime i Sverige, lyste det norske flagget på hjelmen mot han.
Det blei kjapt publisert i sosiale medium, og både lagkameratar og konkurrentar fekk med seg bommerten.
Heldigvis hadde Tjäder eit svensk klistremerke i skuffen, som han no har festa over.
Det meiner Christian Nummedal at han ikkje burde ha gjort.
– Eg tykkjer han bør køyre med det norske flagget. Det er Noreg som har fått han opp og fram. Eg får snike meg inn i den svenske leiren og rive det av, seier Nummedal til NRK.
BESTEMT: Christian Nummedal.
Foto: Jacques Boissinot / APSvensken kjenner på det same, men han tør ikkje.
Forvirring og sure miner
Tjäder er ein av hovudpersonane i skifilmane frå norske Field Productions. Øystein Bråten, som no har pensjonert seg frå det norske landslaget, er ein anna.
Nummedal meiner Noreg har æra for at Tjäder blei kjent i skimiljøet, og at det dermed er på sin plass at det norske flagget blir vist under OL.
– Eg tenkte det hadde vore ein kul greie, men dess meir eg tenkte på det, så kom eg på kva svenskane ville tenkt om eg køyrde med eit norsk flagg, seier Tjäder til NRK.
UHELDIG: Utstyret som kom i posten.
Foto: PRIVATDette er det tredje OL-et Tjäder deltek i. Han har aldri komme seg til ein finale før, og det er det store målet denne gongen.
– Kva trur du svenskane ville tenkt om du køyrde inn til gull med norsk flagg?
– Det var det eg var litt redd for. Om eg hadde tatt gull med norsk flagg i panna, då hadde det nok blitt forvirring og sure miner. Eg vil ikkje ta den risikoen, seier Tjäder.
Planen er å køyre med det eit svensk flagg-klistremerke over. OL-arenaen er utsett for ganske mykje vind, men Tjäder har reserveplanen klar om han ikkje vågar å ta sjansen.
– Du er ikkje redd for at klistremerket skal fly av?
– Eg er litt uroleg for at det skal losne. Heldigvis har eg eit hjelmkamera eg køyrer på trening med, og det kan eg bruke i konkurransen også, seier Tjäder.
FØREBUING: Jesper Tjäder under første treningsdag på arenaen i Beijing. Her har han festa hjelmkameraet føre det norske flagget.
MEDALJEFAVORITT: Tjäder ramser opp Sverige, Noreg, USA og Canada som nasjonar til å ta gull under Big Air.
KLAR: Måndag går kvalifiseringa av stabelen.
Treng ikkje ein svenske
Friski-miljøet er lite og tett. Nasjonane er som ein stor familie, og det meiner Johanne Killi er det beste med idretten.
Birk Ruud tykte det var artig at Tjäder fekk ein «norsk» hjelm.
MEDALJEHÅP: Birk Ruud.
Foto: Geir Olsen / NTB– Det er morosamt at han fekk ein hjelm med norsk flagg. Sponsoren er jo norsk, så eg forstår at dei vil reklamere for det, seier Ruud.
Dei norske og svenske utøvarane er nære, men Noregs store medaljehåp vil ikkje ha noko av at Tjäder stiller opp med norsk flagg.
– Vi har så mange gode norske utøvarar, at vi treng ikkje ein svenske. Om det er lov å seie. Vi bør klare oss utan, vi treng ikkje å jukse, seier Ruud offensivt.
Ferdinand Dahl er ikkje einig med lagkameraten. Han hylla den norske hjelmen.
TYPE: Ferdinand Dahl, med riktig flagg på hjelmen.
Foto: MARTIN BUREAU / AFP– Yes, please! Eg diggar Jesper, han er ein knakandes fin fyr. Det er heilt rått og berre morosamt, seier Dahl.
Tjäder er ikkje framand for at eit norsk flagg kan dukke opp på hjelmen i nær framtid.
– Noreg betyr mykje for meg og skikarrieren min. Eg får ta det ein anna gong. Berre ikkje i OL, avsluttar han.